Hopp til innhold

Northug om FIS-avgrensingar: – Trur ikkje det let seg gjennomføre

– FIS hadde neppe tenkt på å avgrense den norske dominansen om vi ikkje hadde prestert. Det må vi berre ta med ei klype salt, seier Petter Northug.

Intervju med Petter Northug. Reporter: Morten Stenberg.

– Eg trur ikkje det let seg gjennomføre å avgrense den norske dominansen slik FIS vurderer, seier Petter Northug

Sjå langrenn frå Davos laurdag kl 11.05 og 13.20.

Northug kommenterer FIS' forsøk på å legge band på den enorme norske langrennsdominansen som har prega opninga av verdscupen i år. Mellom anna skal det vurderast avgrensningar av pengebruken til kvart landslag.

– Eg har ikkje tenkt så mykje over det. Men eg trur ikkje det let seg gjennomføre, rett og slett, seier Northug til NRK.

Han støttar dermed landslagssjef Vidar Løfshus .

– Aldri vore på eit så godt lag

Heller ikkje Marit Bjørgen har serleg mykje til overs for FIS-forslaget.

Det er klart at det er ein fordel med fleire nasjonar i tetkampen. Men vi kan ikkje gjere jobben for andre. I alle dei 15 åra eg har vore på landslaget, har eg aldri vore med på eit så godt lag. Vi har ein enorm kvaliet på treningane. Alle gjer ein kjempejobb, og spesielt har gutane hatt store framsteg det siste året, seier Bjørgen.

Petter Northug

Petter Northug knuste alle i Davos for tre år sidan. – Då gjekk eg styggfort. Men då var utgangspunktet eit heilt anna, seier han

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Løparane er i Davos for å gå verdscupløp denne helga. Der vann Northug klart for tre år sidan. I år er utgangspunktet eit heilt anna. No er toppform i VM det einaste som gjeld.

– Går ikkje fort før i VM

– Den gongen hadde eg trent lite i september, oktober og november. Då hadde eg stort overskot og gjekk fort tidleg i sesongen, og gjekk nesten ikkje skirenn etter jul. No er det VM som gjeld, og det går ikkje før i slutten av februar.

– Kjem vi til å sjå deg gå fort før VM?

– Nei, er Northugs klare svar

Han prioriterer VM, og det som skjer før det, er mindre interessant.

Laurdag skal han gå 15 kilometer i Davos.

– Der håpar eg å kome inn på topp 10, seier Northug.

Godt i rute

Sjølv om han ikkje har dei heilt store forhåpningane der, er han godt i rute for dei viktige renna i sesongen, meiner han sjølv. Han er der han vil vere på denne tida.

– Det kan fort bli tre nordmenn på pallen likevel laurdag. Det er mange som er i form.

– Men det kan også bli endringar frå dei første renna. No er vi oppe i mellomhøgda, seier Northug.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Østrøm ble cupmester med Silkeborg – fikk et kort innhopp i finalen

    Robin Østrøm kom inn helt på tampen da Silkeborg ble dansk cupmester for annen gang med 1-0-seier over AGF i finalen.

    Parken i København var fullsatt da de to jyllandsklubbene møttes til finale. Det var anslagsvis 22.000 AGF-tilhengere mot 12.000 Silkeborg-tilhengere, men de sistnevnte fikk mest å juble for.

    Østrøm har spilt aldersbestemte landskamper for både Danmark og Norge, men 21-åringen er nå U21-landslagsspiller for Norge.

    (NTB)

    Robin Østrøm
    Foto: BILDBYRÅN
  • Rasmussen ble belgisk cupmester

    Mathias Rasmussen kunne sammen med sine lagkamerater i Union Saint-Gilloise juble for en svært etterlengtet tittel i den belgiske cupen.

    Japanske Koki Machidas scoring på overtid i første omgang ble den eneste i finalen mot Royal Antwerp.

    Union Saint-Gilloise har 11 seriemesterskap og to cuptitler fra før, men forrige seriegull kom i 1935 og den forrige cupseieren i 1914. (NTB)

    R-qRhvQEQVk
    Foto: NTB
  • Spansk bruddseier i Giroen

    Pelayo Sánchez tråkket først over målstreken på Giro d'Italias 6. etappe. Han var blant torsdagens utbrytere.

    Den spanske Movistar-rytteren vant foran Julian Alaphilippe og Luke Plapp.

    Trioen var alene i føringen i sluttfasen av den kuperte etappen. Tidligere på dagen var det sju syklister i bruddet. (NTB)

    K7QkCKHN1QA
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal