– Viss det fungerer greitt i vinter fram mot neste sesong, så skal eg gjere det endå meir spesifikt. Då kan eg vere med å leike med dei største gutane, seier Petter Northug til NRK.
Under Toppidrettsveka slo han mellom anna Johannes Høsflot Klæbo og Erik Valnes på 54-kilometeren. Snautt tre minutt etter Max Novak gjekk inn til siger på Hitra, staka Northug seg over målstreken til ein 38.-plass.
Strikken rauk den siste mila, men den tidlegare skikongen var likevel meir enn seks minutt nærare teten enn i fjor.
– Det gjekk litt betre i år, flirer Northug – og held fram:
– Eg tok det litt med ro på slutten då eg var åleine. Eg klarte å bite meg fast til den siste baken, men eg har for dårleg kapasitet og då blir det brutalt på siste bakken.
– Eg har «punchen»
No meiner han at det er tre–fire månader med spesifikk trening som må til for å tette luka til stake-eliten i verda. Han skal gi det eit forsøk.
– Eg skal trene ein del. Og så trenar eg med Petter Skinstad, så vi har sett av ein månad til samling i oktober til november. Eg håpar å få trena bra då og løfta kapasiteten litt. Det er det eg treng, seier Northug, før han fortel kva som krevst:
– Eg har «punchen» i staking, men eg må bli litt meir gjennomtrent. Då blir eg ekkel å ha med å gjere, seier Northug.
Northug rakk ein tur innom McDonald's før han reiste vidare til det 48 kilometer lange Alliansloppet i Sverige. Med seg på vegen fekk han eit par rosande ord frå NRK-ekspert Torgeir Bjørn.
– Det skal ikkje så mykje til å imponere dei kommentatorane der. Når du nærare deg 40 år får du skryt berre du tek på deg startnummer. Eg prøvde å komme meg fram på letterrenget og brukte mykje krefter undervegs. Siste ti så rauk strikken.
– Kva er det store målet?
– Det store målet er å halde magen inne og halde seg i form. Vere med og ha startnummer på brystet.
I Alliansloppet enda han som nummer 22, berre 12 sekund bak vinnar Calle Halfvarsson.
No trur langløpar Anders Aukland at Northug kan segle opp som ein reell favoritt i visse langløp allereie kommande vinter.
Tett oppe blant verdseliten
Anders Aukland satsar sjølv på langløp, og jublar over at Northug no gjer eit comeback i skisporet.
– Det er ein suksess allereie. Eg har alltid ønskt at han skulle satse ordentleg på langløp, seier Aukland til NRK.
Han har absolutt tru på at Northugs plan om å bli meir gjennomtrent kan bere frukter.
– Ja, så absolutt. Trening er ferskvare. Han er framleis ung, og det er ikkje mange år sidan han var verdas beste. Med eit halvt år med veldig seriøs trening, så kan han kjempe om sigeren i enkelte renn, seier han.
Aukland har derimot ikkje tru på at Northug kan vinne alle slags langløp.
– Han vil nok slite i dei tyngste renna, som Birken og dei med motbakkar. Men i slakare renn, som Vasaloppet, så kan han verkeleg bli ein kandidat til sigeren, seier han.
– Kvifor ikkje i alle?
– Han manglar turbo og kapasitet, men han har fart og staking, og det er mykje av det langløpet handlar om. Folk kan le av Northug og det han har gjort på rulleski, men sanninga er at han er tett oppe blant verdseliten i delar av langrennet, som staking, seier Aukland og held fram:
– Eg er imponert, eg.