Hopp til innhold

Norske stjerner med kniven på strupen – nå kan EM-skjebnen avgjerast

Denne veka stiller fem norske friidrettsprofilar til start på ein 5000 meter i Stockholm. Ekspert Vebjørn Rodal trur løpet kan avgjere kven som får EM-billett på distansen.

Friidretts-VM 2023: Dag 6

KAMP OM EM-PLASS: Henrik Ingebrigtsen (venstre) har klart EM-kravet på 5000 meter, mens Magnus Tuv Myhre (høgre) får sjansen til å klare det når dei og fleire andre norske profilar spring i Stockholm.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– EM går jo allereie tidleg i juni, så det er jo ikkje så mange sjansar. Det begynner å likne på eit reint EM-uttak.

Det seier Vebjørn Rodal, friidrettsekspert i NRK, når han ser startlista på 5000 meter i den svenske hovudstaden onsdag.

Vebjørn Rodal

EKSPERT: Vebjørn Rodal.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen / NRK

Her møter nemleg Henrik Ingebrigtsen norske profilar som Magnus Tuv Myhre, Awet Nftalem Kibrab og Abdullahi Dahir Rabi.

Tidligare sto også Per Svela og Filip Ingebrigtsen på startlista, men dei har bestemt seg for å ikkje springe i Stockholm.

Som regjerande europameister på 5000 meter har Jakob Ingebrigtsen friplass i EM. I tillegg kan Noreg stille med maksimalt tre løparar til på distansen.

Truleg blir Narve Gilje Nordås å sjå på startstreken, men forutan Ingebrigtsens friplass, er ingen av dei andre EM-billettane delt ut.

Ein del av grunnen, som NRK har skrive tidlegare, er at seks løparar – Jakob Ingebrigtsen inkludert – har klart EM-kravet på 13.20,00 minutt.

– Det bør vere temmeleg mykje klarare etter dette. Det kan komme eitt eller to løp som dei rekk innan fristen, men ein veit i alle fall veldig mykje meir etter det løpet der, gjentar Rodal om løpet i Stockholm.

Fristen for å kvalifisere seg til EM er 26. mai. Uttaket må vere klart tidleg 30. mai.

Stor spenning rundt storebror Ingebrigtsen

Rodal er spent på kva veteran Henrik Ingebrigtsen får til i sesongdebuten, med kniven på strupen kort tid før meisterskapen.

– Eg gleder meg til å springe og er spent på korleis kroppen kjennest ut når eg får startnummer på brystet, seier Henrik Ingebrigtsen til NRK.

33-åringen tok EM-sølv bak veslebror Jakob på 5000 meter tilbake i 2018 og blei nummer 13 i VM-finalen på same distanse året etter. Storebror Ingebrigtsen har ikkje vore i ein internasjonal meisterskapsfinale sidan det.

Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen

MOGLEG REPRISE: I VM-finalen på 5000 meter i 2019 løp Jakob (nummer tre frå venstre), Filip (nummer fem frå venstre) og Henrik Ingebrigtsen (nummer sju frå venstre). I EM kan ein igjen få sjå dei på same distanse.

Foto: NTB

– Henrik kan jo sjølvsagt vere der, han òg. Eg tenker at han på eit eller anna tidspunkt må begynne å vere «over the top», men samtidig veit vi at vi skal aldri skal avskrive han heller, seier Rodal og fortset:

– Han har jo ikkje vist seg fram på lenge. Eg er litt spent på Henrik og Filip, om dei kjem tilbake der dei har vore.

Les også Ingen EM-garantiar for Nordås og Svela – ellevill kamp om plassane

Friidretts-VM 2023: Pressetreff

Slokvik: – Eitt av dei viktige løpa denne månaden

Det er Erlend Slokvik, sportssjef i friidrettsforbundet, har eit vanvitig luksusproblem før EM. Han har siste ord når laget skal takast ut og har formidla til utøvarane at tider sett i 2024 blir vurderte over prestasjonar i 2023.

Bislett Night of Highlights på Bislett

SPORTSSJEF: Erlend Slokvik styrer uttaksprosessen frå forbundets side.

Foto: Lise Åserud / NTB

Han avviser likevel at 5000-meteren i Stockholm blir eit reint EM-uttak.

– Vi skal sjå på prestasjonane fram til fristen går ut, seier Slokvik til NRK.

– Men det blir viktig med tanke på at dei måler krefter direkte opp mot kvarandre?

– Ja, det blir ein del av vurderinga. Stockholm blir eitt av dei viktige løpa denne månaden, svarer toppidrettssjefen.

– Kven ligg best an bak Jakob Ingebrigtsen?

– Narve ser jo veldig bra ut. Utan om det vil eg ikkje seie så mykje, svarer Slokvik.

Nordås skal etter planen springe 3000 meter i Trond Mohn Games 22. mai for å vise distanseform inn mot EM-uttaket.

Kibrab, Tuv Myhre, Svela

SKAL I AKSJON: Startfeltet i Stockholm blir sterkt prega av dei norske løparane. Blant dei som står på startlista er Awet Nftalem Kibrab (nummer tre frå venstre), Magnus Tuv Myhre (nummer to frå venstre) og Per Svela (nummer éin frå venstre). Her frå NM i fjor, der Tuv Myhre vann føre Kibrab og Svela. I front: Senay Fissehatsion.

Foto: BILDBYRÅN NORWAY

Får tøff konkurranse

Stemnet er berre på nivå fem i friidrettspyramiden, bak Diamond League og gull-, sølv- og bronsestemna, men har likevel ei nærast oppsiktsvekkande god startliste. Rodal trur sigeren vil stå mellom svenske Andreas Almgren og amerikanske Paul Chelimo.

Almgren har ein personleg rekord som er såpass sterk som 13.01,70 frå 2022, men har ikkje klart verken EM-kravet eller OL-kravet på 13.05,00 foreløpig.

Les meir om Almgren her:

Athletics Diamond League Bauhausgalan

Takker Ingebrigtsen etter eventyrlig suksess: – Reddet karrieren min

Chelimo jaktar også på OL-kravet etter ei skuffande avslutning på fjorårssesongen. 33-åringen står med OL-sølv frå 2016, OL-bronse i 2021 og VM-bronse i 2017 som høgdepunkta i ei innhaldsrik karriere på 5000 meter.

Dermed ligg mykje til rette for at det kan bli sett fart i Stockholm, der det i fjor blei norsk suksess med siger til Kibrab på 13.18,59 framfor Tuv Myhre, og med Rabi og Svela som nummer fire og seks.

– Eg trur det blir tøft for dei norske å vinne, men dei kjem til å vere med og kjempe, seier Rodal om løpet på onsdag.

PS! Tuv Myhre, Henrik Ingebrigtsen, Kibrab og Svela skal etter planen alle springe 5000 meter på Bislett 30. mai, men startskotet der går nokre timar etter at EM-troppen må vere meld inn.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal