Hopp til innhold

Norske Brandvold tapte Stanley Cup-finalen

Kim Brandvold (37) er teknikk- og skøytetrenar for Boston Bruins. I natt tapte dei finalen mot St. Louis Blues.

Kim Brandvold er skøyte- og teknikktrener i Boston Bruins

KUNNE VINNE STANLEY CUP: Kim Brandvold er skøyte- og teknikktrenar i Boston Bruins, natt til torsdag spelte dei den avgjerande finalekampen i Stanley Cup.

Foto: Privat / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

I natt sikra St. Louis Blues seg sitt fyrste Stanley Cup-trofé etter at dei slo Boston Bruins 4–1 i den avgjerande sjuande kampen i finaleserien.

Hos finaletaparane var det ein nordmann på benken. Kim Brandvold er nemleg skøyte- og teknikktrenar i NHL-klubben Boston Bruins.

Roy Kvatningen, som driv hockeynettstaden nitten.no og følger NHL tett, beskriv Brandvoll si rolle som «den viktigaste for spelarane i moderne ishockey».

Roy Kvatningen

UTBREIDD: Veldig mange enkeltutøverar brukar privat skøytetrenar utanom sesong, fortel Roy Kvatningen.

Foto: Håvard Hagen / NRK

– Tempoet i ishockey er i dag så mykje høgare enn det var berre for nokre få år sidan. Er du ikkje rask vil du ha store problem med å få spele i NHL, og i vert fall med å markere deg såpass at du kan legge deg opp litt pengar, seier Kvatningen til NRK.

Ein audmjuk Brandvold er ueinig i at hans rolle kan beskrivast som den viktigaste.

– Mi rolle er heilt klart ikkje den viktigaste, men det er ei rolle som heilt klart blir meir og meir populær i dei fleste lag rundt om i ligaen, og som blir prioritert på grunn av aukande krav til individuelle ferdigheiter i sporten generelt.

Valde vekk spelarkarriere

Som ung var 37-åringen sjølv aktiv ishockeyspelar. Han står med kampar for Norges juniorlandslag, både på U18-nivå og U20-nivå.

Etter fem år som spelar i USA, fire av dei på universitetsnivå og eitt av dei som proff i Central Hockey League, skjønte han at han aldri ville nå toppen som ishockeyspelar.

Da valde han å legge opp og heller satse på ein trenarkarriere.

David Pastrnak og Brad Marchand

STJERNEDUO: På treningsfeltet jobbar Brandvold med superstjerner som David Pastrnak og Brad Marchand.

Foto: Jeff Curry / Reuters

Sidan 2016 har han vore fast tilsett i Boston Bruins. Der jobbar han også med farmarlaget Providence Bruins.

Han fortel at ein vanleg dag på jobben går ut på å hjelpe spelarane med detaljar som ofte blir oversett.

– Hovuddelen består av individuell trening på isen, men eg hjelper også til med personleg utvikling med individuelle ting som ein ser på video, seier Brandvold om jobben.

Venta eit stort trykk

Før den viktige kampen i natt vedgjekk trenaren at han kjende seg bra, men at han nok kom til å kjenne på nervane når det nærma seg kampstart i Boston.

Han sa at heile klubben er stolt av det dei har prestert denne sesongen.

– Alle i klubben håpar sjølvsagt at det går vegen. Stemninga i byen er veldig god, og det blir nok eit utruleg trykk i hallen, fortalde Brandvold.

2019 NHL Stanley Cup Final - Game Five

BRUINS HADDE HEIMEBANEFORDEL: Den avgjerande finalekampen blei spelt i Boston.

Foto: Bruce Bennett / AFP

Det gjekk ikkje som nordmannen håpa. Bruins var det førande laget i fyrste periode, men St. Louis var mest effektive. Ryan O'Reilly scora etter 16 spelte minuttar og Alex Pietrangelo la på til 2–0 tre minuttar seinare.

Etter ein mållaus andreperiode avgjorde bortelaget i tredje, med scoringar frå Brayden Schenn og Zach Sanford. Matt Grzelcyks sikra eit trøystemål for Bruins, men det var Missouri-laget St. Louis som kunne heve troféet for aller fyrste gong.

Alex Pietrangelo

VINNERAR: Alex Pietrangelo, og St. Louis Blues kunne juble då klubben vann Stanley Cup for fyrste gong i natt.

Foto: BRUCE BENNETT / AFP

Siste nytt

  • Norge medarrangør av VM 2031 for menn

    Det internasjonale håndballforbundet (IHF) har tildelt håndball-VM for menn til Norge, Danmark og Island. Vertskapsbyer er ikke klart.

    – Det blir et mesterskap hvor vi viser fram bredden i nordisk håndball, kultur og folkeliv. Danmark har vi samarbeidet med flere ganger allerede, mens det blir spennende å utvikle vennskapet med Island på nye måter. Vi gleder oss, sier Norges håndballpresident Kåre Geir Lio.

    Norge er også medarrangør av VM i 2025 for menn. Mesterskapet da skal da arrangeres sammen med Danmark og Kroatia, med finale i Telenor Arena.

    EM i 2026 for menn skal også spilles i Norge, da med Danmark og Sverige som medarrangør.

    I tillegg skal EM i 2028 for kvinner spilles i Norge, Danmark og Sverige.

    EHF 2024 Mens European Handball Championship Main Round Norway v Portugal
    Foto: CATHRIN MUELLER / Reuters
  • Tidligere Liverpool-spiller suspendert av eget lag

    Naby Keïtas tid i Liverpool ble preget av skader og midtbanespilleren har heller ikke blitt en suksess i Werder Bremen denne sesongen. Keïta var ikke i troppen da Werder Bremen tapte 0-5 mot Bayer Leverkusen søndag og nå er han suspendert ut sesongen.

    Ifølge sportsdirektør Clemen Fritz droppet Keïta å bli med i lagbussen da han fikk vite at han var tiltenkt en plass på benken i søndagens kamp.

    Keïta har selv avvist at det er tilfellet, men tirsdag har Werder Bremen likevel altså valgt å suspendere ham.

    – Nabys oppførsel kan ikke tolereres av oss som klubb. Han sviktet laget og satte seg selv foran laget. Det kan vi ikke tillate, sier Fritz.

    Werder Bremen har ilagt Keïta en bot og han får verken trene med laget eller tilbringe tid i lagets garderobe fremover.

    Keita
    Foto: AP
  • Martin Ødegaard tilbake på trening før storkampen mot Bayern München

    Arsenal-kaptein Martin Ødegaard var sammen med resten av laget som forbereder seg til kvartfinalen i Champions League mot Bayern München.

    Det opplyser Sky Sports.

    Ødegaard tuslet av banen etter 77 minutter mot Aston Villa i helgen.

    – Han hadde et problem med beinet, det er årsaken (til at han ble tatt av), sa Arsenal-sjef Arteta, ifølge BBC.

    Onsdag kveld møtes Bayern München og Arsenal. Det første oppgjøret endte 2-2 i London. (NTB)

    Ødegaard
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal