Hopp til innhold

Norsk utval i møte med VM-sjefen: Vil ha alle fakta på bordet

Qatar-utvalet gjennomførte måndag eit digitalt videomøte med Hassan Al Thawadi, sjefen for det komande verdsmeisterskapet, for å finne svar før det ekstraordinære tinget i juni.

Hassan Al Thawadi

VM-SJEFEN: Hassan Al Thawadi stilte opp på møtet med Noreg sitt Qatar-utval.

Foto: AFP

Og skal vi tru Svein Mollekleiv, leiar for utvalet, var det til god hjelp for å finne ut kva tilrådingar dei skal gi Noregs fotballforbund med omsyn til det omstridde meisterskapet.

– Vi kjem til å peike på nokre verkemiddel, der eitt av dei er boikott. Vi kjem til å presentere argument for og mot, og gi nokre tilrådingar til tinget, seier han.

Kva den endelege tilrådinga blir, får ein vite 14. mai.

– Vi er midt i eit utfordrande arbeid med å finne fakta, og kva som er utfordringane i samband med VM. Det er krevjande å få alle fakta på bordet. Men det er mogleg, seier Mollekleiv til NRK.

Sven Mollekleiv

SØKJER SVAR: Sven Mollekleiv.

Foto: Geir Olsen / NTB

Sjølve innstillinga skal vere klar til det ekstraordinære tinget 20. juni.

Seier at omstridd system er avskaffa

Al Thawadi fekk spørsmål om kva som har skjedd med menneskerettane og arbeidstakarane sidan dette blei sett på agendaen, og om samspelet mellom FIFA og Qatar.

– Han meiner at dei sjølve tidleg tok initiativ for å rette på dette, og at endringar har skjedd. Dei meiner også at dei har ei forpliktande plan for oppfølging. Vi ser at kafala-systemet er avskaffa, seier Mollekleiv.

OwQGalIdDyc

SJEF: Hassan Al Thawadi, her saman med Zinedine Zidane.

Foto: KARIM JAAFAR / Afp

Det er eit system som inneber at arbeidsgivaren har full kontroll over all utanlandsk arbeidskraft, mellom anna ved å inndra passa deira.

Qatar har også forplikta seg til å innføre minsteløn, og til betre tryggleik på arbeidsplassane.

Mollekleiv fortel av både internasjonale arbeidsorganisasjonar og FN er blant dei som utvalet har kontakta for å få informasjon. Og fotballen sjølv.

– Eg vil skryte av både kvinnelandslaget og herrelandslaget for å ha sett menneskerettane i Qatar på dagsordenen. Det blir lagt merke til i FIFA, I Qatar og over heile verda, seier Mollekleiv.

Noreg fekk følgje av Tyskland, Danmark og Nederland i trøye-markeringar.

Klubbar og supportarar for boikott

Etter initiativ frå Tromsø IL og Tom Høgli har ei rekke norske klubbar og supporterklubbar gått inn for norsk boikott av VM i Qatar.

Tom Høgli

STARTEN: Tromsøs Tom Høgli sette i gang snøballen som enda med ekstraordinært fotballting for å vurdere norsk VM-boikott.

Foto: Solum / NTB scanpix

Dette blei gjort etter ein reportasje i The Guardian i januar, der det kom fram at 6500 arbeidarar har mista livet i arbeidsulykker sidan 2010, då Qatar fekk tildelt meisterskapet. Det verkelege talet er truleg endå høgare, ettersom arbeidarar frå Filippinane og Kenya ikkje er med.

Det svenske fotballforbundet sende i førre veke eit brev til FIFA der dei kravde at organisasjonen brukar si kraft på å få betra arbeidstilhøva til sine utanlandske arbeidarar på VM-anlegga, og det raskt. Dei krev møte med FIFA om saka. NFF sa etterpå at dei vil ta det opp på ein tilsvarande måte.

Amnesty International sende i mars også ei melding til FIFA der dei ber organisasjonen bruke makta si for å rydde opp.

Amnesty: Breitt internasjonalt press

Dei peikar på at 95 prosent av arbeidsstyrken som er nødvendig for å få VM i hamn, er utanlandske. Dei fleste er frå India, Pakistan, Sri Lanka, Nepal og Bangladesh.

– Vi er glade for det, men vi meiner det ikkje er nok, meiner SvFF. Både i 2016 og i 2019 tok dei nordiske fotballforbunda samla opp arbeidstilhøva med styremaktene i Qatar.

Fotballmagasinet Josimar skreiv nyleg at NFF meiner dei heile tida har vore kritiske til VM i Qatar. Josimar etterlyser dokumentasjon for påstandane, men meiner den ikkje finst.

Arbeidarar på VM-anlegg i Qatar

FARLEG: Avisa The Guardian har funne ut av minst 6500 arbeidarar har mista livet på VM-anlegga i Qatar

Foto: Hassan Ammar / AP

– Det kan vi dokumentere. Det finst i ein Amnesty-rapport, sa NFFs generalsekretær Pål Bjerketvedt i NRK-programmet Debatten.

Maren Susanna Rullestad i Amnesty International Noreg finn ingenting «som tilseier at vi eksplisitt har sagt i ein rapport at dialog-sporet til dei nasjonale forbunda internt i FIFA har hatt noko direkte å seie for reformene i Qatar. Men internasjonalt press i eit meir breitt perspektiv har heilt klart bidrege til endringane vi ser i Qatar».

– Som eg har sagt mange gongar tidlegare, uttrykte NFF sterk motstand mot at fotball-VM blei tildelt Qatar i 2010. Vi var, og er, djupt kritiske til avgjerda i Fifa som førte til tildelinga, sa fotballpresident Terje Svendsen på fotballtinget i mars.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal