Hopp til innhold

Norsk supertalent fekk ikkje spele i Toppserien – nå er ho einig med Europas beste klubb

Andrea Norheim passerte i dag legesjekken hos meisterliga-vinnar Lyon. Men i heimklubben Klepp blei 17-åringen sett ut av laget og måtte ty til trening med gutta.

Andrea Norheim i Lyon

NESTEN KLAR: Andrea Norheim blir etter all sannsynlegheit lagvenninne med Ada Hegerberg i Lyon frå neste sesong.

Foto: Privat

– Det er ekstremt stort, det går nesten ikkje an å beskrive det. Det er nesten uverkeleg at eg har oppnådd det.

Det er ei glad 17-år gamal jente frå Jæren som tek telefonen på flyplassen i Lyon. Andrea Norheim er på veg heim etter å ha blitt einig om dei personlege vilkåra med det som for tida er Europas beste klubb.

– Klepp ville ikkje satse på meg

– Det var ikkje eit vanskeleg val. Eg kunne ikkje takke nei til ein så stor sjanse, seier Norheim.

Men heime på Jæren har det vore alt anna enn lett å vere ung fotballspelar med ambisjonar den siste tida.

– Det har vore litt komplisert. Eg har ikkje fått lov til å vere i startellevaren til Klepp i det siste, fortel Norheim.

Sidan 17-åringen var på prøvespel i den franske klubben i februar har Norheim blitt sett ut av laget. Før U17-EM i Kviterussland valde ho derfor i staden å trene med Brynes gutelag.

– Eg følte at dei ikkje ville prioritere meg og satse på meg. Eg følte det ikkje gjekk på det ferdigheitsmessige, men heller at eg hadde vore mykje vekke med landslag og nede i Lyon.

Er det ikkje litt spesielt at ein av verdas beste klubbar vil hente deg, men at du ikkje får spele i norsk toppserie?

– Jo, eg synest jo det er litt spesielt, men dei hadde vel sine grunnar, seier Norheim.

Tor Åge Risnes, sportsleg leiar i Klepp, seier det var vanskeleg å ta Norheim inn på laget etter mykje fråvær.

– Andrea var ikkje tilgjengeleg i starten av sesongen da ho blant anna var på prøvespel i Lyon. Da ho blei disponibel fungerte våre offensive spelarar godt. Me heiar på Andrea og det er naturleg at ein spelar som ho er misfornøgd med å vere ute av laget, seier Risnes.

Berre FIFA-godkjenning manglar

Nå er den vanskelege Klepp-tida over, men Norheim er klar på at det ikkje har påverka ho.

– Eg ville reist uansett, sjølv om eg hadde fått speletid.

Og nå står det berre ein formalitet igjen frå FIFA før Andrea Norheim kan kalle seg Lyon-spelar.

– Sidan eg er under 18 år må FIFA må godkjenne nokon ting frå kontrakten som går på skule og kor eg skal bu.

Der blir rogalandsjenta lagvenninne med Ada Hegerberg som scora da Lyon vann meisterligafinalen i slutten av mai. Neste år kan det vere Andrea som får speletid på Europas ypparste nivå.

– Den fyrste sesongen vil nok gå på at eg skal tilpasse meg, speletid vil berre vere ein bonus, seier Norheim.

Siste nytt

  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Strasbourg fortsetter å overraske – tok poeng mot PSGs stjernegalleri

    Strasbourg har levert en strålende sesongåpning i fransk toppfotball og holdt mesterlaget Paris Saint-Germain til 3-3 på bortebane fredag.

    Strasbourg står med fem seirer, en uavgjort og to tap hittil denne sesongen. PSG topper tabellen med ett poeng mer etter åtte kamper.

    Strasbourg ble nummer sju i Ligue 1 sist sesong. Byen, som ligger helt på grensen til Tyskland, har sjelden fått feire titler. Den hittil eneste ligatriumfen kom i 1978/79-sesongen.

    I 2016 befant klubben seg på nivå tre i det franske seriesystemet, men har siden klatret og blitt et lag å regne med i toppdivisjonen. Sjetteplass (2021/22) er det beste resultatet siden 1980.

    PSG har på sin side vært et topplag gjennom mange år og vant sist sesong både ligaen, cupen og Mesterligaen. (NTB)

    En gruppe fotballspillere feirer
    Foto: Christophe Ena / AP / NTB
  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal