Hopp til innhold

Stadfesta: Sjögren set målscoraren på benken

NICE/OSLO (NRK): Lisa-Marie Karlseng Utland (26) er ikkje i startoppstillinga mot Frankrike i kveld, trass i at ho scora eitt av måla i sigeren mot Nigeria laurdag. NRKs fotballekspert er overrasket.

Lisa-Marie Karlseng Utland jublar etter scoring mot Nigeria

SETT UT: Lisa-Marie Karlseng Utland jublar etter scoring mot Nigeria laurdag, men skal ikkje starte mot Frankrike

Foto: Alessandra Tarantino / AP

Laster innhold, vennligst vent..

Slik NRK erfarte, vil landslagssjef Martin Sjögren i staden satse på Karina Sævik. 23-åringen frå Kolbotn har berre fire landskampar bak seg, og debuterte så seint som i Algarve Cup i februar/mars i år.

Karina Sævik

FÅR SJANSEN I STORKAMPEN: Karina Sævik får sin femte landskamp i møtet med Frankrike

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Laget mot gruppefavoritt Frankrike i Nice i kveld, stadfesta av Norges Fotballforbund sin Twitter-konto:

  • Ingrid Hjelmseth – Ingrid Moe Wold, Maren Mjelde, Maria Thorisdottir, Kristine Minde – Karina Sævik, Vilde Bø Risa, Ingrid Syrstad Engen, Guro Reiten – Caroline Graham Hansen, Isabell Herlovsen.

– Det er eit spennande laguttak, seier NRK-ekspert Carl-Erik Torp.

Han meiner uttaket tyder på at landslagssjefen ventar eit kampbilete der Noreg blir liggande bak og må kontre.

– Då er det fornuftig å ha to punkt med Graham Hansen og Herlovsen der ein faktisk kan skape noko på eiga hand, spesielt med Hansen.

– Samstundes må ein demme opp for dei offensive truslane vi veit Frankrike kjem med. Caroline Graham Hansen har utfordringar defensivt, derfor trur eg Sjögren vel å setje henne på topp. Sævik er heller ikkje veldig sterk defensivt, men likevel litt betre, seier Torp.

– Graham Hansen kan nesten trylle

graham hansen

TRYLLER: – Caroline Graham Hansen kan vere eit heilt angrep aleine, meiner NRKs ekspert

Foto: JORGE GUERRERO / AFP

Han kallar uttaket overraskande, men kult.

– Graham kan no ligge midt på bana og starte angrepa derfrå. Når ho får ballen der, kan ho nesten trylle, for ho kan vere eit heilt angrep åleine. Det kan vere Noregs sjanse mot dette franske laget.

Han har dette å seie om Karina Sævik:

– Ho er fersk på dette nivået, men har vist at ho er ein x-faktor som kan skape noko mot god motstand. Og vi må våge å angripe, ikkje berre forsvare oss. Vi må også gjere noko når vi vinn ballen, seier Torp.

– Motstandar utan svake punkt

Han trur ikkje Utland er vraka, det er vurderinga av motstandaren som er årsaka.

– Det ligg betre sjansar i denne kampen her med andre spelarar. Utland er fort inne igjen i neste kamp, men dette blir truleg eit heilt anna kampbilete. Derfor blir vurderingane annleis.

– Kva ventar Noreg mot Frankrike?

– Eit fantastisk fotballag utan tydelege svake punkt. Dei har mange verdsstjerner i alle posisjonar, dei har fart, kraft og er nesten komplette. Det er gøy å verkeleg få merke kvar vi står.

– Kvar kamp lever sitt eige liv, og det kan vere avgjerande kor gode Noreg torer å vere. Det betyr å ikkje la seg stresse av situasjonen og det franske heimepublikummet, men vågar å gjere det ein er samde om. Då kan det bli ein jamn kamp, seier Torp.

Frankrike-Norge ser du på NRK 1 fra kl. 20.10.

Sportsnyheter

grøvdal

Alvorlig trusselnivå da Grøvdal tok EM-gull: – Hører sirener konstant

Det var strenge sikkerhetstiltak i Belgia da Karoline Bjerkeli Grøvdal og Magnus Tuv Myhre tok EM-medaljer.

Juni arnekleiv kræsjet nesten med kamera

Høy temperatur etter arrangørtabbe – norsk landslagssjef kjeftet på funksjonær

Skiskytterstafettene i Hochfilzen var preget av fiaskoer fra både arrangør og utøvere – da både herre- og kvinnelaget gikk inn til suveren seier.

Siste nytt

  • Benbrudd for Molde-profil

    Molde-profil Emil Breivik har pådratt seg et brudd i ene leggbenet etter sammenstøtet med Bodø/Glimt-keeper Julian Faye Lund i lørdagens cupfinale.

    Det bekrefter medisinsk ansvarlig i Molde, Lars Håvard Sæbø, til NRK.

    – Det gjøres videre undersøkelser i kommende uke, og da vet vi vet mer om hvor lenge han er ute, sier Sæbø.

    Etter flere minutter med behandling ble 23-åringen fraktet av banen på båre.

    Breivik ble kalt inn til sin første landslagstropp til kampene mot Jordan og Georgia i september.

    Molde vant cupfinalen 1-0 mot Bodø/Glimt.

    Molde-spilleren Emil Breivik måtte bæres ut på båre etter stygg skade i cupfinalen.
  • Norge møter Nederland eller Tsjekkia i VM-kvartfinlaen

    Norge møter enten Nederland eller Tsjekkia i tirsdagens VM-kvartfinale i håndball.

    Det er klart etter at Spania ble utklasset av nederlenderne søndag og røk ut.

    Tsjekkia, med norsk trenerduo i Bent Dahl og Geir Oustorp, sikret andreplassen i gruppen bak Nederland på innbyrdes oppgjør mot Spania og Brasil.

    Norge spiller gruppefinale mot Frankrike kl. 20:30 søndag, og vinneren møter Tsjekkia i kvartfinalen onsdag.

    Laget som taper må bryne seg på Nederland, verdensmesterne fra 2019. (NTB/NRK)

    Nederland-spillere jubler i håndball-VM
    Foto: HENNING BAGGER / AFP
  • Ny norsk hoppnedtur

    Det var skuffende norsk laginnsats i søndagens verdenscuprenn i hopp i tyske Klingenthal.

    Daniel Andre Tande ble beste nordmann på tolvteplass, mens Halvor Egner Granerud fulgte på plassen bak.

    Tyske Karl Geiger vant på hjemmebane foran sveitsiske Gregor Deschwanden. Tyske Andreas Wellinger ble nummer tre.

    Johann Andre Forfang hoppet seg opp tre plasser i andre omgang og ble nummer 15, mens Marius Lindvik falt åtte plasser og ble nummer 18.

    Daniel Andre Tande
    Foto: Geir Olsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal