Også Danmark kjem til å røyste på Ceferin ved valet onsdag, etter det NRK har kjennskap til.
NFF gjorde greie for dette i ei pressemelding dei sende ut i ettermiddag.
- Les også: Påtalenemnda undersøker Hallen og Siem
– Etter ei totalvurdering vel styret å gi si støtte til Aleksander Ceferin, skriv NFF.
Styret legg vekt på at UEFA treng fornying og reformer, og ikkje minst å vere meir opne. Dei meiner det også er viktig å sikre at mindre nasjonar får litt å seie, og dei legg også vekt på å utvikle breidde- og kvinnefotballen.
– Ceferin har gitt uttrykk for at han er sterkt kritisk til den nye meisterliga-strukturen som UEFA har vedteke. Den tek ikkje omsyn til interessene til mindre nasjonar og mindre klubbar, heiter det i pressemeldinga frå NFF.
Nederlendaren Michael van Praag er motkandidaten. Også han seier seg kritisk til den nye meisterliga-strukturen, der 16 av dei 32 plassane i gruppespelet skal gå til dei fire største fotballnasjonane England, Tyskland Spania og Italia, og der skal spelast kvalifisering om berre fem av plassane.
– Dersom eg blir vald, vil eg opne for nye forhandlingar om dette, seier van Praag.
Aleksander Ceferin meiner sjølv at han har støtte frå 32 av UEFAs 55 medlemsland.