UEFA stadfesta i dag det som har vore klart ei stund: At England, Tyskland, Spania og Italia skal ha fire faste plassar av dei 32 i meisterligaens gruppespel.
I dag har England, Tyskland og Spania tre faste plassar, Italia to. I alle fire landa har dei neste på tabellen kvalifiseirngsplass.
UEFAs vedtak skal gjelde frå sesngen 2018/19, og skal vere ei motvekt mot trugsmålet om at dei største europeiske klubbane skal bryte ut og skipe ein eigen liga.
Men den nye organiseringa har ikkje gitt namngitte klubbar fast plass, slik det har vore diskutert. Storklubbar som Manchester United, Liverpool og dei to Milano-klubbane Inter og Milan har ikkje klart å kvalifisere seg til denne sesongens utgåve av meisterligaen.
UEFAs konkurransedirektør Giorgio Marchetti opplyste også at nasjonale ligavinnarar får berre fire plassar å spele kvalifisering om, mot fem i dag.
Det betyr mellom anna at vegen til gruppespelet blir endå trangare for norske lag.
Endringane går også ut på at vinnaren av europaligaen er automatisk klar for gruppespelet i meiterligaen. I dag går vinnaren inn i siste kvalik-runde.
Øvrige detaljar om kvoteringa til gruppespelet skal vere klar før jul, opplyser UEFA.