Norge nedover etter avlysning
Avlysninga av landskampen mot Israel onsdag sender Norge ein plass ned på den (uoffisielle) løpande FIFA-rankingen, frå 24. til 25.-plass av dei europeiske laga.
Det er fordi Romania slo Kviterussland 5-3 onsdag. Det gav 3,3 rankingpoeng, og dei er dermed 2,3 poeng framfor Norge. Om Norge hadde spela og vunne kampen mot Israel, hadde dei halde plassen.
Det er denne rankinga som blir lagt til grunn ved seedinga av gruppene i VM-kvalifiseringa neste år. Norge må opp på 20.-plass for å få plass på seedingsnivå 2. Dit er det 11 poeng.
Trøysta er at når Norge møter nettopp Romania borte søndag, kan dei reparere skaden. Siger der vil gje 7,5 poeng, siger mot Austerrike onsdag gir 8,5 poeng.
FIFAs neste offisielle oppdatering kjem 26. november. Gruppetrekninga er 7. desember.