– Eg gler meg. Dette blir noko heilt spesielt, seier Robert Hamara.
63-åringen frå Sakura Karate Klubb i Oslo er ein av 16 dommarar som skal dømme OL-konkurransane i Tokyo. Karate står for første – og kanskje einaste – gong på OL-programmet.
Sporten har si opphav i Japan, og arrangørane pressa på for å få idretten med i Tokyo. Det gjekk IOC med på.
– Det er ein enorm prestasjon å kome så langt. Dette er veldig stort, og ei stor fjør i hatten for norsk kampsport. Nålauget er utruleg trongt, seier sportssjef Dag O. Jacobsen i Noregs Kampsportforbund om at Hamara får lov å dømme i OL.
– Men Robert har vore med i mange år og dømt i alle dei største konkurransane, så han er godt kjent som ein god dommar, legg Jacobsen til.
Kan få trøbbel med å rekke fram i tide
Robert Hamara har likevel eit lite problem: Korleis kome seg til Japan i tide.
Planen har heile tida vore å ta fly slik at han er framme akkurat i tide til karatekonkurransane tek til 5. august.
Men så innførte Japan brått tre dagars innreisekarantene, dermed vil han ikkje rekke fram i tide. Og det er umogeleg å finne nytt fly.
Men Robert Hamara tek det med ro, sjølv om problemet enno ikkje er løyst.
– Det er uansett testar i massevis både før og etter flyturen. Eg trur ikkje konkurransane blir avlyste fordi om vi ikkje rekk fram i tide til å ta karantene, det blir nok ei form for dispensasjon, meiner Hamara.
– Dømmer stort sett alle helger
Hamara har dømt sidan 1989, og har markert seg som ein av dei aller beste i verda. Han har vore hovuddommar i alle dei største konkurransane, som World Games, Combat Games og VM. Han var også dommar i ungdoms-OL i Argentina i 2018. I mai i år dømde han i EM i Kroatia.
I tillegg må dommarane som skal til OL, gjennom uttakskonkurransar.
– Når fekk du vite at du skulle dømme i OL?
– Eg blei i fjor teken ut til OL, som blei utsett. Det var først i mai i år eg fekk endeleg beskjed om at eg fekk vere med no, seier Hamara.
Sjølv for ein rutinert dommar som han er OL spesielt. Han meiner likevel at han er godt førebudd.
Det er årleg eit tjuetals stemne i Noreg. Og det blir også mange internasjonale, som «Premier League», som er karatesportens utgåve av verdscup.
– Det er inga overdriving å seie at eg dømmer så godt som alle helger, seier Hamara, som er arrangementskonsulent i kampsportforbundet. Han er også sekretær i dommarkomiteen i det World Karate Federation.
Kanskje einaste gong i OL
Karate er ein stor idrett internasjonalt. Det er 150 millionar registrerte aktive utøvarar i 199 land. Dag Jacobsen seier at nivået i idretten har teke seg markant opp sidan 2016, då det blei bestemt at karate skulle vere med i OL.
Men det kan hende Tokyo-OL blir einaste gong denne idretten står på programmet. I Paris-OL i 2024 er det tatt bort.
– Vi kan håpe at det er tilbake seinare, som i OL i Los Angeles i 2028. Men eg er ikkje optimist, seier Hamara.
Karatekonkurransane skal gå i arenaen Nippon Budikam. Den blei bygd til judokonkurransane i OL i 1964, og er også brukt til konsertar. Mellom anna hadde Beatles to konsertar der i 1966.
– Spesielt å opptre på same arenaen som Beatles?
– Ja, men eg har dømt det to gonger før, seier han, og røper at han har ei t-skjorte derfrå.
Arenaen var også kraftig renovert under førebuingane til OL.
Også gode taekwondo-dommarar
Det er ikkje berre i karate kampsportforbundet har gode dommarar. Også i taekwondo har norske dommarar gjort det skarpt. Det er ein kampsport som har lenger fartstid på OL-programmet.
– Der har vi hatt med dommarar fleire gonger. Vi har ingen i år, men to av våre var med i utveljingsprosessen heilt til målstreken, seier Jacobsen.