Det var i mars 2017 Lars Lagerbäck leia det norske laget for første gong. Det gav baklengsmål etter to minutt, tap 2-0 og takk og farvel til VM i Russland då Lagerbäck hadde vore landslagssjef i 90 minutt.
No får han sjanse til å revansjere det sure tapet. Etter opningskampen mot Austerrike på Ullevaal 4. september, ventar bortekampen mot Nord-Irland tre dagar etterpå.
– Men vi vann returkampen heime, minnest assisterande landslagssjef Per Joar Hansen når Norge ber om hans kommentar til trekninga av gruppene i nasjonsligaen.
Noreg skal i tillegg til Nord-Irland møte Romania og Austerrike i gruppe 1 i B-divisjonen i nasjonsligaen i haust. Det meiner assisterande landslagssjef er heilt greit.
– Det er ei ok trekning for oss, sjølv om alle tre er betre rangert enn vi. Romania møtte vi to gonger i EM-kvalifiseringa i fjor. I heimekampen var vi best, men rota oss bort. Nord-Irland er også eit lag vi kjenner godt, seier Hansen til NRK rett etter trekninga.
Han meiner det er vanskeleg å peike ut den hardaste motstandaren.
NØGD: Per Joar Hansen og hovudtrenar Lars Lagerbäck skal lese seg opp på nasjonsliga-motstandarane. Men først skal dei gjennom EM-kvalifiseringa i slutten av mars
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix– Romania har bygd eit lag med ein god U21-generasjon som dei heilt sikkert vil utvikle og byggje på. Nord-Irland hadde ein heil del eldre spelarar då vi møtte dei sist, så eg er meir usikker på korleis dei ser ut no. Austerrike er litt ukjende for oss, ettersom vi ikkje har møtt dei på ein god del år. Men dei har mange gode spelarar i Bundesliga, så dei har kanskje det sterkaste laget på papiret.
Hansen legg ikkje så mykje vekt enno på å studere dei tre motstandarane.
– No konsentrerer vi oss først om EM-kvalifiseringa mot Serbia i slutten av månaden. Så får vi lese oss opp på dei nye laga etterpå, seier Hansen.
Også NRKs ekspert Carl-Erik Torp ser for seg mange jamne kampar i gruppa.
– Austerrike er knapp favoritt
– Austerrike er nok favoritten, men Norge bør vere ein fin outsider, seier Torp.
Han grunngjev det slik:
– Vi har fleire spennande typer som ikkje har vore på landslaget så lenge. Eg er sikker på at dei kjem til å bikke nokre av Norges kampar vår veg. Eg trur vi er betre enn då vi møtte desse laga sist.
– Kor stor er sjansane for at Norge kan vinne gruppa?
– Vanskeleg å seie. Det blir seks tøffe kampar, og alle kan ta poeng frå alle. Men eg held Austerrike som ørliten favoritt, seier Torp.
Han meiner nasjonsligaen er positiv for landslagsfotballen.
– Det er ein fin sjanse til å slå lag som ligg rundt oss på rankingen, og det er ei fin oppgåve for landslaget. Den første nasjonsligaen var bra for landslaget. Det er ikkje treningskampar lenger, det er kampar som betyr noko. Det løfter kvaliteten, og ikkje minst er det ein ekstrasjanse til å kome til meisterskap, seier Torp.
Det var nasjonsligaen 2018 som gav Norge sjansen til å kome «bakvegen» til EM når vi møter Serbia og eventuelt Skottland eller Israel i slutten av mars.
Storkampar i A-divisjonen
Neste utgåve av nasjonsligaen skal spelast i september, oktober og november i år. Gruppevinnaren rykkjer opp i A-divisjonen, siste laget i gruppa går ned i divisjon C.
I A-divisjonen skal mellom anna Tyskland møte Spania, Italia møter Nederland, Sverige skal ut mot Frankrike og Danmark skal opp mot England. Frankrike får også eit gjenyn med Kroatia, som jaktar revansje for tapet i VM-finalen i 2018.
Sidan første utgåve av nasjonsligaen i 2018 er A- og B-divisjonen utvida frå 12 til 16 lag. Noreg skulle uansett spela i B-divisjonen i år, men var no seeda på nivå 2 etter utvidinga.
Bakvegen til Qatar?
Nasjonsligaen kan også gi plass i VM i Qatar i 2022. Etter at den ordinære VM-kvalifiseringa er over, skal gruppetoarane der ut i omspel, saman med to lag frå nasjonsligaen.
Europa har totalt 13 plassar i Qatar-VM. Kvalifiseringa, som skal spelast frå mars til november neste år, skal ha ti grupper der vinnarane går direkte til VM.
Dei ti laga som blir nummer to i sine grupper, skal til omspel. Der får dei selskap av nasjonsligaens to beste lag som ikkje er nummer 1 eller 2 i dei ordinære VM-kvalifiseringsgruppene, slik at totalt 12 lag spelar om dei tre siste VM-plassane.
Omspelet går i mars 2022. Gruppene i den ordinære VM-kvalifiseringa skal trekkjast 29. november, etter at årets nasjonsliga er ferdigspela.