Hopp til innhold

Sandra Toft irritert på Hergeirsson: – Det var noko eg ikkje var nøgd med

Den danske målvakta vil ikkje seie kvifor ho blei irritert på Thorir Hergeirsson etter EM-finalen.

Håndball-EM Slovenia 2022, finale: Danmark - Norge

TOK GREP ETTER TAP: Noreg tapte mot Danmark i hovudrunden. Det tapet blei grobotn for grepa Hergeirsson bad spelarane gjere før finalen.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Danmaks målvakt Sandra Toft blei kontakta av den norske landslagstrenaren medan ho førebudde seg til eit intervju like etter finalen. Dei utveksla eit par ord. Då Hergeirsson var i ferd med å gå, slo Toft ut med hendene, tydeleg irritert, skriv BT.

– Kva sa han?

– Det ønskjer eg ikkje å seie noko om, slik at det blir ei sak av det. Men det var noko eg ikkje var nøgd med, seier Sandra Toft.

Ellevill snuoperasjon

I finalen såg det lenge mørkt ut for dei norske handballjentene, men i sluttminutta blei håpet tent. Ei ellevill opphenting sørga for norsk gull, og det skjedde ikkje utan grunn.

– Det er vel typisk Noreg. Dei har ein veldig tru til spelet og taktikken sin. Vi ser jo ofte at det går til slutt, og det gjorde dei igjen i dag, seier NRKs ekspert Marit Malm Frafjord etter at Noreg leverte ein ellevill opphenting mot Danmark i finalen i handball-EM.

Hergeirsson meiner at kvar spelar er lojale til konseptet og taktikken, og at det er ein av grunnane til at Noreg klarte å kjempe seg inn att etter å ha ligge under med fire mål til pause.

– Vi har nokre arbeidsreglar. Nokre avtalar og nokre uskrivne i fellesskapet som forpliktar veldig, seier Hergeirsson til NRK.

I førebuinga til finalen hadde trenaren bedd spelarane om éin ting.

Håndball-EM Slovenia 2022, finale: Danmark - Norge

BEVIS: Stine Bredal Oftedal feirar med gullet og resten av laget.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Måtte rette på ein ting

Nora Mørk avslører nemleg at trenaren hadde eit ess i ermet for å få spelarane til å levere sin beste kamp nokosinne.

– I førebuinga inn mot finalen, måtte vi sjå den kampen vi spelte mot Danmark sist, blytungt som det var. Alle skulle korrigere ein ting som kunne endre eitt mål, fortel Mørk til NRK.

Hergeirsson utdjupar:

– Vi gjer det nokre gonger når vi tapar ein kamp, for då er det veldig fort gjort for spelarane å spesielt tenkje på alle dei tinga som dei kunne gjort annleis. Då byrjar vi som regel med ein ting som dei kjenner at er enkelt å fikse til i morgon. Ein aksjon i kampen som kunne betydd eit mål scora for Noreg, eller eit mål dei kunne hindra, seier Hergeirsson til NRK.

Håndball-EM Slovenia 2022, finale: Danmark - Norge

SKEPTISK: Hovudtrenar Thorir Hergeirsson fekk kjenne på nervane i første omgang.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Han held fram:

– Altså eit plussmål. Det blir veldig kraftfullt når mange spelarar gjer det og ein puttar det inn i laget. Då er det greitt å byrje med den eine tingen og ikkje gape over alt, seier han.

Slike arbeidsreglar meiner han er gull verdt.

– Det er ingen som kan vere med her og setje mål saman med gjengen utan å forplikte seg noko inn i granskogen på alle konsekvensane. Og det er jo ein av konsekvensane, det å aldri gi seg. Å spele til fløyta går, seier Hergeirsson.

Håndball-EM Slovenia 2022, finale: Danmark - Norge

KLEM: Stine Bredal Oftedal gir Nora Mørk ein god klem etter at EM-tittelen var sikra.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Blytungt

Oftedal tykte førebuinga etter tapet mot Danmark i hovudrunden og fram til finaledagen, var det tyngste arbeidet.

– Den jobben vi gjorde etter tapet og inn mot Frankrike-kampen var den tyngste jobben. Vi måtte finne sjølvtillit igjen, og finne løysningar.

– Vi gjekk «back to basic», såg på det reint analytiske, ting som måtte bli betre og det å skape tru oss imellom. Normalisere ting, ufarleggjere andre ting og setje press på det vi måtte gjere for å gå vidare, seier Oftedal til NRK.

For Mørk sin del var det veldig viktig å ikkje gå av bana og kjenne på at ho angra på noko som helst.

– Eg hadde i alle fall bestemt meg for at eg skulle slåst. Eg tenkte at eg berre skulle sleppe meg laus, og visste at dei kom til å fokusere på Henny og Stine. Då tenkte eg at eg går ned med flagget til topps, og er dei betre enn oss skal dei ta det, men eg skal i alle fall gi dei god kamp. Det hadde eg bestemt meg for, seier ho.

Håndball-EM Slovenia 2022, finale: Danmark - Norge

KAMPENS BESTE: Nora Mørk blei kåra til banas beste spelar med sine åtte mål.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

For danskane var det ein kveld med blanda kjensler. Rett etter kampen var dei veldig skuffa. Tårene kom.

– Akkurat no gjer det mest vondt. Vi hadde styr på dei, og leia med fire mål. Så gjer vi merkelege feil. Vi er nummer to, men det har ein lov å vere lei seg for no, sa Rikke Iversen til Ekstrabladet etter finaletapet.

– Men når vi kjem heim, skal vi vere stolte av det vi har levert i dette meisterskapet. Det tek berre litt tid, legg ho til.

Les også Møtet med Danmark ble for «Toft» – Nå venter marerittmotstander i semifinalen

skuffet Oftedal

Siste nytt

  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Strasbourg fortsetter å overraske – tok poeng mot PSGs stjernegalleri

    Strasbourg har levert en strålende sesongåpning i fransk toppfotball og holdt mesterlaget Paris Saint-Germain til 3-3 på bortebane fredag.

    Strasbourg står med fem seirer, en uavgjort og to tap hittil denne sesongen. PSG topper tabellen med ett poeng mer etter åtte kamper.

    Strasbourg ble nummer sju i Ligue 1 sist sesong. Byen, som ligger helt på grensen til Tyskland, har sjelden fått feire titler. Den hittil eneste ligatriumfen kom i 1978/79-sesongen.

    I 2016 befant klubben seg på nivå tre i det franske seriesystemet, men har siden klatret og blitt et lag å regne med i toppdivisjonen. Sjetteplass (2021/22) er det beste resultatet siden 1980.

    PSG har på sin side vært et topplag gjennom mange år og vant sist sesong både ligaen, cupen og Mesterligaen. (NTB)

    En gruppe fotballspillere feirer
    Foto: Christophe Ena / AP / NTB
  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal