Hopp til innhold

Nils Arne Eggen er død

Nils Arne Eggen, den mestvinnande norske fotballtrenaren gjennom alle tider, er død. Han blei 80 år gammal.

Det stadfester familien overfor NRK. Han sovna stille inn i natt, med den nærmaste familien ved si side.

Eggen betydde enormt mykje, ikkje berre for Rosenborg, men han var ein stor inspirasjon for all norsk fotball, både fotballfagleg og som person.

15 seriemeisterskap blei det til slutt, 14 av dei med Rosenborg, i tillegg til seks cupmeisterskap og fleire europeiske eventyrsesongar med Rosenborg på siste halvdel av 90-talet.

Bileta av Nils Arne Eggen engasjert gestikulerande og ropande på sidelinja med europeiske toppklubbar på besøk på Lerkendal er blant dei største i norsk fotballs og norsk idretts historie.

– Eg har betydd litt for Rosenborg, men Rosenborg har betydd mykje meir for meg, samanfatta han karrieren sin ein gong.

Det var nok litt uvant beskjedent sagt. Det meinte også Rosenborg, som i 2019 fekk reist ein statue av Eggen utanfor Lerkendal. På plassen som har fått namnet Nils Arne Eggens Plass, sjølvsagt.

Nils Arne Eggens statue

STATUE: Eggen har som seg høyr og bør fått sin statue på Lerkendal

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Eggen var ein mann som uttrykte meiningar om alt og alle, og som var alle journalistars draum med sine kommentarar av alle slag om dei fleste tema.

– Når du seier så mykje som eg gjer, stemmer det ikkje alltid, vedgjekk han ein gong.

Venta til Orkdal-potetene var tekne opp

Eggens heimebygd var Orkdal. Der blei han fødd, og der budde han store deler av livet.

Då Rosenborg var på sitt beste, og det var nærmast som ei naturlov at dei tok seriegullet, nekta han å spå tabellplasseringa «før potetene var komne opp or jorda i Orkdal».

Det var i Orkdal han spela sine første fotballår. Han debuterte på det lokale laget som 15-åring, og blei faktisk så god der at han blei teken ut på juniorlandslaget i ein kamp mot Danmark i september 1959. Der debuterte han saman med 16 år gamle Roald Jensen, seinare betre kjend som «Kniksen».

Året etter flytta han til Trondheim for å studere, og melde seg inn i Rosenborg. Rosenborg var ingen storklubb då, men var i ferd med å reise seg frå den grå masse den våren Eggen kom. Dei hadde vunne landsdelsserien, slått Kristiansund 9–0 over to kvalifiseringskampar, og var i hovudserien (den tids eliteserie).

Eggens karriere skaut fart.

Knapt 19 år gamle Eggen debuterte mot Stålkameratene i ei pinseturnering i Mosjøen, og var klar for laget då serien tok til på seinsommaren.

Han blei fast i forsvaret, og var med på Rosenborgs vinnarlag i cupfinalen same hausten – 3–3 og 3–2 mot Odd – RBKs aller første store triumf.

Rosenborg 1960

FØRSTE TRIUMF: Rosenborgs lag som vann cupfinalen i 1960 etter omkamp. 19 år gamle Nils Arne Egen nummer to frå venstre framme

Foto: NTB

Nøytraliserte svensk stjerne i landslagsdebuten

Han fekk ikkje med seg Rosenborgs neste cupsiger, i 1964, for då hadde han flytta til Oslo for vidareutdanning, og spela for Vålerenga. Der fekk han derimot med seg eit seriemeisterskap i 1965.

I mellomtida hadde han også debutert på A-landslaget. Mot Sverige i Göteborg i august 1963 fekk han som oppgåve å stanse Sveriges Real Madrid-baserte stjerne og VM-helt Agne Simonsson.

Den oppgåva løyste landslagsdebutanten med glans. Kampen enda 0-0, til stor svensk frustrasjon.

29 landskampar skulle det bli før Eggens aktive karriere var over.

Gull for to klubbar

Nils Arne Eggen

1. DIVISJON: Nils Arne Eggen var tilbake då Rosenborg vann 1. divisjon og innleia sin første store periode

Foto: Jan Greve / NTB

I 1967 var han tilbake i Trondheim og Rosenborg. På nytt var Rosenborg nyopprykka, og på nytt blei det trofé i første forsøk. Rosenborg, med Eggen som kaptein, tok 1. divisjon med storm og vann serien. Eggen blei den første i Noreg med seriegull for to klubbar.

Det skulle bli Rosenborgs første store periode, og med Eggen som svært sentral aktør heile vegen. Gullet i 1967 blei følgt av sølv i 1968, nytt gull i 1969 og sølv i sesongen 1970. Angrepsduoen Harald Sunde og særleg Odd Iversen stal overskriftene, men lenger bak var det Nils Arne Eggen som dirigerte med bravur.

Så blei han trenar for laget, etter at George Curtis fekk sparken. Det gav Rosenborg «The Double» i 1971 og cupfinale året etter. Nils Arne Eggen var etablert også som ein av dei beste trenarane i Noreg, og detvarr karrieren hans der som gjorde han til Noregs største gjennom tidene.

Men i 1973 gjekk det ikkje så bra som klubben ønskte, og Eggen fekk sparken. I staden fekk han ansvaret for U-landslaget.

Seriegull med Moss

I 1974 blei han A-landslagstrenar, også der etter at Curtis hadde fått sparken. Eggen trena laget saman med Kjell Schou-Andreassen til 1977, og var nærmare enn på lenge å få Noreg til eit VM (1978).

Mot slutten av den perioden jobba han dobbelt, fordi han nok ein gong måtte ta over etter Curtis i Rosenborg.

Han kunne ikkje hindre nedrykk til 2. divisjon, men tok dei derfrå og opp til å bli eit etablert lag i toppdivisjonen.

I 1986 takka han ja til å trene andredivisjonslaget Moss. Der var han nær ved å få sparken etter ei dårleg sesongopning. Men det gjekk betre etter kvart – mykje betre. Det blei opprykk, og i 1987 tok Moss eit sensasjonelt seriegull.

Året etter var han tilbake i Rosenborg, og resten er historie, som det heiter.

Klubben satsa svært profesjonelt, og Eggen la vekt på offensiv og publikumsvenleg fotball. Det gav seriemeisterskap i 13 samanhengande år. I ti av dei, frå 1992 til 1997, og frå 1999 til 2002, var Eggen trenar.

reportasje

PAUSEPRATEN: Eggen om sin fotballfilosofi (intervju frå 2010)

– Du må vere audmjuk i forhold til prestasjonane, for dei skal du gjenta, var eitt av hans postulat.

– Dei viktigaste kampane er dei vi ikkje har spela, og dei viktigaste treningane er dei vi enno ikkje har gjennomført, var eit anna.

I 1998 tok han ein pause, overlèt roret til Trond Sollied, og skreiv ned sin fotballfilosofi i boka «Godfoten». Men Rosenborg vann då også.

Av RBKs 13 strake seriegull var 10 med Eggen ved roret. Seks gonger leia han Rosenborg til «The Double» – siger i både serie og cup.

Totalt leia han Rosenborg i 729 kampar. 428 av desse enda med siger, berre 150 med tap.

– Det skal dæm ha, Real Madrid, dæm prøvd

Nils Arne Eggen på gullstol

JUBEL: Eggen på gullstol etter 2–0 over Real Madrid

Foto: Geir Otto Johansen / AP

I den store Rosenborg-perioden florerte eventyrkveldane i gruppespelet i meisterligaen. Kjølige Lerkendal-kveldar med doggvått gras og med nokre av Europas beste lag som motstandarar kom som perler på ei snor i sesong etter sesong, ofte med knallsterke resultat.

Også på bortebane glitra Eggens Rosenborg i Europa, mest av alt då Milan blei slått 2–1 på San Siro, og då Rosenborg slo Borussia 3-0 i Dortmund.

– Det ska dæm ha, Real Madrid, dæm prøvd, sa Eggen til pressa etter 2-0-sigeren på Lerkendal i november 1997.

Sitatmaskinen Eggen leika seg også med utanlandske språk.

– Ich habe einen hexenschoss bekommen og habe grosse probleme, sa han før ein kamp mot Bayern München.

– It is hope in hanging snore. Fishing snore, er hans mest kjende før ein kamp mot Celtic.

Kunne blitt kulturminister

Eggen hadde kunnskapar, meiningar og engasjement som gjekk langt utover fotballen. Han politiske syn gjekk i sosialdemokratisk retning, og då Thorbjørn Jagland skipa regjering hausten 1996, fekk Eggen tilbod om å bli kultur- og idrettsminister.

Men han takka høfleg nei. Han ville heller halde fram med Rosenborg.

Nils Arne Eggen-avskjed

AVSKJED: Nils Arne Eggen med blomar etter sin siste kamp, mot Lyon i meisterligaen på Lerkendal i 2002

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Då han dagen etter serieopninga i 2002 kunngjorde at det skulle bli hans siste sesong, skapte det bølgjer. Kritikarane meinte det ville skape uro både i og utanfor klubben med ein trenar på oppseiing, kombinert med styret det ville vere å finne ein etterfølgjar som kunne vidareføre suksessen.

– Eg følgjer sjølvsagt med. Eg er like ivrig under kampane no som då eg sjølv sat på benken. Skilnaden er at eg ikkje har like mykje å gjere mellom kampane lenger, sa han i eit intervju med RBKs eiga nettside då sesongen etterpå tok til.

Skeptikarane fekk vatn på mølla då Rosenborg på eit tidspunkt låg ti poeng bak serieleiar Lyn. Men så gjekk det veldig bra. Rosenborg tok eit nytt gull. Og Åge Hareide tok over, same dagen som han hadde fått sparken i danske Brøndby.

Familietragediane

Men Eggens tid i Rosenborg var ikkje heilt over likevel. I juni 2010 tok han over igjen etter at Erik Hamrén gav seg for å bli svensk landslagssjef. Og Rosenborg tok seriegull på nytt.

Privat opplevde han store tragediar i livet. Først i 1958 då den 12 år eldre broren Torbjørn drukna. I 2011 mista han kona Karin i kreft. Så i 2012 då sonen Knut Torbjørn døydde.

«Nils Arne mobiliserte alt han hadde, prøvde å kople på hjernen, tenkte på alle de praktiske tinga, tenkte på alt det fine de hadde hatt saman, gråt litt, når han var aleine og hadde anledning til det», skriv Otto Ulseth i boka «Nils Arne».

Sjølv opplevde Nils Arne Eggen også at helsa svikta mot slutten, og han sat i rullestol etter at han måtte amputere deler av begge beina.

Men han kunne glede seg over å ha fått oppleve barnebarnet Christian Eggen Rismark spele i eliteserien, for Ranheim og Brann.

Nils Arne Eggens innsats for Rosenborg og norsk fotball har gitt han mange utmerkingar. Olavsstatuetten, Sportsjournalistenes statuett og Trondheim bys statuett, er blant dei. Og i 2017 blei han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Eggen trekte seg tilbake til heimbygda, der han trena Orkla i fem år, fram til 2016.

Ringen var slutta.

Nils Arne Eggen

HUMØR: Nils Arne Eggen i godlune

Foto: Erik Johansen / NTB

Sportsnyheter

Martin Ødegaard i sportsuniform

Landslagssjefen om Ødegaard-skade: – Blir forbanna og lei deg

Kampen mot Israel sees på som det siste hinderet før Norge kan rette øynene mot VM. Og den blir spilt uten landslagskaptein Martin Ødegaard.

Hikaru Nakamura med hånden på ansiktet

Stjernens «skamløse» manøver førte til upopulært grep: – Heller bensin på et brennende bål

En ny regel skaper oppstyr blant flere av verdens beste sjakkspillere.

en mann som holder en annen mann

Måper av Haaland-statistikken - roses opp i skyene av manageren

Han knuser rekord etter rekord. Nå hylles Erling Braut Haaland av både eksperter og Pep Guardiola.

Siste nytt

  • Tom Dent ferdig som Raufoss-trener

    Den nedrykkstruede 1.-divisjonsklubben Raufoss skiller lag med hovedtrener Tom Dent etter flere svake resultater den siste tiden.

    I en pressemelding på eget nettsted skriver Raufoss at klubben og Dent i fellesskap er kommet til enighet om å avslutte samarbeidet med umiddelbar virkning.

    «Bakgrunnen for beslutningen er sammensatt, men klubbens utfordrende tabellposisjon fem kamper før sesongslutt har vært en sentral faktor», heter det i meldingen.

    Raufoss har tapt seks av sine sju siste kamper og ligger på 13.-plass i 1. divisjon. Det skiller tre poeng til Stabæk på kvalifiseringsplassen og sju poeng til Mjøndalen på den øverste nedrykksplassen. De to sistnevnte har begge én kamp mindre spilt enn Raufoss. (NTB)

    en gruppe fotballspillere i en kamp
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • NFF med flere grep foran Israel-kampen: Stenger veier og forbyr sekker

    Mandag orienterte fotballpresident Lise Klaveness og NFF-generalsekretær Karl-Petter Løken om forberedelsene til den omdiskuterte VM-kvalifiseringskampen mellom Norge og Israel lørdag 11. oktober.

    Der skjer det en rekke endringer fra det som er vanlig under landskamper:

    * Alle bilveier inn til stadion stenges tre timer før kamp.

    * Oslo Sporveiers Arbeiderforening (trikk og T-bane) streiker i 15 minutter fra klokken 17:00.

    * Sekker og store bager blir ikke tillatt, kun vesker innenfor A4-størrelse.

    * Stadion åpnes to timer før kamp (klokken 16), og det vil ta lenger tid enn vanlig å komme inn.

    * Supporterbutikken på stadion stenges på kampdagen, og det blir heller ikke «fan zone».

    * Publikum bes om å respektere sperringer utenfor stadion.

    * Politiske aksjoner inne på stadion er ikke tillatt.

    * Såkalte «Palestina-skjerf», og mindre palestinske flagg er tillatt.

    * P-huset på Ullevaal stadion stenges klokken 12.

    Det er ikke ventet mange bortesupportere, kunne Løken informere om. (NRK/NTB)

    Ullevaal stadion
    Foto: NTB
  • Sykling: Israel-Premier Tech bytter navn etter kritikk

    Sykkellaget Israel Premier Tech har bestemt seg for å fjerne «Israel» fra navnet sitt.

    Det opplyser laget i en pressemelding på eget nettsted.

    Der kommer det fram at laget med navneendringen beveger seg bort fra den israelske identiteten.

    – Med en standhaftig forpliktelse overfor våre ryttere, ansatte og verdifulle partnere, har vi besluttet å gi laget nytt navn som beveger seg bort fra den nåværende israelske identiteten. I sport må man ofte ofre noe for å få framgang, og dette steget er avgjørende for å sikre lagets framtid, heter det.

    I storrittet Vuelta a España tidligere i høst var det nesten daglig demonstrasjoner og protester mot det israelske laget. (NTB)

    syklister
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal