Han fekk to gule kort og skulle eigentleg berre blitt utestengd i ein kamp. Men han reragerte med ei sarkastisk applaus overfor dommaren, og det kosta han to kampar til.
Neymar mister også Barcelonas to kampar mot Real Sociedad og Osasuna, i tillegg til den heilt avgjerande kampen mot erkerivalen i Madrid.
Det er venta at Barcelona vil anke straffa, som var Neymars første utvisning som Barcelona-spelar.
Det første gule kortet i Malaga fekk han for å hale ut tida ved å knyte skolissene før eit frispark.
– Regeltolkninga der var litt spesiell, seier Barcelona-trenar Luis Enrique.
Litt seinare fekk han nytt gult kort for ei takling, og måtte gå av bana. Barcelona tapte 2-0.
Ved to høve tidlegare har han bytta sko medan spelet har pågått. Mange meiner at hans lukrative sponsoravtale med ein skoprodusent krev at han prøver å få skoa sine fokusert mest mogeleg på tv.
Real Madrid leier med tre poeng på Barcelona i kampen om ligatittelen, og har i tillegg spela ein kamp mindre. Barcelona er dermed nærmast nøydd til å vinne på Santiago Bernabeu i Madrid søndag 23. april for å kunne true Real.
Sju serierundar står att i La Liga.