– Fantastisk bra. Dette kan gi medalje, sa NRK-kommentator Marius Arnesen då Kilde hadde gått i mål.
Då stod det framleis 18 løparar på start.
Nordmannen var berre nummer 19 etter utfordelen. Men med fjerde beste tid i slalåm køyrde han inn til tredjeplass, og medaljehåpet levde, ettersom det stort sett stor utforspesialistar att.
Det heldt ikkje heilt inn. Fem startnummer seinare kom Mauro Caviezel inn 34 hundredelar raskare og sende Kilde ned på fjerdeplass. Ein plass han delte med Dominik Paris.
Ingen «sur» fjerdeplass
Det dempa ikkje humøret til Kilde, som ikkje syntest fjerdeplassen i dag var sur.
– Det er gøy, men det er ei rar kjensle at slalåmen sit betre enn utfor. Eg hadde lite å tape og kunne gi alt. Slalåm er gøy, slo fartskøyrar Kilde fast.
– Utforen var for dårleg, og då fortener ein ikkje medalje, seier han. – Men det er litt bittert når eg veit at eg kunne køyrt eit sekund fortare.
Han brukte ikkje sine beste utforski. – Dei ville eg spare til verdscupen seinare. Men eg angrar nok litt på det no, sa han.
Han gleder seg til lagkonkurransen i morgon. Der skal han køyre saman med Leif Kristian Haugen, Ragnhild Mowinckel og Maren Skjøld.
– Og så skal eg køyre storslalåm, seier han.
Video: Fjerdeplassen ikkje sur for Kilde
Frå 30,-plass til gull
Det sveitsiske heimehåpet Luca Ärni var førstemann utfor i slalåm, etter å ha blitt nr 30 i urtfordelen. Men ingen greidde å slå han. Marcel Hirscher blei slått med ein hundredel. Bronsen gjekk til Mauro Caviezel, seks hundredelar bak vinnaren.
Det fekk kommentator Marius Arnesen til å sakne Kjetil Jansrud, som på grunn av forkjøling stod over slalåmomgangen.
– Det er så inni granskogen synd at Jansrud sit heime på hotellet. Han var akkurat for sjuk, utbraut Arnesen.
For Jansrud låg heilt oppe på femteplassen etter utfordelen.
Bjørnar Neteland køyrde også eit godt slalåmrenn. Han enda som nummer 16, etter sjette beste slalåmtid. Men berre tre hundredelar frå 15.-plassen som hadde gitt verdscuppoeng.
– Eg var mykje meir nervøs medan eg venta enn før rennet, sa verdsmeister Luca Ärni til NRK.
På heimebane i St. Mortiz tok han sin første internasjonale siger, og det med ein hundredels margin.
Han blei nummer 30 i utfordelen, og dermed den siste som fekk vere med i slalåm. Hadde han køyrt utfor seks hundredeler skatare, hadde han ikkje fått fullført konkurransen.
Video: Sigersomgangen til Luca Ärni