Men Wales-spelarane vil ikkje beklage.
Ein video viser walisiske spelarar som slepp kjenslene laus og jublar vilt når sluttsignalet går og Island har slått England 2–1.
Videoen viser spelarane sprette opp, forme ein sirkel og juble saman.
Klippet vart først sletta frå nettet, men blei likevel oppfanga og er spreidd på Twitter.
Vil ikkje beklage jubelen
Reaksjonane på jubelen for at storebror og nabo England sensasjonelt er ute av EM, blei så store at Wales' forsvarsspelar Chris Gunter måtte gå ut og slå fast at det ikkje var vondt meint og mangel på respekt overfor England.
Og han beklagar ikkje jubelen.
– Vi jubla for at endå ein liten nasjon har kome så langt, mot alle odds – ein nasjon som var avskriven før det var sparka ein ball i EM, sa Gunter på ein pressekonferanse i går kveld.
Han får følgje av sin lagkamerat frå Wales og Swansea, Neil Taylor.
– Som lag følgjer vi lag som er «underdogs» i EM, frå Albania til Ungarn – som ein pust av frisk luft, seier Taylor.
Men Gunter kan ikkje heilt dy seg, og kjem med eit lite spark til England.
Siste frå Home Nations
– Eg trur at i det England-Island var slutt, var vi stolte av å vere det siste laget frå Home Nations (Storbritannia og Irland) som er att i EM. Det er kanskje ein egoistisk måte å sjå det på, men det var nok den kjensla som førte til gledesutbrotet. Det har ingenting med manglande respekt å gjere, seier han.
To dagar før hadde Wales sjølv sendt ein britisk rival heim. Nord-Irland blei slått 1–0. Og Wales tapte 1–2 for England i gruppespelet.
Wales har også andre band til Island, fordi to av dei mest framståande islandske spelarane spelar på walisiske klubbar. Kreative Gylfi Sigurdsson spelar for Swansea, og kaptein Aron Gunnarsson spelar for Cardiff.
– Eg kjenner Gylfi, og han har fortalt meg mykje om dette laget. Derfor har vi som gruppe støtta Island heile vegen, seier Neil Taylor, som også er Swansea-spelar.