Hopp til innhold

Nordås angrar etter NRK-intervjua: – Det der er ikkje meg

VM-bronsevinnar Narve Gilje Nordås kviknar som regel til når han får mikrofonen i ansiktet, men VM-håpet kjem med ei avsløring til NRK.

Narve Gilje Nordås intervjues av Ida Nysæther Rasch om bronsemedaljen i VM i Budapest.

Narve Gilje Nordås intervjuast av Ida Nysæther Rasch om bronsemedaljen i VM i Budapest.

Eg klarer aldri å sjå intervju med meg sjølv!

Nordås beskriv seg som introvert og reflektert, men sjølv ein sindig kar frå Jæren kan miste hovudet når det går bra på løpebanen. Det merkar han sjølv når nokon hentar fram reprisane frå NRK:

Det der er ikkje meg. Han der er jo ekstrovert. Han er jo nærast euforisk. Du får adrenalin ut av øyra, forklarer Nordås, som knapt kjenner seg sjølve igjen når han serverer den eine vittigheita etter den andre.

Han snakkar med NRK på telefon frå Spania, der han har gjort dei siste VM-førebuingane med trenar Gjert Ingebrigtsen. Torsdag kjem han til Glasgow. Fredag er det alvor med forsøk på 1500 meter – og moglegheiter for meir eufori.

«Shit, nå angrar eg»

Den førre sesongen baud på ei rekke av dei augeblinkane. Nordås braut draumegrensa 3.30 minutt på 1500 meter under Bislett Games, blei nummer to i Diamond League i London og krona sesongen med VM-bronse. Da er det ikkje rart sjølvtilliten blir: «skyhøg»:

Og i takt med suksess på løpebanen, auka sjansane for eit spinnvilt intervju med 25-åringen.

Du snakkar utover deg sjølv. Du snakkar i eufori, det er liksom ikkje måte på kor fantastisk alt saman er ... men så går det nokre timar. Da tenker eg: «Shit, nå angrar eg på det eg sa». Ein er i ei viss grad utilrekneleg.

Og det veit dei rundt han å spele vidare på. For han slepp ikkje unna. Sjølv om han hatar å sjå seg sjølv bli intervjua, er ikkje dei næraste framande for å sjå reprisane.

Eg prøver å unngå det, men av og til prøver nokon å tyne meg. Viss dei har lyst å plage meg. Men da spring eg inn i eit anna rom, seier Nordås – og forklarer kvifor han flyktar frå situasjonen:

Viss du hadde intervjua meg her og nå (ikkje etter eit løp), så hadde det ikkje gått an. Ein får ein litt annan personlegdom, ein blir ikkje så reflektert. Da seier ein mykje dumt.

Les også Ny regel vekker harme: – Sjokkerande og rart

Ida Andrea Breigan

Kompisen: – Det er så mykje greie

Han får medhald frå treningskameraten sin Per Svela. Da Nordås-trenar Gjert Ingebrigtsen ikkje fekk akkreditering i Budapest, var det Svela som overtok rolla som næraste støttespelar under VM.

Han er ein ganske reflektert kar i utgangspunktet, så det er ikkje alltid dei tinga heng heilt på greip, seier treningskamerat Per Svela til NRK.

Friidretts-VM 2023: Pressetreff

HUMØRFYLTE: Narve Gilje Nordås og Per Svela var tett på kvarandre under VM i Budapest.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Mens VM-bronsevinnaren snakka om «the high highs and the low lows» og heldt show, prøvde makkeren å halde han litt nede på jorda. Tidvis var det ikkje så enkelt.

Det gjeld ikkje berre for han, det kan gå igjen for mange løparar. Idet du kjem i mål så er du ikkje tilrekneleg. Det er så mykje adrenalin og det er så mykje greieog så lirer du av deg noko, seier Svela.

PS! Narve Gilje Nordås innleier VM med forsøk 1500 meter på NRK 1, fredag klokka 21.10. Kort tid seinare er det semifinalar på 400 meter med moglegheit for norsk deltaking om Henriette Jæger og Karsten Warholm tar seg vidare frå forsøket.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal