Hopp til innhold

– Det kan bli alt for mykje for nokon

I går tok Daniel Andre Tande sin fyrste verdscupsiger. Nå handlar alt om å ikkje havne på ei lite eksklusiv liste.

Tande på pallen i Klingenthal

OVERRASKA: Han er ikkje på elitelandslaget, men i går var Daniel Andre Tande verdas beste skihoppar.

Foto: Jens Meyer / Ap

Du har nok høyrt det før. Det er sesongstart i hopp og ein ny norsk komet dukkar plutseleg opp heilt i toppen.

I fjor var det Philip Sjøen, i år er det Daniel Andre Tande.

I Klingenthal i går tok han sin fyrste verdscupsiger og knuste heile verdseliten.

Daniel-André Tande med to kjempehopp

Medietrykket kan øydelegge

– Da fekk eg kryssa det av lista, det var moro, seier Tande dagen etter på telefon til NRK.

Nå handlar alt om at det ikkje skal bli det einaste krysset på lista over norske skihopparar med verdscupsigrar.

Om ein kikkar på den lista er det ikkje få nordmenn som har stoppa tidleg opp i jakta på rekorden Gregor Schlierenzauer innehar akkurat nå med 53 sigrar.

Her er eit knippe utval av tidlegare kometar som ikkje har klart å etablere seg som stabil sankar av fyrsteplassar det siste tiåret.

NRKs ekspertkommentator Johan Remen Evensen stod sjølv berre igjen med ein triumf i verdscupen da han la opp i 2012. Han trur forventingspresset kan vere ei årsak til at kometane forsvinn.

– Det kan det definitvt vere. Viss det fyrste som skjer når ein kjem inn i verdscupen er at ein vinn, blir det utruleg mykje styr rundt deg. Det er mange som ikkje er van til å takle det presset og det kan bli alt for mykje for nokon, seier Remen Evensen.

Tande på pallen med Freund og Prevc

GODT SELSKAP: Severin Freund har 18 verdscupsigrar, i går snøyt Daniel Andre Tande han for den 19 i verdscupopninga på heimebane i Klingenthal.

Foto: Jens Meyer / Ap

Spørsmålet er da om Daniel Andre Tande er av det kaliberet som kan takle eit slikt forventingspress.

– Det verkar som han er det sjølv om det er umogleg å svare på før han har vore gjennom det. Men han har beina godt planta på jorda. Eg trur at han kjem til å takle den mediestormen som kjem rundt han berre positivt.

Får råd frå Sjøen

Sjølv synest Tande det er vanskeleg å seie korleis han kjem til å takle presset den gule leiartrøya han skal hoppe med i Kuusamo medfører.

– Eg har ikkje tenkt så mykje over det. Det kan hende det går bra, men det kan hende det ikkje gjer det. Eg tenkte eg skulle spørre lagkompisane som sitt med mykje erfaring på den biten om råd.

Ein han spesielt kjem til å snakke med er kompisen Philip Sjøen. Sjøen var i Tandes sko som den nye store på same tid i fjor, og fekk verkeleg kjenne på presset.

– Philip snakkar eg mykje med. Me er gode kompisar og han har nok eit par gode råd han også, seier Tande før han set seg på flyet heim til Oslo og Kongsberg.

Sportsnyheter

Ville jubelscener etter norsk superstafett: – Hva skjedde nå?

For første gang på 100 år er et norsk lag klare for OL på en lagøvelse i friidrett. Etter målgang ble ankerkvinne Henriette Jæger «overfalt» av lagvenninnene.

Siste nytt

  • Nedberge Llano klarte EM-kravet

    Sleggekaster Beatrice Nedberge Llano kastet 71,21 meter i en konkurranse i USA.

    Dermed kom hun akkurat én centimeter over EM-kravet på 71,20. Det skriver friidrettsnettstedet Friidrett1.

    Det holdt også til seier i stevnet i Tucson, Arizona.

    OL-kravet i sleggekast er for øvrig 74 meter. Nedberge Llano ligger foreløpig an til å kvalifisere seg på ranking.

    26-åringen har en personlig rekord på 72,10 meter.

    Beatrice Nedberge Llano
    Foto: NTB
  • Olaussen og Stora Tuna tok historisk seier i Tiomila

    Stora Tuna OK vant kvinnestafetten i årets Tiomila - en historisk stafett ettersom det var første gang i orienteringsklassikerens historie at også kvinnene løp nattetapper.

    Nettopp de to nattetappene ga Borlänge-klubben trøbbel, men den norske landslagsløperen Marie Olaussen løp meget sterkt på den første etappen i dagslys og avanserte fra 47. til sjuendeplass og sørget for kontakt med teten igjen. Fjorårets verdenscupvinner Tove Alexandersson avgjorde stafetten på den sjette og siste etappen, og sikret seieren foran IFK Gøteborg og Halden.

    Stora Tuna ble dermed den fjerde klubben i historien som har vunnet både dame- og herrestafetten samme år.

    Marie Olaussen
    Foto: NTB
  • Pellegrino lurte stjernekeeper Lloris – scoret sesongens andre i MLS

    Amahl Pellegrino er for alvor i ferd med å få fart på karrieren i Major League Soccer. Lørdag rundet han tidligere Tottenham-keeper Hugo Lloris og scoret for San Jose Earthquakes.

    Pellegrinos fulltreffer bidro til at laget hans beseiret Los Angeles FC med 3-1.

    Den tidligere Bodø/Glimt-yndlingen satte inn 2-0-målet i kampen ti minutter ut i annen omgang. Etter en strålende pasning av argentineren Cristian Espinoza kom Pellegrino alene med Los Angeles-keeper Lloris. Nordmannen rundet sisteskansen og trillet ballen i nettet.

    Pellegrinos scoring var hans andre for sesongen. 33-åringen startet lørdagens kamp til venstre i Earthquake-angrepet. Han ble byttet ut etter 69 minutters spill. (NTB)

    Pellegrino
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal