Du må vinne eitt til for å slå henne, Marit

Problemet er løyst: Bente Skari vann 42 verdscuprenn. Dermed treng Marit Bjørgen enno ein siger for å tangere den tidlegare langrennsdronninga.

Bente Skari

No er det slått fast: Bente Skari har 42 sigrar i verdscupen

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Måndag grubla vi over spørsmålet om Skari vann 41 eller 42 verdscuprenn i sin karriere. FIS-statistikken viste 41, sjølv meiner ho at ho har 42.

Og Bente tok innersvingen på FIS, viste det seg. Det var VGs statistikk-ekspert Geir Juva som fann løysinga:

I prøve-OL i Soldier Hollow i USA i januar 2001 vann Bente Skari sprinten. Men i FIS sine lister har denne falle ut - berre kvalifiseringa er med, og der vart Skari nummer fire. Derfor er ikkje sigeren med blant dei 41 som FIS opererer med.

Marit treng ein siger til

Denne stadfestinga har også ei anna side:

Marit Bjørgen har dermed enno ikkje tangert Bente Skari. Bjørgen tok sin v-cup-siger nummer 40 og 41 i Davos sist helg. Det var også Bjørgens 8. og 9. på rad.

Video: - Eg vil slå Bjørn Dæhlie, seier Marit Bjørgen

Video Bjørgen vil slå Dahlie

Rekord-tangeringar i helga?

På 15-kilometeren i fri teknikk i sveitsiske i Clusaz komande laurdag kan Marit Bjørgen tangere Skari i begge rekordane. Skari har nemleg også rekorden med ti verdscupsigrar på rad vinteren 2002-2003.

Men ho kan ikkje slå rekorden før på nyåret. Søndag er det stafett i La Clusaz, og Bjørgen skal ikkje gå Tour de Ski. Først i sprintrennet i Liberec 15. januar kan ho stå med rekorden åleine.

Då er det heller ikkje langt til Bjørn Dæhlies 46 v-cup-sigrar.

Og kan ein eventuell rekord i tal på sigrar på rad reknast, ettersom ho ikkje stiller i Tour de Ski? Diskuter!

Siste nytt

  • Vant gull i karate under ungdoms-OL

    Annika Sælid (17) fra Sentrum Kampsportklubb i Sarpsborg vant torsdag gull i kvinnenes +59-kilosklasse under ungdoms-OL i Buenos Aires.

    Hun vant alle sine tre innledende gruppekamper.

    Annika Sælid
    Foto: Pøbel Film
  • Jacob Noer scora to i sterk siger

    Lillehammer Ishockey tok ein sterk siger over Manglerud Star torsdag. Fjorårets «Get Rookie of the Year» Jacob Lundell Noer scora to av Lillehammers mål.

    NM Ishockey 4. Semifinale: Lillehammer - Sparta (5-1)
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Kloster Aasen skal vurdere søkere

    Det norske IOC-medlemmet Kristin Kloster Aasen har fått plass i evalueringskomiteen som skal vurdere kandidatene til vinter-OL i 2026. Calgary i Canada, italienske Milano/Cortina d'Ampezzo og Stockholm i Sverige er søkerbyene.

    Visepresident i Norges Idrettsforbund Kristin Kloster Aasen under et åpent møte i idrettsstyret på Olympiatoppen torsdag ettermiddag.
    Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag