- Eg har 42, seier Bente Skari. Ho har 41, seier
til Det internasjonale skiforbundet (FIS).- Les:
- Eg har 48, seier Bjørn Dæhlie. Han har 46, seier
.- Oi, her må det finrekning til, seier Dæhlie når NRK spør. - Det er Erik Røste som har oversikt over det der. Men uansett kjem nok Marit Bjørgen til å slå meg snart, legg han til.
- Les:
- Eit mål å slå Dæhlie
For Bjørgen tenker så absolutt på rekorden.
- Ja, det er eit mål for meg. Det hadde vore veldig moro å slå Bjørn, seier ho til NRK etter sin 41. verdscupsiger, og den niande på rad.
Ni på rad er også berre ein siger bak Bente Skari. Ho hadde ti på rad vinteren 2002-2003, rett før ho la opp. Den kan Bjørgen tangere på 15-kilometeren i sveitsiske La Clusaz laurdag.
Nagano-gull tel ikkje med
Statistikken fortel at Dæhlie har 46 sigrar i verdscupen. I tillegg har han to OL-gull frå Nagano i 1998, første året at OL ikkje talde med i v-cupen. Kanskje ligg feilrekninga her?
For etter at verdscupen vart offisiell i 1981/82-sesongen og fram til 1997 talde også OL og VM med i verdscupen.
Det betyr at OL på Lillehammer i 1994 også var verdscup, men ikkje i Nagano i 1998, der Dæhlie altså tok to individuelle gull.
Frå og med 2001 talde heller ikkje VM i verdscupen.
Ramsau - men ikkje Lahti
Bente Skari får dermed rekna VM-gullet på 5 km i 1999 som verdscupsiger, men ikkje dei fire gullmedaljane ho vann i Lahti i 2001 og Val di Fiemme i 2003. Ikkje OL-gullet i Salt Lake City i 2002 heller.
Dermed står ho med 41 verdscupsigrar i dei offisielle listene, men heile 46 medrekna meisterskapa.