Det betyr at om folkerøystinga i München 10. oktober gir ja-fleirtal, vil den bayerske byen vere blant søkjarane. I så fall kan det bli
.Tidlegare har både bystyret i München og delstatsregjeringa i Bayern sagt ja til søknaden.
München søkte også leikane i 2018, men dei gjekk til Pyeongchang i Sør-Korea.
Planane går ut på at så å seie alle innandørsidrettane går i sjølve München. Alpin-øvingane skal haldast i Garmisch-Partenkirchen, skiskyting og nordiske skiøvingar i Ruhpolding. Aking og bobsleigh går i Königsee. Alle arenaene er innanfor to timars køyring frå sentrum av München.
Om München blir vald, blir dei den første byen som har arrangert både sommar- og vinter-OL. Sommarleikane i 1972 gjekk i den bayerske hovudstaden.
Folkerøysting i neste veke
Men først skal det haldast ei folkerøysting 10. oktober. Fire dagar seinare er den formelle fristen for å melde seg som søkjar.
Tyskarane håper også på at valet av Thomas Bach – frå Bayern – som ny IOC-president, skal vere ein fordel for Münchens søknad.
I tillegg til München og Oslo, er også Barcelona (Spania), Krakow (Polen), Lviv (Ukraina), og Astana aktuelle søkjarar. Sistnemnde er den einaste som hittil har meldt seg formelt. Også svenske Östersund vurderer ein søknad.
Om Barcelona blir vald, er det dei som blir første byen med både sommar- og vinter-OL. Dei hadde sommar-OL i 1992.
Endeleg avgjerd om OL-by blir teken 31. juli 2015.