Hopp til innhold

Møller Dæhli om vraking: – Det seier seg sjølv at ein blir skuffa

Mats Møller Dæhli (23) håpar han slår raskt tilbake etter å ha blitt vraka av landslagssjef Lars Lagerbäck til haustens første Nations League-kampar.

Trening i Reykjavik.

IKKJE MED: Mats Møller Dæhli har spelt21 landskampar for Noreg.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Eg har jo alltid lyst til å spele på landslaget. Som fotballspelar vil du alltid vere med der. Så det var synd, seier Mats Møller Dæhli til NRK

Mats

SENTRAL: Mats Møller Dæhli er skadefri og har vore i form i serieopninga tysk fotball. Her før privatkampen mot Island i juni.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det seier seg sjølv at ein blir skuffa, seier han vidare.

23-åringen blei ikkje tatt ut i landslagsstroppen til kampane heime mot Kypros (6. september) og borte mot Bulgaria (9. september). Oppgjera er Noregs to første i haustens Nations League-turnering.

– Inga grunngjeving

På tysdagens pressekonferanse grunngav Lars Lagerbäck vrakinga.

– Vi ser det sånn at midtbanespelarane vi har tatt ut skapar dei beste føresetnadane. Den siste som er komen inn er Iver (Fossum). Han har gjort det veldig bra på samlingane. Han var ein av våre beste spelarar då vi møtte Island, til dømes, seier Lagerbäck, som ikkje har snakka med Mats Møller Dæhli om uttaket.

Det stadfestar Møller Dæhli overfor NRK.

– Eg har ikkje fått nokon grunngjeving.

– Kva synest du om det?

– Vi får sjå om eg får ei grunngjeving, det er jo ganske tidleg etter uttaket, seier Møller Dæhli.

Fotball landslag herrer.

TØFF: Lars Lagerbäck meiner det er for tida er ein tøff konkurranse om å kome med på det norske A-landslaget.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Hard konkurranse

Oslo-guten er uansett blitt eit fast inventar i startoppstillinga til St. Pauli i 2. Bundesliga. Kult-klubben står med to sigrar og eitt tap i sesongopninga og ligg på ein sjetteplass på tabellen etter tre serierundar.

– Eg er veldig godt fornøgd med prestasjonane mine så langt i seriestarten her i St. Pauli. Eg skal ha fokus på det framover, seier Tyskland-proffen.

– Og så ønskjer eg landslaget lykke til. Det viktigaste er at Noreg held fram med å vinne og å prestere, så håpar eg å vere med neste gong, seier Møller Dæhli, som står med 21 landskampar sidan debuten i 2013.

– Du har hatt ein fin sesongopning, er du overraska over at du ikkje blei tatt ut denne gongen?

Carl-Erik Torp

NRKs fotballekspert: Carl-Erik Torp

Foto: Julia Marie Naglestad

– Nei, det er hard konkurranse, og det er veldig mange gode spelarar der no. Det er bra for norsk fotball. Eg skal halde fram med å spele som eg har gjort, og ta nye steg. Eg er veldig «happy» med sesongstarten, og situasjonen min her i St. Pauli akkurat no, seier Mats Møller Dæhli.

– Nær å kome med

NRKs fotballekspert meiner Møller Dæhli er eit offer for beinhard kamp om plassane.

– Det tyder på at det er ein tøff konkurranse sentralt der, og at mange spelarar er i form og leverer på eit bra nivå. At Møller Dæhli er skuffa skjønar eg. Han var nok ein av dei som var nærast å kome med i troppen, seier Carl-Erik Torp.

Siste nytt

  • Luton misset seiershattrick mot Everton

    Luton prøvde å slå Everton for tredje gang denne sesongen, men måtte nøye seg med 1-1 og er fortsatt på nedrykksplass i Premier League.

    I en kamp med mange store sjanser til begge lag tok Everton ledelsen på et VAR-straffespark midt i første omgang, men Elijah Adebayo utlignet da han knuste Ashley Young i en duell ved lengste stolpe, tok ned ballen og knallet den i mål.

    Luton måtte vinne for å klatre forbi Nottingham Forest og ta seg over nedrykksstreken, men er i stedet bak på målforskjell med en kamp mer spilt.

    Everton kom fra seier i tre strake hjemmekamper og har tross sine poengstraffer berget plassen. Likevel ville laget gjerne fortsette seiersstimen.

    UZxSU_N9CXo
    Foto: AP
  • Schjelderup-perle hjalp Nordsjælland til seier

    En frisparkperle fra Andreas Schjelderup ble vinnermålet da Nordsjælland slo AGF 3-1 borte. Laget henger med i gullkampen i dansk fotball.

    Farum-laget inntok 2.-plassen tre poeng bak Brøndby, men ett foran FC København og Midtjylland før de tre andre topplagene skal i aksjon søndag.

    Halvparten av målene i kampen ble scoret av banens to nordmenn, for på overtid reduserte Magnus Knudsen for AGF, som torsdag spiller cupfinale mot Silkeborg.

    Søndag er det storkamp mellom Midtjylland og Brøndby, mens FC København gjester nettopp Silkeborg. (NTB)

    Z9MpMJjlMEg
    Foto: NTB
  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    x0J7YQ1S8hE
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal