NRK Meny
Normal

Gulbrandsen lova scoring – avgjorde på overtid

Molde dominerte kampen, men trengde 92. minutt før innbytar Fredrik Gulbrandsen klarte å overlista Aalesund-keeper Andreas Lie.

Fredrik Gulbrandsen

HEADA INN: Fredrik Gulbrandsen ruva høgast i feltet og heada inn den avgjerande scoringa på overtid. Her frå ein kamp mot Lillestrøm.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg sa til vår fysiske trenar at eg skulle scora då eg kom inn. Det var herleg å komme tilbake frå skade med scoring, seier matchvinnaren til TV 2 etter kampen.

Aalesund klarte ikkje å halde nullen i nokon bortekampar førre sesong og før dagens kamp hadde dei gått 26 strake eliteseriekampar på bortebane utan å halde nullen. Det såg lenge ut til at dei skulle få slutt på den rekkja mot erkerivalen Molde, men på overtid makta ikkje dei oransjekledde på stå imot Moldes press.

To minutt på overtid dukka innbytar Fredrik Gulbrandsen opp og heada ballen inn til 1–0 siger for Molde.

Då er framleis 2–0 sigeren mot Stabæk den 6. juli 2014 sist Aalesund heldt nullen på bortebane.

– Det var utruleg surt å få den i mot på overtid, seier Aalesund-kaptein Bjørn Helge Riise til TV 2 etter kampen.

Molde-Aalesund

TØFFE TAK: Aalesunds Peter Orry Larsen (t.v.) og Eirik Hestad i duell. Aalesund kjempa med nebb og klør for å halda nullen, men måtte sjå at ballen gjekk i mål to minutt på overtid.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Molde dominerte

Heimelaget køyrde kampen i første omgang, og nærast scoring kom Mohamed Elyounoussi som lobba ballen over keeper mot det opne målet, men Aalesund-spelar Oddbjørn Lie kasta seg inn og fekk avverja i siste liten. På benken satt ein spelesugen Gulbrandsen.

Eg har vore ute med skade og hadde ikkje klart å spele 90 minutt i dag, seier han om kvifor han starta på benken.

Gjestane hadde også sine sjansar på kontringar, men var for unøyaktig i avslutningane.

Etter kvilen fortsette Molde å køyre på, men Aalesund forsvarte seg heroisk. I det 83. minutt hadde Peter Orry Larsen ein alle tiders sjanse til å sikre alle poenga til dei oransje frå Aalesund, etter at han kom seg fri i feltet på eit godt slått frispark. Men Molde-keeper, Ethan Horvath, varta opp med ei meisterleg redning.

Aalesund har berre slått Molde ein gong på 20 forsøk i eliteserien, og det skjedde heilt tilbake i lagas første møte i 2003. Solskjær har aldri tapt for Molde.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • N'Zonzi klar for Roma

    Steven N’Zonzi er klar for Roma. Han kommer fra Sevilla og koster cirka 250 millioner kroner. 29-åringen var med i Frankrikes VM-tropp som tok gull tidligere i sommer. Midtbanemannen har underskrevet en 4-årsavtale.

    SOCCER-WORLDCUP-FINAL/
    Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters
  • Ajer og Celtic utslått

    Det blir ikke mesterligafotball på Kristoffer Ajer og Celtic i høst. AEK Aten tok seg videre til siste kvalrunde med 3–2 sammenlagt. Grekerne vant 2–1 hjemme tirsdag og klarte 1–1 i Glasgow. Ajer var ikke med til Aten på grunn av karantene.

    Kristoffer Ajer
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Dahle gir seg i Ørn

    Thomas Dahle fratrer som hovedtrener for fotballjentene i Trondheims-Ørn etter en tung sesong så langt. Det gjenstår åtte kamper av serien, og Ørn ligger tredje sist. Klubben jobber med å få på plass en midlertidig trenerløsning.

Sendeplan

Kl. Program Kanal