Hopp til innhold

Millionjakt ga suksess: – Det har begynt å løsne

ANTERSELVA (NRK): To ferske millionavtalar kan ha hindra smertefulle kutt for landslaget i skiskyting. Johannes Thingnes Bø meiner forbundet er i ferd med å snu ei vond trend.

Thingnes Bø

SER LYSARE TIDER: Johannes Thingnes Bø trur Norges Skiskyttarforbund er på veg opp frå bølgedalen etter sponsortørke den siste tida.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Dette er utruleg viktig. Vi har vore utan nye sponsorar den siste tida, men no har ting begynt å løsne, seier Johannes Thingnes Bø til NRK.

Verdas beste skiskyttar tar godt imot landslagets nye hovudsponsor, Ice, på vinterens VM-arena i Anterselva.

På kort tid har Norges Skiskyttarforbund gått frå nedtur til opptur. På førre styremøte konkluderte dei med å kutte i 77 ulike prosjekt etter å ha styrt mot eit større underskot enn venta.

Dei hadde mellom anna tapt pengar på kjøp av ekstra klesplagg frå Odlo, noko som ikkje var dekka i avtalen med sponsoren.

Sparetiltak førte også til at Odd-Bjørn Hjelmeset måtte gå av.

Slapp unna

Kort tid etter står samme forbund med nye millioninntekter og styrer i tillegg mot budsjett.

Etter det NRK erfarer betaler mobiloperatøren Ice åtte millionar kroner over to år.

I tillegg kjenner NRK til at smøreavtalen med Kina genererer millioninntekter.

– Vi er avhengig av sponsorinntekter for å fortsette som verdas beste skiskyttarnasjon, seier generalsekretær Anne Varden.

Landslagstrenar Egil Kristiansen er letta over at tida med frykt for reduksjon truleg er over.

– Kuttinga har ikkje gått særleg ut over seniorlandslaget, men det kunne raskt skjedd om vi ikkje fekk peng inn i kassa. Det er bra at vi får inn midlar for å kunne fortsette med juniorlag, rekruttlag og eit bra opplegg for elitelaget, seier Kristiansen.

Ice-konsernsjef Eivind Helgaker tok sjansen på skiskyttarane etter gode resultat førre vinter.

Då blei Thingnes Bø tidenes mestvinnande utøvar i ein sesong med 16 førsteplassar i verdscupen. I tillegg vann både herre- og kvinnelandslaget stafett i VM.

– Vi har blitt inspirert av det vi har sett. I tillegg til å jobbe knallhardt for desse resultata er dei flinke til å vise masse humor og glede, seier Helgaker.

Ice

NY HOVUDSPONSOR: Mobiloperatøren Ice var på plass i Anterselva for å skrive under sponsoravtale med skiskyttarlandslaget.

Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK

Manglar sin største sponsoravtale

Men fortsatt er forbundet på jakt etter ein generalsponsor. Etter at Dnb slutta å betale mellom 15 og 20 millionar i året, har plassen stått tom sidan 1. mai 2018.

Forbundet fortel at brutto eksponeringsverdi for ein generalsponsor i 2018/2019-sesongen låg på 59,2 millionar kroner.

– Brutto eksponeringsverdi er det det ville kosta å kjøpe tilsvarande reklameeffekt i dei aktuelle kanalane som skiskyttarforbundet har vore eksponert i. Normalt sett får store bedrifter ein medierabatt på 50 prosent, som gjør at ein kan halvere beløpet, seier dagleg leiar Vegard Arntsen i Sponsor Insight.

– Så om ein generalsponsor må betale 15 millionar og har 50 prosent medierabatt, kva vil den i så fall sitte igjen med her?

– Om dei har betalt 15 millionar og fått ein netto eksponeringsverdi på rundt 30 millionar tilsvarar jo det ei avkastning på 100 prosent, som betyr gevinst, seier Arntsen.

– Er det i så fall litt rart at dei ikkje har fått inn generalsponsor?

– Nei. Det kan vere mange grunnar til det. Det har vore eit visst generasjonsskifte hos skiskyttarane også. Det har litt å seie for populariteten i sponsormarkedet, men salgsarbeidet som er gjort har nok betydd ein del. I tillegg hadde skiskyting med seg store avtalar frå gull-alderen. Avtalane dei hadde var veldig bra, meiner Arntsen.

Men tidene ser lysare ut no enn for kort tid sidan, meiner sponsorsjefen.

– Det vil eg seie. Men du må gjerne ha meir enn ein profil som leverer toppresultat jamnleg, seier Arntsen.

– Burde VM på heimebane i 2016 ha gitt meir avkastning i form av store sponsoravtalar?

– Det er vanskeleg å seie at det burde, men det kunne gjort det. Ein meisterskap eller ein verdsrekord er i seg sjølv fører nødvendigvis ikkje til at sponsorane står i kø. Det er det mange eksempel på. Det er ikkje så enkelt, men kanskje dei kunne fått meir ut av VM i Oslo, seier Arntsen.

Anne Rustberggard Varden

GENERALSEKRETÆR: Anne Varden.

Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK

– Har endra strategi

Thingnes Bø vil ikkje skulde forbundet for å ha sove i timen, men trur heller at sponsorane har blitt strengare når dei investerer.

– Dei gamle sponsorane våre har endra strategi. Det har gått ut over forbundet, seier Thingnes Bø.

– Vi ser eit skifte med at selskap fortsatt vil sponse, men er meir opptatt av å få meir ut av det dei investerer enn tidlegare, seier Varden til NRK.

Skiskyttarforbundet opplyser at marknadsinntektene for 2019 ligg på 43 millionar kroner. I løpet av hausten skal dei i møter med fleire potensielle generalsponsorar.

Etter vinteren utløper fire avtalar, som må forhandlast på ny. Etter det NRK erfarer blir ikkje Dnb med vidare som sponsor etter kommande sesong. Dei reduserte sitt sponsorat i 2018.

«Dei siste ti åra har marknadsinntektene til Norges Skiskyttarforbund utvikla seg positivt, frå 25 millionar i 2009 til anslagsvis 43 millionar i 2019. Vi er eit relativt lite forbund som jobbar tett med våre partnarar for at dei skal nå sine kommersielle mål, og alle våre partnarar skal merke ei tydeleg effekt av å vere på lag med oss. Vi har fått fleire nye partnarar i portefølja dei siste åra, og vi jobbar kontinuerleg med å reforhandle eksisterande avtalar og for å etablere nye bærekraftige partnarskap,» skriv Varden i ein e-post.

Sportsnyheter

Manchester United

United ydmyket og får slakt – ekspert ber forsvarsstjerne gi seg

Manchester United gikk på sitt 13. tap for sesongen mot Crystal Palace. Spesielt forsvarsvikarene og manageren får sterk kritikk etter det som blir kalt årsverste av storklubben.

Siste nytt

  • Træen måtte bryte Giro d'Italia

    Den norske sykkelproffen Torstein Træen måtte tirsdag stå av Giro d'Italia som følge av krasjen på åpningsetappen.

    Træen skadet kneet stygt og måtte sy flere sting i lørdagens velt. Likevel kom han seg til mål og fullførte også etappene søndag og mandag.

    Tirsdag startet han også den fjerde etappenfra Acqui Terme til Andora, men underveis ble det stopp. Det melder Giro d'Italia i sine kanaler.

    28-åringen byttet lag fra Uno-X til Bahrain-Victorious før årets sesong.

    Træen var én av tre norske ryttere i årets Giro-felt. De to andre er Vegard Stake Laengen (UAE) og Tobias Foss (Ineos). (NTB)

    Torstein Træen under Tour de France i 2023
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Vingegaard-milepæl etter skrekkvelten – håper på Tour-start

    Jonas Vingegaard gjennomførte tirsdag sin første sykkeltur utendørs etter den stygge velten i Baskerland rundt. Han har ikke gitt opp å vinne Tour de France tre år på rad.

    Den danske sykkelstjernen pådro seg flere ribbeinsbrudd, punktert lunge og betennelse i lungevevet etter velten i Spania tidlig i april.

    Midt i forrige måned ble 27-åringen skrevet ut fra sykehus. Der oppholdt han seg i tolv dager og ble operert i kragebeinet.

    Nå venter sykkelfansen i spenning på om Vingegaard har nok tid til rådighet til å komme i toppform tidsnok til Tour de France. Starten går i italienske Firenze 29. juni.

    – Jeg håper selvsagt å være der når starten på Tour de France går. Vi vet ikke helt hvordan formen og rehabiliteringen min utvikler seg, men jeg skal gjøre alt jeg kan for å være i toppform i Touren.

    Det sier VIngegaard i en video publisert av danskens arbeidsgiver, delvis norsksponsede Visma Lease a Bike.

    – Det er godt å endelig kunne sykle normalt igjen, og å være tilbake på veien. Jeg ser fram til de neste stegene, sier Vingegaard.

    Samtidig røper han at han fortslatt sliter med ettervirkninger etter velten, og at det fortsatt er enkelt ting han må bli frisk etter. (NTB)

    Jonas Vingegaard
    Foto: PAU BARRENA / AFP
  • Stjernemålvakt har øyeproblemer – må avbryte turnering i Norge

    Den danske stjernemålvakten Niklas Landin har fått påvist blødninger på netthinnen i det ene øyet. Dermed må han droppe denne ukens trenasjonersturnering i Oslo.

    Øyeskaden oppsto da landin i søndagens seriekamp for Aalborg fikk han en ball i hodet. Øyet fortsatte å plage den danske landslagskapteinen i ettertid, og det ble undersøkt videre på sykehuset.

    Landin har fått påvist blødninger på netthinnen i det høyre øyet, og derfor tar landslagssjef Nikolaj Jacobsen ingen sjanser og sender ham hjem for å hvile.

    Det danske håndballforbundet opplyser tirsdag at Flensburg-keeper Kevin Møller har sluttet seg til landslagstroppen som erstatter for Landin. Danskene skal møte Kroatia og Norge i turneringen som spilles i Jordal Amfi.

    (NTB)

    EC men's handball: Denmark - Slovenia
    Foto: LISELOTTE SABROE / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal