Messi presentert for PSG-publikum
Lionel Messi spela ikkje for Paris Saint-Germain i kveld, men blei presentert for heimepublikummet før kampen mot Strasbourg.
Også dei andre nyinnkjøpte, Achraf Hakimi, Georginio Wijnaldum, Gianluigi Donnarumma og Sergio Ramos blei presenterte.
Wijnaldum og Hakimi spela kampen, dei tre andre sat på tribunen.
PSG vann 4-2. Dei køyrde over motstandaren før pause, og kunne leia med langt meir enn 3-0. Men i andre omgang slo Strasbourg tilbake og reduserte to gonger.
Men så fekk Strasbourgs Alexander Djiku sitt andre gule kort med ti minutt igjen. I staden for utlikning blei det derfor 4-2 ved Pablo Sarabia fire minutt før full tid.
PSG leier Ligue 1 etter to serierundar. Lille, som overraskande snappa ligameisterskapet framfor PSG i vår, tapte 0-4 for Nice heime, og har berre eitt poeng.