– Det er jo morosamt at det er eit Carlsen-parti, seier Peter Heine Nielsen, som i ein årrekke har vore trener for Magnus Carlsen.
På biletet sit Lionel Messi og Cristiano Ronaldo overfor kvarandre i det som skal sjå ut som dei spelar ein runde med sjakk, og det tok ikkje lang tid før sjakkverda fann ut kva parti dei spelte.
– Det er ein refleks for sjakkspelarar, når vi ser ein sjakkstilling i ein reklame, i eit portrett, måleri og anna, at vi ser på sjakkstillinga og ikkje omgivnadane, forklarar Nielsen.
Han var blant dei første på Twitter som delte at sjakkstillinga var kopiert frå eit parti mellom Hikaru Nakamura og Magnus Carlsen i Norway Chess tilbake i 2017.
No fortel motemerket kvifor dei har valt akkurat den stillinga.
Vil slå Messi på bana
Det var i samband med fotball-VM at Louis Vuitton rulla ut deira nye kampanje med namnet «Victory is a State of Mind», som ein oppfølgjar til 2010-kampanjen, då Pele, Maradona og Zinedine Zidane blei framheva.
Denne gongen valte motemerket å setje Messi og Cristiano Ronaldo opp mot kvarandre, ved å illustrere at dei spelar ein runde med sjakk.
RIVALAR: Ronaldo og Messi.
Foto: JOSEP LAGO / AFPDet var ein idé frå Antonie Arnault, som i utgangspunktet såg føre seg eit sjakkspel mellom to sportslegender.
Brikkene på brettet har blitt sett opp slik at ingen av spelarane kan vinne. Det var bevisst frå motemerket.
– Sjakkekspert Bruce Pandolfini, som assisterte i Netflix-serien The Queens Gambit, var til stade under fotograferinga for å sikre at brikkenes posisjon var sett opp slik at ikkje Ronaldo eller Messi kunne vinne, skriv pressesjef Ewan Lawson til NRK.
Cristiano Ronaldo uttalte seg om sjakkpartiet på pressekonferansen før opningskampen mot Ghana i VM, og der sa han at han hadde store forhåpningar om å ta sjakk matt på Messi.
– Eg vil gjerne vere den som tek sjakk matt på Messi. Vi får sjå, men det hadde vore fint, sa Ronaldo og la til at han er sjølvsikker på at han vil spele eit bra verdsmeisterskap.
«Greatest of all times»-diskusjon
Magnus Carlsen bekrefta nyleg under Champions Chess Tour at det originale sjakkpartiet er frå kampen hans mot Nakamura i Norway Chess Tour i 2017.
– Det var ein veldig kaotisk turnering for meg. Eg avslutta med minus ein, men stod i fare for å falle til nummer to, tre, eller til og med nummer fire i verda. Det var tøft, sa Carlsen til arrangøren.
INSPIRASJON: Denne kampen blei til inspirasjon for Louis Vuittons nye kampanje.
Foto: Torstein Bøe / NTBPå spørsmål om Messi-Ronaldo-rivaliseringa kan samanliknast med ei rivalisering mellom Carlsen og Nakamura, svarte han:
– Ikkje eigentleg, men han er heilt klart god på mange ting som eg er god på. Det er ikkje den verste samanlikninga i verda.
Biletet fell uansett i god smak hjå stormeiser Nielsen. Han meiner at diskusjonen om kven som er best mellom Messi og Ronaldo, heller kan samanliknast med Carlsen og ein annan stormeister, nemleg Garri Kasparov.
– Folk diskuterer jo om det er Carlsen eller Kasparov som er tidenes beste, og på same måte diskuterer ein om det er Messi eller Ronaldo som er best, seier Nielsen.