Hopp til innhold

Messi i tårer etter sitt første Argentina-trofé: – 28 års ventetid er over

Etter fire finaletap med det argentinske landslaget skulle det endeleg lukkast for Lionel Messi på den internasjonale scena. Då Brasil blei besigra i Copa América-finalen klarte ikkje Messi å halde tilbake tårene.

Messi kneståande

KNESTÅANDE: I den augneblinken dommaren blåste av kampen sank Lionel Messi ned i kneståande, etter å ha teke sin første triumf på det Argentinske landslaget.

Foto: NELSON ALMEIDA / AFP

For det er 28 år sidan førre gong Argentina vann eit meisterskap på seniornivå, den gongen var Lionel Messi 6 år gammal.

Sidan den gongen har det blitt fem finaletap, fire i Copa América, eitt i VM. Det har lenge verka som at det ikkje var meininga at Messi skulle lukkast med landslaget. Heilt til dei møtte Brasil i finalen.

Ved full tid stod det 1–0 til Argentina, etter skåring av Angel Di Maria, og då dommaren blåste av kampen storma dei argentinske spelarane rett bort til Messi.

– Dei kan nesten ikkje tru det, Argentina. 28 års ventetid er over. Det ligg så mykje symbolikk i at alle dei argentinske spelarane spring bort til ein Lionel Messi i kneståande, for endeleg har Messi eit landslagstrofé, sa Viasports kommentator Petter Veland i det finalen var over.

– No er ikkje lenger argumentet om at Messi ikkje har levert på landslaget til stades, held han fram.

For det var lenge det einaste den argentinske juvelen mangla i sin trofé-samling – ein internasjonal triumf.

Gjennom meisterskapet har han herja for å føre Argentina til finalen, og sjølv om han var forholdsvis anonym i finalen, kan mykje av takka for denne triumfen rettast mot 34-åringen.

Etter at finalen var over, kunne også Argentinas trenar Lionel Scaloni fortelje at Messi ikkje spelte finalen på full maskin.

– Han spelte med eit problem med hamstringen sin, sa han, før han la til:

– Messi er den beste. Det ville han vore både med og utan denne triumfen.

Messi i lufta

HYLLA: Messi var sentral i Argentinas feiring etter sigeren mot Brasil.

Foto: RICARDO MORAES / Reuters

– Eg kjem ikkje til å forsøke meir

Men vegen mot dette historiske troféet har vore lang for han som blir rekna som ein av tidenes beste fotballspelarar.

Heile fire gongar har han vore i ein finale med landslaget utan å vinne. Både i Copa América mot Brasil i 2007 og i VM mot Tyskland i 2014 kom dei til kort då det gjaldt som mest.

Messi 2016

Messi etter finaletapet i 2016.

Foto: Brad Penner / Reuters

Nærast var dei likevel i 2015 og 2016, begge gongane i Copa América, begge gongane mot Chile i finalen.

Og begge gongane tapte dei etter straffesparkkonkurranse.

Tapet i 2016 gjekk ekstra hardt inn på Messi, som like etter kampen bestemte seg for å avslutte sin internasjonale karriere i ein alder av 29 år.

– Eg trur det er best for alle. Landslaget er over for meg, det er bestemt. Eg prøvde å vinne trofé med landet fleire gongar, men det gjekk ikkje. Eg kjem ikkje til å forsøke meir, og det vil ikkje vere nokon veg tilbake, sa han den gongen.

Returen, og meisterskapsrekord

Men han fann seg likevel vegen tilbake berre nokre månadar seinare. I årets meisterskap, fem år etter, har han storspela, og vore avgjerande for at Argentina tok seg til finalen.

Av Argentinas 12 skåringar, har Messi stått bak ni, med fire mål og fem målgjevande pasningar.

Argentina trofé

ENDELEG: Etter 28 års ventetid kunne Argentina endeleg løfte eit trofé igjen.

Foto: Andre Penner / AP

Aldri før har ein spelar slått fleire målgjevande pasningar i eit søramerikansk meisterskap, og han sikra seg med det både toppskårar-tittelen og tittelen som assistkonge.

I finalen var han ikkje like tonegivande, men ei vakker skåring frå Argentina, signert Di Maria gjorde at 34-åringen endeleg kunne løfte sin første pokal med landslaget han elskar.

– Vi kom til kort så mange gongar, vi har drøymt om dette så mykje, kjempa så hardt. Mange sa vi aldri kom til å klare det, vi har fått mykje kritikk, men vi gav oss aldri, sa målskårar Di Maria etter kampen.

Triumfen var Argentinas 15. i Copa América. Det er like mange gongar som Uruguay, som dei mestvinnande nasjonane i turneringas historie.

– Messi har fått troféet sitt med Argentina. Endeleg! Hans 36. trofé i karrieren, men eg har ein kjensle av at denne smakte best, skriv Jan Åge Fjørtoft på Twitter.

For no klarte han endeleg det han har jakta på å oppnå gjennom sin karriere: å vinne ei turnering med Argentina.

Og allereie om eitt og eit halvt år er det tid for VM, der Messi vil vere 35 år. Så spørst det om dette var hans siste dans, eller om han snører på seg skoa på den internasjonale scena ein siste gong, i jakta på det aller gjævaste troféet i internasjonal fotball: VM-gullet.

Siste nytt

  • Korsbåndsskade for Román Haug

    Liverpool FC melder at angrepsspiller Sophie Román Haug har pådratt seg en korsbåndsskade i cupkampen mot Durham, torsdag.

    26-åringen er ute på ubestemt tid, og er følgelig uaktuell for Norges oppgjør mot Japan i neste uke.

    – Det er en tung smell for oss, sier trener Gareth Tayor for Liverpool FC Women i en oppdatering på klubbens hjemmesider.

    Norges Fotballforbund melder samtidig at også Tuva Hansen (ankel) og Celin Bizet Dønnum går glipp av landskampen den 28. oktober.

    Inn i troppen har Emma Godø, Emilie Jordamo og Andrea Norheim kommet.

    Sophie Román Haug
    Foto: Marius Simensen / Bildbyrån
  • Vellykket operasjon for Holger Rune: – Jeg skal jobbe hardt hver dag

    Tennisspilleren Holger Rune ble tirsdag operert for sin avrevne hælsene. Operasjonen ble gjennomført i København og betegnes som vellykket.

    Det er for tidlig å si noe om hvor lang tid det vil ta før han kan være tilbake på banen.

    – Jeg kommer til å jobbe hardt hver dag, sier Rune i en pressemelding.

    – Det har vært noen veldig tøffe dager, og jeg har vært veldig, veldig lei mei. Nå er jeg glad for at operasjonen gikk bra, og jeg skal komme meg gjennom dette. Jeg vet at det kreves tålmodighet, men jeg skal gi alt jeg har for å komme sterkt tilbake.

    Runes hælsene røk i semifinalen mot Ugo Humbert i Stockholm lørdag. Han ledet kampen da han ble skadet.

    Casper Ruud vant turneringen med overlegen seier mot Humbert i finalen.

    Rune takker for all støtte han har mottatt.

    – Det har kommet så ufattelig mange fine beskjeder og hilsener fra fans over hele verden og fra familie, venner og kolleger. Det varmer veldig i en vanskelig tid. Den kjærligheten betyr mye, sier Holger Rune.

    Tennisspiller
    Foto: AP
  • Filip Ingebrigtsen klar for mesterskap i København

    Filip Ingebrigtsen er i Norges tropp til nordisk mesterskap i terrengløp i København 9. november.

    Han er en av fire utøvere Norges Friidrettsforbund sender til seniorklassen på herresiden. Orienteringsprofilen Kasper Fosser skal også delta.

    Terrengløpet er på 7,5 kilometer.

    Uttaket, menn senior: Kasper Fosser (Heming), Mathias Flak (Steinkjer), Andreas Fjeld Halvorsen (Ullensaker/Kisa), Filip Mangen Ingebrigtsen (Sandnes)

    Kvinner senior: Selma Løchen Engdahl (Orion), Hanne Andersen Maridal (Strindheim), Madelene Wanvik Holum (Vidar), Mari Roligheten Ruud (BUL)

    Menn junior (4,5 km): Ludvik Almli-Solheim (Løken), Ulrik Jåvoll Hagen (Brandbu), Åsmund Sunde Førde (Jølster), Lukas Buncic (Ullensaker/Kisa)

    Kvinner junior (4,5 km): Andrea Nygård Vie (Norna-Salhus), Venus Abraham Teffera (Ullensaker/Kisa), Vilde Sofie Torvund (Fri), Sara Yasman Abid (Tjalve). (NTB)

    en gruppe menn som løper
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal