Hopp til innhold

Messi-feber prisar ut supportarar: – Fotballen i ferd med å bli for dei rike

Lionel Messi har teke USA med storm og alle vil ha eit glimt av argentinaren. Problemet er berre at det er langt frå alle som har råd.

Celebre gjester på Lionel Messi-kamper

STJERNETUNGT: LeBron James, Serena Williams, Kim Kardashian, DJ Khaled og rapparen P. Diddy er nokre av kjendisane som har vore på Inter Miami-kamp for å sjå Lionel Messi på amerikansk jord.

Foto: AFP, Reuters

Den kampavgjerande scoringa i debuten etterfølgt av fire scoringar og ein målgivande pasning i dei to neste kampane leivde ingen tvil: Lionel Messi held framleis koken, og har sørga for Messi-feber i USA.

Men det kostar å få eit glimt av den argentinske 36-åringen.

– Den pengegaloppen som det har blitt snakka om i mange år viser ingen teikn til å minke. Det bevegar seg dit at fotballen blir for dei rike, seier Viaplay-kommentator Petter Veland.

– Det er synd at den vanlege mannen på gata blir prisa ut frå å sjå Messi, legg han til.

Leagues Cup 2023: Cruz Azul v Inter Miami CF

DRAUMESTART: Lionel Messi har levd opp til dei skyhøge forventningane etter overgangen til Inter Miami. Her jublar han for den kampavgjerande skåringa i debuten.

Foto: MIKE EHRMANN / AFP

Veland har følgt Lionel Messi tett i ei årrekkje og har, som dei fleste andre, fått med seg suksessen Messi har hatt i USA dei siste vekene. Han er i det heile ikkje overraska over oppstyret rundt argentinaren.

For det er ikkje berre i Miami det er Messi-feber.

Dyrare enn Taylor Swift

Natt til søndag norsk tid spelar han sin fyrste bortekamp med Inter Miami. Turen går til Texas, der dei møter FC Dallas i den nordamerikanske turneringa Leagues Cup.

Kampen blei utselt på ti minutt, ifølgje heimelaget.

Alle dei som ikkje fekk tak i billett har moglegheit til å sikre seg via vidaresal inne på FC Dallas sin nettstad. Men det kostar.

Dei billegaste ligg ute til 700 dollar (7184 kroner), mens fleire av dei går så høgt som 9000 dollar. Svimlande 92.000 kroner. Det skriv The Athletic.

Music Taylor Swift Number 1

POPULÆR: Artisten Taylor Swift.

Foto: George Walker IV / AP

Til samanlikning kostar dei billegaste billettane til ein Taylor Swift-konsert i California 500 dollar (5130 kroner).

– Det er kanskje nokon som vil ta eit aktiv val om å stå igjen på perrongen når pengetoget i fotballen går, og det må man ha forståing for. Med slik prisar er det sjølvsagt mange som vil miste moglegheita til å sjå Messi, og det er heller ikkje bra, konstaterer Veland.

Auka med 500 prosent

Etter nesten to tiår med uavbroten suksess i Europa og ein VM-tittel i desember, er interessa for Lionel Messi på amerikansk jord rett og slett enorm. Ifølgje Forbes har prisaukinga på billettar vore enorm:

Leagues Cup - Group J - Inter Miami v Atlanta United

NØGD: David Beckham har hatt god grunn til å vere nøgd med signeringa av Lionel Messi so langt. Det har gitt resultat både på og utanfor bana.

Foto: MARCO BELLO / Reuters
  • Den gjennomsnittlege billettprisen til heimekampane til Inter Miami auka 459 prosent.
  • Prisane til dei sju neste bortekampane auka med 558 prosent

Før Messi blei annonsert som ny Inter Miami-spelar, kosta dei billegaste billettane til Inter Miami sine heimekampar 29 dollar – nesten 300 kroner.

– Det verkar ganske spinnvilt og fortel mykje om dei ekstreme marknadskreftene som er i sving når ein av dei beste spelarane gjennom tidene treff den amerikanske marknaden, seier Veland.

Inter Miami sin neste heimekamp mot Charlotte FC er også utseld. Dei billegaste billettane var 160 dollar, rett i overkant av 1600 kroner. Ein må ut med langt meir om ein skal kjøpe frå dei som legg billettane sine ut for vidaresal.

Chicago Fire, som skal møte Messi og Inter Miami i starten av oktober, reknar ifølgje The Athletic med å tene meir på den eine kampen enn på alle dei andre heimekampane til saman.

Les også Messi klar for Inter Miami – avslører hvorfor han vraket Barcelona

FIFA World Cup Qatar 2022 - Final - Argentina v France

Blir prisa ut

Fleire Inter Miami-supporterar har teke til X, tidlegare kalla Twitter, for å ytre si misnøye med prisane.

– Det er ikkje snakk om noko som burde skje. Vi snakkar om noko som skje. Inter Miami må senke prisane framover. Dei som er villige til å jamleg konsumere produktet har ikkje råd. Dei som har råd, vil ikkje regelmessig gå på kamp, skriv Franzo Panizo, som grunnla Inter Miami-podkasten «Miami Total Futbol».

Ei rekke celebre gjestar har vore på plass for å sjå Messi sine tre fyrste kampar i den rosa drakta.

Basketballstjerna LeBron James, tennislegenda Serena Williams og baseball-profilen Derek Jeter er blant idrettsstjernene som har vore på kamp. NFL-legenda Tom Brady har også vore der.

Artistane DJ Khaled, Sean Combs (betre kjent som P. Diddy), Camilla Cabello og realitystjerna Kim Kardashian er andre som har sett Messi på nært hald.

Eit anna fenomen er at dei frammøtte forlét stadion når Messi har blitt bytta ut. Det er nok eit eksempel på at det er Messi som er hovudattraksjonen.

– Eg la eigentleg ikkje merke til det. Men med tanke på kva for ein spelar han er, skjønar eg at det skjer, har Inter Miami-trenar Gerardo «Tata» Martino sagt om kva som skjer når Messi blir bytta ut.

Leagues Cup 2023: Cruz Azul v Inter Miami CF

PÅ PLASS: I bakgrunnen følgjer LeBron James, Serena Williams og Kim Kardashian med medan Lionel Messi gjer seg klar for sin Inter Miami-debut.

Foto: MIKE EHRMANN / AFP

Messi har hittil levert varene på bana, men også utanfor merkar Inter Miami fordelane ved å ha mannen som har vunne Gullballen sju gongar. Inter Miami hadde 900.000 følgjarar på Instagram før Messi blei annonsert. No har dei over 13 millionar.

Om Messi held fram med storspelet og skåringane, er det lite som tyder på at verken antal følgjerar på sosiale medium eller billettprisar går ned.

– Det er ei veldig kompleks sak, og eg ser inga snarleg løysning på det. Alt blir dyrare i samfunnet, og det blir spegla i fotballen. Og så er det ofte slik det funkar: Flyselskap skrur også opp prisane på destinasjonar som er populære, seier Veland, og legg til:

– Men i fotballen får man desse heilt avsindige summane av og til, seier Veland.

Sportsnyheter

Emil Ødegaard ligger nede

Sydde ti sting etter stempling i ansiktet: – Halve hodet hans var åpent

Bård Finne satte knottene rett i ansiktet på KFUM-keeper Emil Ødegaard, som endte på legevakten. Men om det var rødt kort var ekspertene rivende uenige om.

Ben White

Oppsiktsvekkjande Arsenal-grep felte rivalen: – Idiotisk av Spurs

Arsenal senka Tottenham i jakta på ligagull. Eit oppsiktsvekkjande daudballgrep frå «The Gunners» blir hylla av NRKs ekspert.

Siste nytt

  • PSG ble seriemester uten å spille – Monaco-tap sørget for titteljubel

    Paris Saint-Germain kunne søndag juble for sitt tolvte seriegull og sitt tredje strake. Tittelen ble sikret etter Monacos 2-3-tap mot Lyon.

    Premissene før søndagens duell i Lyon var klare. Monaco måtte vinne for å forlenge håpet om å ta igjen PSG på tabelltopp.

    Det greide de ikke, og dermed er PSG seriemestere igjen. PSG kunne selv sikre seriegullet lørdag, men 3-3 mot Le Havre førte til at de måtte vente til søndag.

    PSG har vunnet ligaen seks av sju siste årene. Lille i 2021/22 var unntaket. Ingen har flere ligatitler enn PSG, der Marseille og Saint-Étienne er nærmest med sine ti.

    Mye av æren for PSGs seriegull skal gullkalven Kylian Mbappé ha. Spissen har scoret 26 mål, noe som er ni flere enn Lille-spiller Jonathan David. (NTB)

    PSG
    Foto: AP
  • Haaland tilbake med scoring i City-seier

    Erling Braut Haaland startet på benken, men kom inn og scoret da Manchester City slo Nottingham Forest 2-0. Det er jærbuens 21. ligamål denne sesongen.

    – Det er viktig at han er tilbake og gjør det han gjør. Han var ikke klar for 90 minutter, men det var godt for ham å være tilbake, sa City-manager Pep Guardiola til BBC etter kampen.

    City er nå nummer to i Premier League, ett poeng bak Arsenal, men med en kamp mindre spilt. Forest er i andre enden av tabellen, ett poeng over nedrykksstreken.

    Haaland har slitt med en muskelskade den siste tiden og mistet to kamper, men var tilbake på benken mot Forest. Der satt også Oscar Bobb.

    Gjestene slet lenge med å skape sjanser, men tok ledelsen etter 32 minutter da Josko Gvardiol headet en corner fra Kevin De Bruyne i mål.

    Få minutter senere burde Chris Wood utlignet for hjemmelaget, men spissen avsluttet utenfor fra fem meter. Rett før pause fikk også stopper Murillo en kjempemulighet fra kort hold, men skuddet gikk i tverrliggeren og over.

    Like etter hvilen fikk Wood nok en stor mulighet, men klarte ikke å utligne.

    Haaland kom inn like etter timen og brukte kun ti minutter på å doble ledelsen for gjestene. De Bruyne spilte han igjennom, og Haaland var iskald foran mål.

    Bobb kom inn i det 89. minutt, men rakk ikke utrette stort.

    Erling Braut Haaland
  • Ny Bjørlo-perle da FFK imponerte igjen

    Igjen ble Fredrikstads Morten Bjørlo avgjørende da de hvitkledde tok sesongens andre seier. Sandefjord ble slått 1-0.

    FFK har ikke tapt siden serieåpningen mot Bodø/Glimt og imponerer i sitt første år i Eliteserien siden 2011. Seieren gjør at Fredrikstad er på 6.-plass. Sandefjord står fortsatt uten seier.

    Morten Bjørlo ble dagens mann.

    Bjørlo tok en berøring, orienterte seg og chippet ballen over den utrusende Sandefjord-keeperen.

    – Det er en klassescoring, fastslo TV 2-ekspert Yaw Amankwah.

    Sandefjord hadde noen kjempesjanser i den første omgangen, men maktet ikke å få ballen over streken. (NTB)

    Fredrikstad
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal