Hopp til innhold

Meiner VM-løpet gjekk til hovudet på Amundsen: – Han har gått respektlaust til verks

BEITOSTØLEN (NRK): Han var stille og reservert i perioden før VM i Oberstdorf. Men så kjempa han seg til bronsemedalje og sikra seg eit tilvære på elitelaget. Der tek Harald Østberg Amundsen vesentleg meir plass.

Menn Elite Allround på trening

Harald Østberg Amundsen (i midten), her flankert av Martin Løwstrøm Nyenget, Emil Iversen og til høgre Hans Christer Holund og Sjur Røthe.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Det er klart, det er greitt å ha ein VM-medalje med inn i laget. Det gjer at eg har lov til å slå i bordet, seier Amundsen og gliser godt i møte med NRK.

– Noko folk har respekt for

Slik var det ikkje då han utgangspunktet i rekruttlandslaget var ein del av den norske troppen som reiste til Oberstdorf for å jakte meisterskapsmedaljar sist vinter.

– Eg var ikkje den som kommenterte kva vi skulle gjere på ei økt. No er eg heilt på høgd med dei andre. Eg har ikkje like mange verdscupresultat, men medalje på første forsøk. Det er noko folk har respekt for, seier Amundsen, som naturlegvis vart påskjønt med plass på elitelag etter sesongen.

EC4-XIgMT84

HAR SJØLVTILLIT: Harald Østberg Amundsen, her under eit pressetreff tidlegare i haust.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Gått til hovudet på han

Å ta plass i diskusjonane i eit allroundlandslag fullt av sterke personlegdommar og ein haug med erfaring, er ikkje altfor lett, skal vi tru Emil Iversen. På spørsmål om kva VM-løpet i mars har gjort med Amundsen, svarar trønderen slik:

– Det har gått til hovudet på han. Eg brukte lang tid og gjekk gradene i laget. Men han er så godt trena, alt ser så lett ut for han, som gjer at han har gått respektlaust til verks, seier trønderen, smiler litt under ein tenkjepause, før han held fram:

sJINUc9SqBc

SKRYTER: Emil Iversen, her under ei samling tidlegare denne sesongen.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Men vi får sjå. Det er til vinteren det gjeld.

Det veit Amundsen godt.

Til helga er det langrennsopning på Beitostølen. 23-åringen skal gå både 15 kilometeren i begge stilarter laurdag og søndag. Leverer han godt der kan han sikre billett til første verdscuphelg i finske Ruka.

– For min del er det avgjerande å gå fort på Beitostølen og senke skuldrane. Det er ein sesong med tøffe krav, då er det viktig å gå på seg sjølvtillit, seier Amundsen.

Høgda bekymrar lite

Amundsen seglar faktisk opp som ein overraskande outsider til den norske OL-troppen. Utan at han ønskjer å kommentere nøyaktig korleis det har gått sjølv, veit NRK at han var blant dei som var nærast Simen Hegstad Krüger i eit av få testløp på ei samling tidlegare i haust på same talet høgdemeter som under leikane i Beijing.

Han fortel sjølv at han er lite bekymra og har eit avslappa forhold til å konkurrere i høgda. Han har gått juniormeisterskap og verdscup i tynn luft før med stort hell.

sdVYq10Z1IE

SENSASJONSMANN: Harald Østberg Amundsen (høgre) tok bronse under 15 kilometeren i fristil, berre slått av Hans Christer Holund og Simen Hegstad Krüger.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Tenkjer på det kvar dag

Men han har ei utfordring: Han er først og fremst ein framifrå fristil-løpar. Det var òg i denne stilarta han tok den sensasjonelle bronsen i Oberstdorf for rundt åtte månader sidan. I meisterskapen til vinteren er det eit distanseprogram prega av mykje klassisk. Som 15 kilometeren og 30 kilometeren med skibyte.

– Eg tenkjer på det kvar dag når eg legg meg, innrømmer Amundsen.

Alt handlar no om å studere sine meir rutinerte og finslipte klassisk-løparar på laget.

– Eg veit eg må ta store steg i klassisk viss eg skal vere med i OL-troppen. Målet er 30 kilometer med skibyte og 50 kilometer i fristil. Eg jobbar hardt med den stilarta. Eg har god kapasitet, så det er det tekniske det handlar om.

Siste nytt

  • Sjokkseier for Norris – slo Verstappen i Miami

    Lando Norris tok sin første Grand Prix-seier i Formel 1 da han vant søndagens løp i Miami foran verdensmester Max Verstappen.

    – Jeg elsker dere alle, jeg elsker dere, utbrøt en ekstatisk Lando Norris på lagradioen, sendt på Viaplay.

    Den 24-årige britiske McLaren-føreren hadde en rask bil og leverte ypperlig kjøring. Han hadde også hellet på sin side da Logan Sargeant forsvant ut av løpet og han fikk et gratis depotbesøk mens sikkerhetsbilen var ute.

    For på 29. runde krasjet Kevin Magnussen med den amerikanske hjemmefavoritten Logan Sargeant, som forsvant ut av løpet, og sikkerhetsbilen måtte ut. Det gagnet Norris, som etter å ha hatt femte startspor var i ledelse og kjørte meget raske rundetider.

    Han avverget Verstappens forsøk på å passere rett etter omstarten, og så kjørte Norris fra VM-lederen.

    Norris vant klart foran Red Bull-fører Verstappen, med Ferrari-duoen Charles Leclerc og Carlos Sainz på de neste plassene.

    8XyRO3I6Vyo
    Foto: AFP
  • Fire Reiten-mål (!) da Chelsea knuste Bristol City 8-0

    Guro Reiten scoret fire ganger og la opp til to mål da Chelsea knuste Bristol City 8-0 i siste hjemmekamp under manager Emma Hayes.

    Med sitt målshow sendte hun Chelsea inn i gullkampen igjen for fullt. Laget er tre poeng bak serieleder Manchester City med en kamp mindre spilt, og nå med bedre målforskjell.

    (NTB)

    Britain Soccer Women's Super League
    Foto: Adam Davy / AP
  • Moi-dobbel da FCK vant

    Mohamed Elyounoussi scoret de to første målene da FC København slo Silkeborg 3-0 i dansk superliga. Nå er laget bare ett poeng bak serieleder Brøndby.

    Brøndby tapte 2-3 borte for Midtjylland tross en scoring av Ohi Omoijuanfo. Det gjør at det er svært jevnt i gullkampen. Ett poeng skiller mellom de tre første, og tre mellom de fire første, når fire serierunder gjenstår.

    (NTB)

    Mohamed Elyounoussi
    Foto: PAUL ELLIS / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal