Hopp til innhold

Meiner RBK gjorde seg skuldig i overtramp: – Dette tolererer eg ikkje

Mesternes Mester-aktuelle Pål André Helland (33) synest det var «brutalt og sårande» då han hevdar han fekk besøksforbod på Lerkendal den siste tida som Rosenborg-spelar.

Pål Andre Helland

STJERNE: Tidlegare Rosenborg-spelar Pål André Helland hevdar han fekk besøksforbod på Lerkendal mot slutten av tida som Rosenborg-spelar.

Foto: BILDBYRÅN

– For min del skjedde det noko som var eit overtramp, som eg for min del tenkte «dette tolererer eg ikkje». Då vart eg sta og hemngjerrig, seier den tidlegare Rosenborg-helten Pål André Helland i podkasten «Mush Hour» med Mushaga Bakenga.

For første gong sidan den overraskande Rosenborg-exiten vinteren 2021 opnar den tidlegare landslagsspelaren opp om den turbulente avskjeden på Lerkendal og kvifor han forlét klubben i sitt hjarte.

Pål Andre Helland

HEMNGJERRIG: Etter RBK-avskjeden ønskte Pål André Helland å ta innersvingen på Rosenborg. Her frå 2020-sesongen.

Foto: BILDBYRÅN NORWAY

Bakgrunnen som Helland siktar til fann stad hausten 2020, då angriparen hevdar at klubben nærast insisterte på at trønderen skulle stille i eit intervju med Adresseavisen.

– Det som skjedde, var at ærlegdommen kom og beit meg litt i ræva, seier Helland i den nye podkasten.

Etter nesten fire strake seriemeisterskap vart Rosenborg til slutt nummer fire i serien bak Molde, Bodø/Glimt og Vålerenga, og i serieinnspurten hausten 2020 vart Helland beden av Adressa «om å setja ord på forskjellane» mellom toppklubbane.

– I intervjuet seier eg at «sånn som det er no er vi bak dei tre klubbane fordi vi ikkje er like gode i eige spel». Vi hadde bytta trenar midt i sesongen, vi var på etterskot på tabellen, i tillegg til at vi har Europa. Vi måtte tenkje resultat heile vegen og kunne ikkje tenkje på prestasjon i den posisjonen vi var i, held han fram i podkasten.

– Det var grunnen til at eg drog frå Rosenborg

Overskrifta i artikkelen var «RBK-stjerna: Saknar tydeleg spelestil».

Ifølgje Helland fekk han dagen etter «beskjed om at eg kan ta ferie» – halvannan månad før serieslutt.

– Det enda med at eg vart persona non grata. Eg fekk ikkje lov til å opphalde meg på Lerkendal mellom klokka 08.00 på morgonen og klokka 15.30 på ettermiddagen, seier Helland i podkasten.

Les eit større utdrag frå podkasten med løyve frå Bakenga her:

– Det var litt brutalt og sårande ettersom eg nesten hadde vore i klubben sidan eg var 15 år, fortel Helland til NRK om korleis han opplevde forbodet mot å opphalda seg på Lerkendal.

Pål Andre Helland

RBK-HELT: Pål Andre Helland spelte 225 kampar for Rosenborg og skåra 66 mål.

Foto: BILDBYRÅN NORWAY

– Det var litt sårt då det skjedde og det var grunnen til at eg drog frå Rosenborg. Eg veit at forholdet mitt til ein del Rosenborg-supporterar vart litt anstrengd fordi eg drog til ein annan norsk klubb, men det var ein grunn til det, seier han.

Rosenborg: – Trist å høyre

Tidlegare RBK-trenar og noverande landslagssjef for Island, Åge Hareide, som var hovudtrenar i Rosenborg på tidspunktet Helland hevdar klubben gav han forbod mot å opphalda seg på Lerkendal, er presentert for påstandane frå Helland.

– Eg har ingen kommentar. Eg kan ikkje kommentere det som har skjedd for mange år sidan. Eg har handtert veldig mange spelarar i trenarkarrieren og det er fritt for alle til å meina det dei ønskjer, seier Hareide til NRK.

Åge Hareide

EKSPERT OG TRENER: Åge Hareide.

Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRK

– Spelarane som eg har trena har oppført seg eksemplarisk og av og til hamnar ein i konfliktsituasjonar. Det er klubben som gir dei midlane som kan brukast for å vere på trening og eg ønskjer ikkje å kommentera det som blir sagt, seier han.

Sidan 2020-sesongen har det vore fleire utskiftingar i leiinga i Rosenborg, men noverande dagleg leder i Rosenborg, Tore Berdal, svarer på generelt grunnlag.

Eg kan ikkje svare eksakt for det som har skjedd historisk, skriv Berdal i ein e-post til NRK.

Det er trist å høyre at Pål har opplevd det slik som han beskriv. På eit generelt grunnlag kan eg si at vi hele tida prøver å lage eit så godt arbeidsklima som mogleg for alle våre tilsette, held han fram.

For ordens skyld: Åge Hareide er NRKs fotballekspert.

Pål Andre Helland

LSK-STJERNE: Pål André Helland bidrog til at Lillestrøm vart nummer fire i 2021-sesongen.

Foto: BILDBYRÅN NORWAY

– Kjende meg forrådd

I det følgjande overgangsvindauget, vinteren 2021, vart Helland, som står med seks landskampar, stilt fri to år før kontrakten gjekk ut og signerte for eit nyopprykte Lillestrøm.

– Eg er oppdrege som Rosenborg-supporter i ei stordomstid og er det den dag i dag. Eg hadde mine beste år som fotballspelar i Rosenborg. Klubben er eg veldig glad i. Eg mislikte ikkje klubben, men eg var forbanna og på hemntokt. Derfor ønskte eg å dra til ein annan norsk klubb, seier Helland til NRK.

Saman med kompis og lagkamerat Gjermund Åsen, som vart leigd ut frå Rosenborg til Lillestrøm, var duoen delaktig då LSK vart nummer fire på tabellen, eitt poeng føre Rosenborg i 2021-sesongen.

– Eg kjende meg ganske forrådd. Då kom det ei staheit og fastleik som er ganske sterk, seier Helland i podkasten.

Denne vinteren vart det klart at Helland blir toppspelarutviklar i Ranheim og flyttar tilbake til Trondheim etter fleire år i Lillestrøm. Der avslutta han i fjor den aktive karrieren si og var sidan tilsett som trenar.

Siste nytt

  • Klæbo knusende overlegen i bysprinten – utslitt Northug imponerte i finalen

    Johannes Høsflot Klæbo avsluttet sesongen med en knallsterk seier på bysprinten i Mosjøen. Petter Northug viste gode takter og tok seg hele veien til finale.

    Dermed sikret Klæbo sin siste seier på sololag, i hvert fall på noen år. Lucas Chanavat ble nummer to, mens Even Northug sikret 3.-plassen.

    Rennet var Klæbos siste før han igjen blir en del av det norske landslaget. 27-åringen gikk ut av landslaget foran sist sesong, og han skrev i stedet under en representasjonsavtale som gjorde at han kunne konkurrere for Norge i verdenscupen.

    Nå er han imidlertid kommet til enighet med Norges Skiforbund om å bli en del av landslaget de to neste sesongene.

    Den tidligere skikongen Petter Northug viste også gode gamle takter da han tok seg videre fra kvartfinalen. I semifinalen sa det imidlertid stopp da han sprakk mot slutten og ble nummer fem i heatet.

    (NTB)

    ycJj6_DcAqY
    Foto: NTB
  • Norges ishockeykvinner klare for elite-VM

    De norske ishockeykvinnene tok seg til elite-VM neste år ved å gå ubeseiret gjennom 1. divisjon i Klagenfurt. Lørdag slo laget Sør-Korea med 8-0.

    Tea Løkke Nyberg (2), Emma Bergesen, Emilie Kruse, Iben Tillman, Madelen Haug Hansen, Andrea Dalen og Une Bjelland scoret målene i storseieren.

    Norge vant alle sine kamper i Østerrike, men havner trolig på annenplassen bak Frankrike ettersom tre av seierne har kommet på straffer.

    2.-plass eller 1.-plass spiller ingen rolle ettersom de to beste rykker opp til eliten neste år.

    (©NTB)

    Z4JKQ82eXAQ
    Foto: NTB
  • Trener ble feilkoblet til Liverpool: – Det var en feil

    Sporting CP sin trener Rúben Amorim var lenge ansett som den fremste kandidaten til å overta Liverpool etter Jürgen Klopp.

    Denne uken ble de bekreftet at Amorim dro til England, ifølge The Athletic. Riktig nok var det en annen engelsk klubb portugiseren hadde vært i samtaler med.

    – La oss få elefanten ut av rommet, sa Amorim på lørdagens pressekonferanse, gjengitt av den portugisiske avisen Record.

    Suksesstreneren forteller at klubben visste om turen til England, men at det skulle vært en hemmelighet. For det var nemlig West Ham den portugisiske treneren var i samtaler med, og ikke Liverpool som først antatt.

    Nå skal angivelig den nederlandske treneren Arne Slot være den fremste kandidaten til å ta over merseyside-klubben – og flere medier melder at partene allerede skal ha kommet til enighet om den nye avtageren etter Jürgen Klopp.

    OoiOCncJ-XY
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal