Hopp til innhold

Opplevde marerittet før cupfinalen: – Det er urettferdig

Matilde Rogde (23) tek til tårene når ho snakkar om den overveldande støtta ho har fått frå familien. Laurdag må ho sjå årets største høgdepunkt frå tribunen.

Matilde Rogde

TØRKAR TÅRER: Matilde Rogde har opplevd mykje motgang. No må ho følgje cupfinalen frå tribunen.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

Det går jo så fort, så du klarer ikkje å kontrollere lydane og hyla som kjem ut. Du kjenner berre at her var det noko som small.

Slikt minnes Rosenborg-spelar Matilde Rogde uhellet som hende for vel to veker sidan.

Rosenborg kjempa om seriegullet til siste slutt. Til helga skal dei spele cupfinale mot rival Vålerenga.

Men det blir utan Rogde.

  • NRK sender cupfinalen laurdag. Sendestart er kl. 15.45 på NRK 2.

Låg og vrei meg i smerter

Angrepsspelaren kan sjå tilbake på ein karriere prega av skader. No står ho endå ein gong framfor ein periode med skjene og krykkjer. Og det før den kulaste og viktigaste kampen for sesongen.

Eg prøvde å reise meg opp med ein gong. Eg tenkte at det gjekk fint, men eg merka jo at smertene berre vart verre og verre. Eg hadde ikkje sjans. Det var skikkeleg, skikkeleg vondt.

Matilde Rogde

PROFIL: Rogde har vore ein viktig spelar for Rosenborg i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

10. november, før lagnadskampen mot Lillestrøm i Toppserien, small det i ein løpsduell ute på treningsfeltet. 23-åringen heldt seg til ankelen medan ho hylte i smerter.

Det vart berre verre og verre, og eg låg og vrei meg i smerter.

Beskjeden frå sjukehuset var klar. Situasjonen på treninga resulterte i ein brekt ankel og nokre rakna leddband.

Korleis var det å ta den beskjeden innover seg?

Eg var litt førebudd på det. Det var vanskeleg å vite akkurat kva som var gale, men at noko var gale, det var eg ganske førebudd på.

Les også RBK-spiller fyrer løs mot Tvedten etter pengestikk: – Det er lavmål

Olaug Tvedten og Cesilie Andreassen

Måtte tørke tårer

I fjor vende ho tilbake etter 390 dagar på sidelinja. No må ho igjen belage seg på mykje tid til opptrening, mindre tid til fotballspeling. Det ho elskar mest av alt å gjere.

Då marerittet hende, kom familien på besøk til Trondheim. Til helga sit dei saman med henne på tribunen under cupfinalen.

Dei skulle sjølvsagt ønskje at eg kunne spelt, men dei støttar meg veldig.

Kor viktig har det vore?

Alt, eigentleg. Veit ikkje korleis eg skulle klart det utan dei, seier ein prega Rogde og tørkar tårer.

Rogde-skade

BLIR SKADD: Her skader Matilde Rogde seg på RBK-trening. NRK åtvarar mot sterke inntrykk.

Rosenborg-profilen Camilla Linberg fortel at ho får vondt av lagveninna.

– Ho har slite mykje med korsbandet tidlegare og har hatt fleire operasjonar. Eg får ordentleg vondt når eg ser henne no, seier Linberg og held fram:

– Eg veit at ho kan komme tilbake og det skal ho – vi treng henne. Men sjølvsagt, det er kjipt for henne no spesielt med timinga. Det er dessverre ein del av toppfotballen.

Rogde blir med resten av laget til Oslo og kjem til å heie alt ho kan for at det blir Rosenborg, og ikkje Vålerenga, som kan heve pokalen til slutt. Samtidig innrømmer ho at kjensla av siger ikkje blir like god for hennar eigen del.

Ho skulle så gjerne ha bidrege på Ullevaal.

Det har vore ein prosess å omstille til ei annleis helg enn det ein hadde sett for seg.

Celine Emilie Nergård og Rosenborgs Matilde Alsaker Rogde

PÅ SIDELINJA: Matilde Rogde må belage seg på eit lengre opphald på sidelinja. Her er ho avbilda saman med Celine Emilie Nergård (til venstre).

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

– Eg er lei

Målet er å vere i full trening igjen i løpet av oppkøyringa til kommande sesong. For når skaden oppstod, melde også trongen etter å komme seg raskt tilbake på banen seg.

Og ho kryssar fingrane for at dette blir den siste store skaden som bryt opp karrieren.

Eg er lei. Det er aldri gøy med skader, og det er ikkje noko ein unner nokon. Ein føler at det er urettferdig, også kjenner ein seg veldig uheldig, ein har akkurat kjempa seg tilbake frå noko, også blir ein berre drege rett ned igjen. Fotballen betyr mykje, og det å kjenne seg frisk og rask betyr mykje.

Derfor har ho aldri vore inne på å gi seg, all motgangen til trass. Denne gongen slepper ho operasjon, og har planar om å bruke erfaringa frå tidlegare skader til å komme sterkare tilbake enn nokon gong.

Det skal eg bruke for alt det er verd. Eg skal fikse dette òg.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal