Hopp til innhold

Martim (10) kjende seg åleine og utanfor – no blir han spådd ei uventa karriere

Martim Santos (10) trudde alt håp var ute i heimlandet. Då han flytta til Noreg, opna ei heilt ny verd seg.

Martim

SMILER: Martim Santos storkosar seg som el-innebandyspelar.

Foto: Ingrid Heier Jorstad / NRK

På ein skuleplass i Portugal ser den sjenerte guten klassekameratane spele fotball. Martim har ikkje moglegheita til å delta sjølv.

Ein medfødd ryggskade gjer at 10-åringen sit i rullestol og berre kan sjå på frå sidelinja.

Han kjenner seg utanfor.

Det var ikkje noko bra. Eg følte at eg ikkje kunne gjere mykje. Då eg såg at dei andre gutane spelte fotball på skulen min, vart eg litt lei.

SJÅ: Martim fortel om erfaringane sine.

Flytta til Noreg

I Portugal er forholda vanskeleg for Martim. Fritidstilboda er få og tilrettelegginga nesten fråverande for ungguten. I tillegg treng han ein ryggoperasjon, som ikkje er mogleg å gjennomføre i heimlandet på kort sikt.

Alt er veldig byråkratisk. Viss Martim trong noko, til dømes ein rullestol eller ein elektrisk rullestol, kva som helst, tok det lang tid, seier mora til Martim, Marisa, til NRK.

Martim

STOLT: Mor Marisa er til stades.

Foto: Ingrid Heier Jorstad / NRK

Ein dag bestemmer ho seg for å ta grep. I 2018 flyttar heile familien til Noreg med eitt mål for auge: Gi sonen eit betre liv.

Fire år seinare møter NRK Martim på guterommet i Lier, med ein kontroll i handa. Lenge trudde han TV-spel var det einaste han kunne konkurrere i.

Eit møte med ein fysioterapeut skulle raskt snu på den tankegangen.

Då eg var i Portugal var fotball det einaste eg kunne tenkje på, eg trudde ikkje eg kunne gjere noko som var likt det. Så kom el-innebandy, seier 12-åringen og lyser opp.

Eg vart sånn... Eg greier å gjere ein ting, fortel han entusiastisk.

Martim

I AKSJON: Martim framfor mål.

Foto: Ingrid Heier Jorstad

– Talent

I ein gymsal i Bærum heiar mor engasjert, medan ho vitnar sonen elegant manøvrere seg gjennom banen. Ho trur han kan bli ein storspelar, viss han trenar nok.

– Det er ein vanskeleg situasjon å ha eit barn med avgrensingar, og når han finn noko som han kan, kunne det ikkje vore betre for oss. Det er fantastisk, det er veldig, veldig godt.

– Han er veldig flink, seier ho.

Martim

SMILER: Martim Santos storkosar seg meg tilværet som el-innebandyspelar.

Foto: Ingrid Heier Jorstad / NRK

No har el-innebandy verkeleg vorte ein arena der Martim får skine. Mora sine lovord får støtte av trenar Jim Nymoen.

Når vi såg han setje seg opp i ein kjelke og køyre, så tenkte vi at «her har vi eit talent».

Martim blir spådd ein lovande karriere, trass at han berre har spelt litt over eitt år. Hovudpersonen sjølv stortrivst med idretten i Noreg.

Det hjelper meg å få meir venner og sjå personar som er i same situasjon som meg.

Siste nytt

  • Luton misset seiershattrick mot Everton

    Luton prøvde å slå Everton for tredje gang denne sesongen, men måtte nøye seg med 1-1 og er fortsatt på nedrykksplass i Premier League.

    I en kamp med mange store sjanser til begge lag tok Everton ledelsen på et VAR-straffespark midt i første omgang, men Elijah Adebayo utlignet da han knuste Ashley Young i en duell ved lengste stolpe, tok ned ballen og knallet den i mål.

    Luton måtte vinne for å klatre forbi Nottingham Forest og ta seg over nedrykksstreken, men er i stedet bak på målforskjell med en kamp mer spilt.

    Everton kom fra seier i tre strake hjemmekamper og har tross sine poengstraffer berget plassen. Likevel ville laget gjerne fortsette seiersstimen.

    UZxSU_N9CXo
    Foto: AP
  • Schjelderup-perle hjalp Nordsjælland til seier

    En frisparkperle fra Andreas Schjelderup ble vinnermålet da Nordsjælland slo AGF 3-1 borte. Laget henger med i gullkampen i dansk fotball.

    Farum-laget inntok 2.-plassen tre poeng bak Brøndby, men ett foran FC København og Midtjylland før de tre andre topplagene skal i aksjon søndag.

    Halvparten av målene i kampen ble scoret av banens to nordmenn, for på overtid reduserte Magnus Knudsen for AGF, som torsdag spiller cupfinale mot Silkeborg.

    Søndag er det storkamp mellom Midtjylland og Brøndby, mens FC København gjester nettopp Silkeborg. (NTB)

    Z9MpMJjlMEg
    Foto: NTB
  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    x0J7YQ1S8hE
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal