Skiskyttaren er for augeblikket i Ruhpolding og trenar med det tyske skiskyttarlandslaget, som ektemannen hennar Sverre er trenar for.
Sommaren har bydd på mykje motgang, og forma skranglar.
– Det har vore tungt i sommar. Eg har ikkje fått den responsen på treninga som eg skulle ynskje, og eg skjønte ikkje heilt kvifor. Så fekk eg helveteseld på starten av hausten, seier Røiseland til NRK.
Ifølgje NHI er helveteseld ein sjukdom som gir kløe, utslett og brennande smerter. Det sette ho fullstendig ut av spel.
– No har eg hatt nokre veker heilt av, og er så vidt i oppstartsfasen no. Eg kan ikkje seie at det flyt heilt enno, så eg må ta små steg på veg tilbake, seier ho.
No tør ho ikkje å ha eit mål om å bli samanlagtvinnar komande sesong, slik som ho blei i fjor. Difor har ho sett seg eit anna mål.
Sette kjeppar i hjula
Det er ei blid Røiseland som møter NRK etter trening med dei tyske skiskyttarane, men enda gladare er ho for å trene saman med ektemannen hennar.
Ho skulle derimot ynskje at ho var i betre form per dags dato, og er spent på korleis forma eventuelt vil vere når sesongen brakar i gong.
– Akkurat no får samanlagtsiger bli ein bonus. Eg skulle gjerne ynskje eg var i betre form, men eg håpar eg har god nok tid til å kome meg i bra trening fram til snøen kjem, seier Røiseland.
Ho har heller tru på at ho skal kome i god form til februar. Då er det VM i Oberhof, og Røiseland røper at ho har veldig lyst til å utfordre dei tyske skiskyttarane på si heimebane.
– Det var jo det som motiverte meg til å halde fram, at Sverre er trenar for dei tyske damene og at dei har VM på heimebane. Eg har veldig lyst å prøve å vere ein utfordrar der. Då har eg litt betre tid på meg. Det blir det store målet i år, seier Røiseland.
– Du har lyst å vere ein liten gledesdrepar for Sverre?
– Eg skal i alle fall prøve så godt eg kan. Det kjem til å bli tøft, eg veit dei kjem til å gjere ein utruleg god jobb. VM på heimebane blir noko heilt spesielt, men eg har lyst å prøve så godt eg kan å øydelegge litt for dei, seier ho og smiler.
Bør skrote konkurransar
NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde meiner det er fornuftig å skrote målet om samanlagtsiger. Då måtte ho hatt eit solid treningsgrunnlag, som aller helst burde starta 1. mai, seier han.
Men han ser ingen grunn til at Olsbu Røiseland ikkje skal vere i god form til VM i februar, men meiner at all trening framover må fungere som det skal.
– Ho kan heilt klart rekke nokre løp, men ho er nøydd til å leggje opp ein svært fornuftig konkurranse- og treningsplan. For å vere sikker på at ho skal vere i god form til VM, så trur eg at ho bør skrote eit par, tre verdscuprundar før VM, seier Lunde til NRK.
Han likar målet om å vere utfordrar til dei tyske damene på heimebane.
– Eg synest det er veldig moro at ho seier det. Viss alt går på skin frå no, vil det ikkje bli noko problem. Eg trur ho heilt klart kan vere ein av dei største favorittane til å bli VM-dronning. Ho vart OL-dronning førre sesong, så, seier Lunde.