Hopp til innhold

Marerittet til Molde-nevøen gjer sterkt inntrykk: – Får gåsehud

Skiskyttardronning Liv Grete Skjelbreid fekk vondt i hjartet då ho høyrde nevøen skrike gjennom TV-skjermen. Ho er full av beundring for måten han har jobba seg tilbake på.

Ellingsen Skjelbreid

STØTTE FRÅ TANTE: Måten Martin Ellingsen kjem tilbake på frå langtidsskade gjer tante Liv Grete Skjelbreid rørt.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / Malin Jørnholt / NRK

– Eg såg kampen då han vart skadd. Det er sjeldan han skrik veldig høgt, for han har ganske høg smerteterskel. Men eg trur alle som kjenner Martin kjende det på kroppen gjennom TV-ruta. Det skriket var så høgt at ein skjønte det, dette var ikkje ein liten skade.

Det seier Liv Grete Skjelbreid, som er tante til Molde-profilen Martin Ellingsen.

28-åringen har nemleg dei siste åra har hatt eit skademareritt av dei heilt sjeldne.

Som Ellingsen sjølv ordlegg seg overfor NRK:

– Det er sjølvsagt kjipt, men eg har dessverre god trening i det.

Eliteserien fotball 2021 Stabæk - Molde (0-3)

HER GJEKK DET GALE: Moldes Martin Ellingsen måtte gå av banen med skade mot Stabæk i 2021. Lite visste han kva som venta.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ein skal nemleg ha god psyke for å takle det livet har sendt i retninga hans dei siste åra.

Først mista han heile 2018-sesongen etter fire operasjonar og fleire ulike skader.

Det tok så lenge som 14 månader før han var tilbake i spel.

I 2021 var uhellet ute igjen.

I ein bortekamp mot Stabæk i oktober rauk korsbandet – ein skade som enda med å halde han borte frå fotballbanen i heile 645 dagar før han endeleg var tilbake igjen for Molde i august denne sesongen.

– Får gåsehud

Liv Grete Skjelbreid, som blir rekna som ein av dei beste skiskyttarane i historia på kvinnesida med 16 OL- og VM-medaljar, seier ho blir rørt av å tenkje på den tøffe tida og vegen til nevøen tilbake.

– Eg får faktisk litt gåsehud, innleier ho.

Skjelbreid trur alle som driv med toppidrett kan forstå kva det kostar å bli skadd.

Men 645 dagar, der du kontinuerleg må gjere dritjobbar der du ikkje kjenner du trenar, men berre er nøydd til å gjere for å trene stabilitet dag ut, dag inn. Alle dei andre på laget spelar, men du sit på ergometersykkelen eller driv på med fysioterapeut. Det er standhaftig, seier ho.

Liv Grete Skjelbreid

STOLT: Liv Grete Skjelbreid er svært stolt av nevøen sin og er spent før cupfinalen søndag.

Foto: Marit Sofie Strand / NRK

– Beskriv han som person

Ho har derfor veldig stor respekt for måten nevøen har kome tilbake på.

– Han må sjølvsagt jobbe vidare og bli endå betre. Men eg synest at når han har klart å kome inn på laget igjen etter det comebacket, etter så lang tid ute, at det beskriv eigentleg Martin som person, seier ho.

Ellingsen set pris på støtta frå kjendistanta.

– Det er veldig hyggjeleg ord. Det er det absolutt. Ho veit kva ho snakkar om når det gjeld trening, standhaftigheit og målmedvit. Så det er absolutt noko å ta med seg vidare, seier han.

Martin Ellingsen

FEKK HELSING: Martin Ellingsen ser på videohelsing frå tante Liv Grete.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

NRK besøkjer Ellingsen på ei av treningane før cupfinalen laurdag, der han er venta å få ei viktig rolle i Molde-forsvaret mot eit åtaksvillig Glimt-lag.

Då Molde slo nettopp Glimt i cupfinalen i 2022, sat han skadd på tribunen.

Hugsar intervalløkt

På spørsmål om kva Liv Grete Skjelbreid, som også har vore toppidrettsutøvar, har betydd for han, svarer Ellingsen at det særleg er evna til å berre «køyre på» som han har prøvd å ta med seg inn i fotballen.

– Eg hugsar eg var og sprang intervallar med henne for nokre år sidan, og på det tidspunktet hadde ho sjølvsagt lagt opp for ei god stund sidan. Men det tempoet ho gjekk ut i var heilt usakleg. Då gjekk ho på ein smell. Ho skulle sjølvsagt prøve å slå meg, men det gjekk ikkje, seier han med eit smil.

Og legg til:

Men ho berre køyrde på likevel. Så ho har betydd mye og lært meg litt, det har ho absolutt.

Liv Grete Skjelbreid og Martin Ellingsen

KONKURRERTE: Liv Grete Skjelbreid og Martin Ellingsen har begge konkurranseinstinkt. – Eg er ganske sikker på at eg må ha hatt ein skikkeleg god sesong i forkant av denne påska. Viss ikkje hadde eg garantert ikkje fått startetappen mot han her, seier Liv Grete om dette biletet.

Foto: Privat

Ellingsen, som av tanta blir beskriven som «ein person som ser ut som ein engel, men det er sjeldan han er heilt uskuldig», er no på ein god stad i livet.

– Vart inneslutta

Det er godt å kjenne på etter å ha lagt bak seg langt mørkare periodar.

Dei lange skadeavbrota gjorde nemleg sitt for å teste psyken hans.

– Ein blir ein litt annan person. Det går utover andre ting i kvardagen. Du blir kanskje litt inneslutta, byr ikkje like mykje på deg sjølv og pratar mindre med folk, fortel han.

Martin Ellingsen

TILBAKE I RAMPELYSET: Martin Ellingsen har denne sesongen gjort comeback etter eit langvarig skadeopphald.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Molde-spelaren beskriv det som at skadeproblema vart altoppslukande.

– Eg tenkte ikkje på noko anna. Det var liksom fem sekund der eg kunne tenkje på noko anna, og så berre kom det tilbake igjen. Det er nesten umogleg å tenkje på noko anna når du kanskje fryktar litt for karrieren din, seier han.

– Vurderte aldri å gi opp

Frykta for ufrivillig karriereslutt vart ikkje mindre av at han førebels ikkje har nokon «backup-plan» i form av utdanning eller noko anna å falla tilbake på.

– Vurderte du nokosinne å gi opp?

– Nei, eg vurderte aldri å gi opp. Det gjorde eg ikkje, men du veit aldri korleis det går. Eg visste ikkje om eg kom tilbake, det gjer ein jo aldri. Men eg tenkte aldri på å gi opp, fortel han.

Molde-kaptein Magnus Wolff Eikrem har sett på nært hald korleis lagkameraten har kjempa for å kome tilbake som fotballspelar.

Eikrem beskriv Ellingsen som eit førebilete.

Martin Ellingsen

BLID IGJEN: Livet smiler til ein no skadefri Martin Ellingsen.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

– Alle som er i garderoben har sett at han har trene, fått tilbakeslag, trene, fått tilbakeslag. Vi har hatt fleire her som har vore langtidsskadde og måtte lagt opp, og du byrjar å tenkje i dei banar når ein er ute så lenge. Men han har vist at det er mogleg å kome tilbake, og han har vore heilt fantastisk for oss i år. Vi håpar han spelar her i mange år og held seg frisk, seier Eikrem til NRK.

Og understrekar:

– Han er ein fantastisk fotballspelar vi er veldig glade i her i klubben.

Etter å ha vore på den mørkaste staden i karrieren over lang tid med skadeproblem, kan Martin Ellingsen førstkomande laurdag få ein av dei største oppturane i karrieren.

Den tradisjonsrike cupfinalen er ein kamp Molde MÅ vinne om det skal bli europacupplass også neste sesong.

– Etter alt det du har gått gjennom, korleis vil det vere å spele finalen og eventuelt vinne den?

– Det vil jo vere utruleg stort. Eg har spelt i ein cupfinale for Kongsvinger tidlegare og tapte den så det song. I fjor var eg med og såg på. Så eg har jo endå ikkje spelt i ein cupfinale og vunne. Så det vil vera utruleg stort, seier han.

Les også Molde-profilen mistet søsteren til kreft: – Et savn at hun ikke er der

Casper Øyvann

  • Sjå cupfinalen mellom Molde og Bodø/Glimt laurdag klokka 16.00 på NRK1 eller høyr kampen på NRK Sport på radio.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Regjerende mester Molde slapp med skrekken – snudde til seier etter Sarpsborg-utvisning

    Sarpsborg 08 var nær en skikkelig cupbombe, før Sondre Ørjasæter ble sendt i dusjen. Da snudde de regjerende mesterne Molde til 4-2-seier på hjemmebane.

    Dermed lever fortsatt Moldes drøm om å forsvare NM-tittelen.

    Det var Sarpsborg som kom best ut fra startblokkene da Peter Reinhardsen sendte Sarpsborg i ledelsen etter en drøy halvtime.

    Tre minutter inn i 2. omgang utlignet Kristian Eriksen for Molde, men det resultatet holdt seg ikke i ett minutt engang før Sondre Ørjasæter sendte østfoldingene i ledelsen igjen.

    Dessverre for 20-åringen var veien kort fra helt til syndebukk da han satte inn en grisetakling på Eirik Haugan. Det resulterte i hans annet gule kort og marsjordre.

    Dermed åpnet det seg store rom for de regjerende mesterne, som satte inn to raske mål signert Anders Hagelskjær og Magnus Wolff Eikrem.

    Med åtte minutter igjen på klokken fastsatte Eirik Hestad resultatet for vertene.

    I Bærum tok Stabæk seg videre med 5-1-seier over divisjonskollega Bryne, mens Sandnes Ulf vant 5-3 borte over Eidsvold Turn. Fredrikstad sikret seg også avansement med 3-2 borte over Raufoss.

    Etter ekstraomganger klarte også KFUM å ta seg videre med 3-2-seier over Lysekloster, mens Vålerenga tok seg videre på straffet på bekostning av HamKam. (NTB)

    Kristian Eriksen
    Foto: NTB
  • Beltran sendte Fiorentina til conferenceligafinalen – 4-3 sammenlagt over Vetlesen og Nusas Brugge

    Lucas Beltran ble den store helten da han sikret 1-1 til Fiorentina borte mot Brugge i semifinalen i conferenceligaen.

    Italienerne hadde nemlig en 3-2-ledelse fra det første oppgjøret og er dermed klar for finalen i conferenceligaen med 4-3-seier sammenlagt.

    Hugo Vetlesen startet kampen for Brugge og pådro seg et gult kort før han ble byttet ut etter 70 minutter. Antonio Nusa startet på benken, men kom inn etter 86 minutter.

    Brugge fikk en drømmestart på kampen da Maxim De Cuyper stanget vertene i ledelsen etter 20 minutter. Dermed sto det også likt mellom lagene.

    Dessverre for belgierne pådro de seg en straffe da det bare sto igjen fem minutter på klokken. Den banket Beltran i nettmaskene bak Simon Mignolet.

    Vetlesen
    Foto: AP
  • Hoppkvinnene får utvidet skiflygingsrenn i Vikersund neste sesong: – Et veldig stort skritt

    Neste sesong skal for første gang 25 kvinnelige hoppere få delta i et skiflygningsrenn i Vikersund. Det blir også renn i Holmenkollen, tross VM i Trondheim.

    Det ble klart da hoppkomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) hadde møte i slovenske Portoroz onsdag.

    – Vi er stolte over at vi får til en Raw Air-turnering også i VM-året i Trondheim, og vi gleder oss ekstra til å vise fram VM-heltene i Holmenkollen og Vikersund bare noen dager etter mesterskapet, forteller prosjektleder for turneringen, Ståle Villumstad.

    Til tross for at det skal arrangeres ski-VM i Trondheim mellom 28. februar og 9. mars, har også Holmenkollen fått hopprenn bare fire dager etter mesterskapet, på en torsdag.

    Forrige sesong satte Silje Opseth verdensrekord i Vikersund, og hun gleder seg nå over at 25 kvinner skal få delta i 2025. Denne sesongen var det 17. (NTB)

    Silje Opseth
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal