Den 24 år gamle rogalendingen har det med å kome i fokus, både gjennom scoringar, utanomsportslege sprell og mange, mange gule kort.
Førre helg kom han i fokus
. Mot slutten av første omgang dytta Tommy Høiland Dempar Phillips, som då svarte med å sette kneet i Høiland til raudt kort.Seinare fekk Høiland sjølv eit uvanleg raudt kort, då etter to gule. Høiland fekk sitt første gule for å provosere Phillips, før det andre gule kom då han stempla AaFK-keeper Sten Grytebust.
- Les også:
Skuldar på instinkt
No må Høiland stå over mot gamleklubben Sandnes Ulf. Høiland kom til Molde i juli.
– Det er utruleg kjedeleg, slår han fast til NRK.
– Er det smertefullt å tenkje på at du kunne spelt om du hadde telt til 10?
– Ja, det er det sjølvsagt, men det skjer på instinkt. Eg prøver å blokkere utspelet frå keeper, så det er sånn som skjer. Det er unødvendig, men eg får ikkje gjort noko med det no.
24-åringen skulle svært gjerne vore i aksjon på Aker Stadion. Om gamleklubben får med seg tre poeng, vil dei klatre opp til 31 poeng – likt med Molde.
– Tatt fleire poeng utan meg
Høiland er derimot klar på at Molde skal ta tre poeng heime mot Sandnes Ulf på ein vanleg dag.
– Men slepper vi oss ned nokre hakk så kan det bli vanskeleg. Er vi 100 prosent skjerpa så skal vi vere eit betre lag, meiner Høiland.
– Sandnes Ulf er vel kanskje heller ikkje det same laget utan deg?
– Vel, dei har tatt fleire poeng utan meg enn med meg i år, så dei har kanskje blitt eit betre lag, flirer Molde-spissen.
Trur på bortepoeng
I Sandnes er trua på poeng med seg heim etter kampen søndag klokka 18.00 god.
– Vi veit at moglegheitene er der, sjølv mot Molde, seier Asle Andersen til klubben si nettside.
Sandnes Ulf-trenaren meiner Molde har presset på seg.
– Det vil nok vere store odds på siger til oss. Vi reiser til Molde og føler vi har alt å vinne, og vi veit at vi kan ta poeng på ein god dag. Og kanskje har Molde ein dag der ikkje alt fungerer.