Hopp til innhold

Løpstalent hevdar utestengt trenar tvang ho ned i vekt

Det amerikanske løpstalentet Mary Cain skal ha blitt pressa så mykje ned i vekt av trenaren at ho mista menstruasjonen i tre år. No åtvarar Karoline Bjerkeli Grøvdal andre unge jenter.

Nike Cain Athletics

TRENTE SAMAN: Her er trenar Aleberto Salazar (t.v.) og Mary Cain i 2013. Salazar skal ha tvunge løpstalentet ned i vekt.

Foto: Don Ryan / AP

– Eg blir både opprørt og trist når eg høyrer Mary Cain si historie, seier Bjerkeli Grøvdal til NRK.

Mary Cain vart i 2013 den yngste amerikanske friidrettsutøvaren til å stille i eit verdsmeisterskap. Men historia ho har delt denne veka i New York Times har skaka friidrettsverda.

Nike Cain Athletics

KROPPSPRESS: Supertalentet Mary Cain fekk kroppen øydelagt etter krav om å bli tynnare.

Foto: Charlie Neibergall / AP

Det unge talentet var lenge ein del av prestisjeprosjektet til Nike – og den nyleg dopingutestengte trenaren Alberto Salazar.

Salazar skal har vore overtydd om at det amerikanske løpstalentet måtte bli tynnare og tynnare, heilt til ho nådde målet om å bli 114 pund (51,7 kg).

Etter at han i haust vart utestengt i fire år for brot på dopingreglementet og programmet vart lagt ned, valde Cain å dele si eiga historie under dette regimet.

Fekk sjølvmordstankar

Trenaren skal mellom anna bede ho om å gå på prevensjon og ta vassdrivande middel for å gå ytterlegare ned i vekt.

Til slutt skal kroppen ha blitt så nedkøyrt at ho mista menstruasjonen i tre år og brakk fem bein i kroppen.

Cain utvikla sjølvmordstankar og begynte i periodar å kutte seg sjølv.

Laster Twitter-innhold

– Eg slutta å like å springe for ein lang periode. Eg var så såra over at ingen såg meg slite eller prøvde å hjelpe meg, fortel ho i eit intervju med Insider.

Då Cain folèt Nike sitt Oregon-prosjekt i 2016 skal ho ha følt seg fysisk og følelsesmessig mishandla av Salazar.

Cain seier at trenaren hang ho ut framfor andre i laget då ho ikkje nådde krava til vektmål.

– Ingen gjorde eller sa noko, fortel Cain.

Då ho sjølv fortalde trenaren at ho hadde kutta seg, skal han ha sparka ho frå laget. Til slutt var det foreldra som henta ho heim og bad ho om å slutte i Nike-programmet.

Salazar nektar for skuldingane – Nike undersøker saka

Nike seier i eit intervju med Insider at dei tek påstandane svært alvorleg, og at dei kjem til å forhøyre seg med tidlegare utøvarar som har delteke i programmet.

– Vi prøver alltid å sette utøvarane i sentrum for alt vi gjer, og desse påstandane er heilt i strid med verdiane vår, opplyser Nike.

Salazar nektar for skuldingane overfor The Oregonian.

– Verkan foreldra eller Mary tok opp problema ho no påstår skjedde då eg trente henne. For å vere tydeleg: Eg oppmuntra aldri, eller endå verre, hang ho ut, for å oppretthalde ei usunn vekt, seier Salazar.

Ei rekke internasjonale medium, blant anna CNN, har forsøkt å få intervju med Salazar utan å lykkast.

Ber unge jente ikkje samanlikne seg med andre

Karoline Bjerkeli Grøvdal har konkurrert mot Mary Cain og kjennar ho litt som utøvar. Sjølv har ho aldri opplevd noko liknande, men Grøvdal meiner det er veldig viktig å belyse saka.

Laurdag skreiv ho eit langt innlegg om temaet på Instagram.

– Eg blir opprørt fordi støtteapparatet, i Cain sitt tilfelle, har skulda, skriv Grøvdal.

– Vekt er eit tilbakevendande tema i denne sporten. I staden for å bli påverka av kva andre seier og meiner, håpar eg at unge idrettsutøvarar når ut til nokon dei stolar på og nokon som faktisk veit kva dei snakkar om, skriv Grøvdal vidare.

Grøvdal utdjupar overfor NRK at ho trur det er mangel på kompetanse blant leiarar og trenarar rundt utøvarane.

Kroppspress er ein kjent problematikk i mange idrettar.

Friidrett i Sandnes.

ÅTVARAR: Karoline Bjerkeli Grøvdal åtvarar unge norske jenter.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Eg trur mange, både idrettsutøvarar og miljøet, har erfaringar med og kjennskap til kroppspress. Men eg trur det er viktig å kunne prate om kropp og vekt i for eksempel springing. Det er ikkje noko å skjule at det er viktig. Det er viktig å vere lett, og det er ein del av idretten. Det er viktig å ha openheit om det, men eg trur det er viktig å ha kunnskap om kva som er rett og gale. Fordi det er små marginar. Kompetanse hos trenarar og leiarar, og folk rundt utøvarane, er veldig viktig, seier Grøvdal.

Den norske friidrettsutøvaren peikar på at det ikkje er noko som heiter den perfekte eller ideelle kroppen.

– Vi er alle ulike, vi har alle ulike organ og vi har ulike behov for å prestere på vårt beste.

Ho kjem også med klare råd til unge jenter som opplever kroppspresset i idretten. Grøvdal meiner unge jenter ikkje skal samanlikne seg med andre.

– Godta aldri at ein trenar eller andre i støtteapparatet ditt fortel deg korleis kroppen din skal sjå ut, skriv Grøvdal.

Siste nytt

  • NM i super-G er avlyst

    Krevende snøforhold gjorde at juryen i NM i alpint så seg tvunget til å avlyse fredagens super-G-renn i Trysil.

    Dermed ble NM-rennene avlyst for tredje dag på rad. Det var heller ikke mulig å gjennomføre utforrennene verken onsdag eller torsdag.

    Begge kjønn skulle ha kjørt renn, men slik blir det ikke.

    Onsdag var det i hovedsak tåken som ødela. Både torsdag og fredag var det mildvær kombinert med nysnø som gjorde at rennene ikke kunne arrangeres.

    Etter planen går lørdagens storslalåm og søndagens slalåm som planlagt. Det er meldt minusgrader til helgen, noe som øker sjansene for at rennene går som planlagt. Begge rennene skal sendes på NRK.

    FIS World Cup utfor kvinner
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Messi scoret sitt mål nummer 800

    Lionel Messi og resten av det argentinske landslaget var for første gang tilbake i hjemlandet for å spille fotballkamp igjen etter VM-triumfen i fjor.

    Panama var motstander, og det ble en historisk aften for Messi. Etter 78 minutter skjøt han et frispark så nære krysset som mulig, men ballen traff metallet. På returen dukket Tiago Almada opp og satte inn 1-0.

    Kun to minutter senere lyktes det skikkelig for Messi. Igjen var det på frispark, men denne gangen gikk den i en vakker bue over muren og inn i nettet.

    Det var Messis mål nummer 800 i karrieren.

    Det argentinske laget ble hyllet med fyrverkeri og allsang på tribunen før kampen, og spillerne stod ute på matta med tårer i øynene.

    APTOPIX Argentina Panama Soccer
    Foto: Gustavo Garello / AP
  • Zuccarello og Wild tapte mot Flyers

    Minnesota Wild og Mats Zuccarello tapte 5-4 for Philadelphia Flyers på bortebane. Kampen endte med shootout.

    Resultatet etter full tid var 4-4, og på overtid ble det ingen mål. I den avgjørende straffekonkurransen trakk Flyers det lengste strået.

    Zuccarello fikk hele 21.55 minutter på isen, og noterte seg for en assist og tre skudd på mål under kampen.

    (©NTB)

    Wild Flyers Hockey
    Foto: Matt Slocum / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste