– Det var litt overraskande, men veldig gledeleg, kommenterte AaFK-trenar Jan Jönsson 3-2-sigeren på La Manga.
For på papiret var nok ikkje AaFK storfavoritt før kampen mot Nordsjælland.
I 2012 spelte den danske klubben Champions League-fotball mot mellom andre Chelsea. Søndag var dei oransje og blå frå Ålesund motstandar på La Manga.
Kampen starta i det minste bra for Nordsjælland ...
- Les også:
I leiinga tidleg
Det danske laget gjekk hardt ut frå start, og allereie etter ni minutt kom 1–0.
Etter eit frispark blei ballen slått hardt inn i feltet. Nordsjælland-spelar Joshua John var på plass, og styrte leiinga i mål bak Sten Grytebust.
Ikkje så veldig lenge etter kom 2–0. I det 18. minutt blei Uffe Bech i raskaste laget for AaFK-stoppar Edvard Skagestad.
Bech gjekk forbi Skagestad, før han banka ballen i mål. Akkurat då såg det ikkje lyst ut for AaFK.
– Dei første 30 minutt hadde vi problem, og vi var ikkje merksame nok på dei to måla. Men så kom vi litt meir inn i matchen dei siste 15 minutta, fortel Jönsson.
Leke snudde kampen for AaFK
I første omgang var det danske laget best, sjølv om AaFK henta seg inn igjen litt etter 2-0-scoringa.
Etter pausen kom derimot AaFK ut i hundre.
50 minutt var gått då AaFK reduserte til 2–1. Leke James fekk ballen servert, og banka ballen i mål.
I det 59. minutt var same mann på plass igjen. Jo Nymo Matland slo perfekt inn frå cornerflagget, der James umarkert fekk utlikna med hælen.
Og så, på berre 11 minutt, snudde Leke James kampen med eit ekte hat-trick:
Svært svakt forsvarsspel frå Nordsjælland gjorde at James fekk med seg ballen, før AaFK-spissen la 3-2-scoringa i mål.
Den siste halvtimen blei det ikkje fleire scoringar, og AaFK tok ein litt overraskande siger på La Manga.
– Ikkje ufortent
AaFK-trenar Jönsson meiner sigeren til slutt var fortent.
– I andre omgang hadde vi vinden i ryggen. Vi hadde bra kontroll i forsvar og ikkje minst ein Leke som fann målet tre gonger.
– Så det var ikkje heilt ufortent at vi stakk av med sigeren til slutt, seier Jönsson.
Om hat-tricket til 20 år gamle Leke James har trenaren mange gode ord.
– Det er svært sterkt og bra av han. Leke har allereie vist målform.
– Vi er gode som eit kollektiv i dag, men det blir litt ekstra ros til Leke, avslutta AaFK-trenaren.
- Les også:
- Les også: