Jan Jönsson har jobba hardt med å setje sitt eige preg på AaFK, etter at han tok over i januar.
- Les også:
Tysdag tok han ut si første lagoppstilling, då nabo Skarbøvik var motstandar i Sunnmørshallen. AaFK gjekk ut i 4-2-3-1.
Sten Grytebust fekk, ikkje overraskande, tillit i mål. Hugues Wembango, Jonathan Tollås, Edvard Skagestad og Jo Nymo Matland utgjorde forsvaret.
Fredrik Carlsen og Peter Orry Larsen utgjorde toaren på midten, medan Michael Barrantes, Kjell Rune Sellin og Leke James spelte offensivt. Heilt fremst fekk Christian Myklebust tillit.
Utover i kampen byta derimot AaFK-trenaren mykje.
Opna på straffe
– Det kjennest bra ut å vere i gang, sjølv om det berre er ein treningskamp. Men det er positivt å spele fotballen eg vil skal spelast. Det var bra og variert angrepsspel, kommenterte Jan Jönsson etter kamp.
AaFK var sjølvsagt storfavoritt i møte med SIF – laget som rykka opp igjen til 2. divisjon i 2012.
I Sunnmørshallen kom 1–0 etter 25 minutt. Christian Myklebust blei lagt i bakken på 10 meter etter ein strålande soloprestasjon. Frå straffemerket var Leke James sikker.
Etter 35 spelte minutt dobla Michael Barrantes leiinga med eit flott skot frå dryge 20 meter.
To chippar og eitt frispark
I andre omgang heldt AaFK oppe trykket. Barrantes noterte seg med si andre scoring etter 55 minutt.
Costaricanaren sprang seg fri på venstrekanten og lobba 3–0 over keeper frå skrått og langt hald.
Etter 69 minutt scora frisparkspesialist Jo Nymo Matland 4–0 på, ja, nettopp eit frispark. Frå 20 meter banka han ballen i mål med venstreslegga.
Innbytar Magnus Sylling Olsen, som er tilbake etter utlån, scora 5–0 etter 77 minutt. Angriparen blei spelt gjennom, før han chippa ballen elegant i mål.
Fire meter angrep!
Barrantes scora 6–0 i det 85 minutt. Hat-tricket kom til etter eit vakkert skot frå 16-meteren.
Utover i andre omgang hadde i tillegg to høgreiste spelarar funne vegen på bana. Sander Post (1,99 centimeter) og Tor Hogne Aarøy (2,04 centimeter) spelte i angrepet saman.
Den Japan-heimvendte son Aarøy kom i tillegg på scoringslista, då han i det 89. minutt scora 7–0 på hovudet etter eit vakkert innlegg frå kanten.
– Dette var veldig kjekt. Det er kjekt å vere heime og å drage på seg den oransje drakta igjen, sa Aarøy – som veldig gjerne vil spele i AaFK i 2013.
Tysdag kveld blei i alle fall Aarøy si scoring den siste i Jan Jönsson sin første kamp bak roret i AaFK. Så står det igjen å sjå om det blir fleire Aarøy-scoringar i oransje og blått.
- Les også:
- Les også: