For i det 25. minutt, i kampen som gjekk innandørs i Sunnmørshallen i Ålesund, blei Kristiansund-keeper Elias Valderhaug skadd. Seinare viste det seg at han hadde brote eit bein i foten.
I kampen blei derimot problemet at KBK ikkje hadde med seg reservekeeper, fortel trenar Geir Bakke.
– Vi hadde ikkje moglegheita til å ta med to keeperar i dag. Som regel går det bra, men ...
I ein serie- eller cupkamp hadde den einaste moglegheita vore å setje ein utespelar i mål. I ein treningskamp er det derimot treninga som tel.
Og AaFK hadde meir enn éin keeper. Mathias Rasmussen, heimelaget sin 20 år gamle keeper, var raskt på banen og spelte for den nyopprykka klubben.
Heldt buret reint
Kampen i seg sjølv var ingen eksplosjon av spenning og mål, for å seie det mildt.
Det enda 0-0, då verken AaFK eller Kristiansund var gode nok i 16-meterane.
Likevel var Rasmussen på plass ved fleire høve, og redda gode forsøk frå fleire lagkameratar.
– Han kjem inn og gjer ein kjempematch, meinte KBK-trenaren
– Så det blir å kjøpe han no?
– Kanskje det. Vi har ikkje pengar, men vi kan låne han gratis, humra Bakke.
– På sparket
I pausen blei Rasmussen med KBK i garderoben. Det står igjen å sjå om han blir oppført i Kristiansund sin adelskalender.
Skryt fekk han i alle fall av trenaren gjennom 70 prosent av ein treningskamp.
– Du tør å setje i gang, du tør å skape vinklar og å spele bak. Kjempemessig, takk for at du stilte opp, sa Bakke til Rasmussen etter kampen.
– Korleis var det å plutseleg spele for eit anna lag, spurte NRK sin reporter?
– Eg tenkte ikkje så mykje over det eigentleg. Det blei gjort ganske på sparket. Så eg prøvde å få det til ei god oppleving.
– Sjølv føler eg det gjekk greitt. Eg kom i gang ganske tidleg og eg kjenner den eine stopparen frå før òg, så det hjelpte meg litt, smilte 20-åringen.