Hopp til innhold

Leik med kompis øydela karrieren: – Kvifor var eg så idiot?

Ein absurd situasjon tvang det som var ein av Noregs mest lovande høgrebackar til å leggje proffkarriera på hylla.

Kristoffer Haraldseid etter å ha lagt opp og utallige operasjoner

Slik ser kneet ut etter ulykka.

Foto: Håkon Mannsåker / NRK

– Det kom eit renn av kjensler, seier Kristoffer Haraldseid.

Molde hadde akkurat slått Bodø/Glimt på Ullevaal og vunne cupen. I spelarbussen var stemninga euforisk, men i eit hjørne for seg sjølv sat Haraldseid og grein.

– Eg klarte ikkje å vere med på feiringa, eg hadde nok med meg sjølv.

Tanken på at det var han som skulle vore ute på matta under cupfinalen vart for mykje.

Molde-laget feirer å blitt norgesmestere 2022. Kristoffer Haraldseid er nummer tre fra venstre bak.

Molde-laget feirar å ha vorte noregsmeistrar 2022. Kristoffer Haraldseid er nummer tre frå venstre bak.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Svein Ove Ekornesvåg

Vore gjennom eit mareritt

Det lagkameratane kunne juble for var augneblinken han sjølv hadde jobba for og drøymt om heile livet. Å kunne løfte kongepokalen og vinke stolt til familie og vener på tribunen.

– Eg hadde vore den gladaste i bussen, seier han.

Slik vart det ikkje.

– Dei siste tre åra har vore eit mareritt sportsleg.

Det var Haugesunds Avis som omtalte saka først.

Haraldseid trefte blink då han forlot Haugesund til fordel for Molde i 2019. Han spelte seg rett inn på laget, og vann Eliteserien på fyrste forsøk.

– Då var han svært bra, seier tidlegare trenar Erling Moe.

Fleire utanlandske klubbar viste interesse for Vatsbuen, men sjølv hadde han ikkje hastverk med å oppfylle draumen om å ta steget ut i Europa.

– Ein svart dag

På grunn av pandemien vart seriestarten utsett, og tre dagar før det endeleg braka laus igjen gjekk det gale på trening.

Frå sidelinja såg Moe at Haraldseid gjekk inn i ein heilt vanleg duell. I det høgrebacken snudde seg, kom det ein ulyd frå kneet hans.

– Det var ein svart dag, og ei forferdeleg trening. Eg kunne høyre at det var noko alvorleg, seier Moe som stod nokre meter unna.

Haraldseid hadde roke korsbandet, og ville miste heile 2020-sesongen.

– Då raste verda saman, seier han.

Her jubler Kristoffer Haraldseid etter å ha scoret 1-0 mot Mjøndalen i 2019.

Her jublar Haraldseid for skåring mot Mjøndalen i 2019.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Svein Ove Ekornesvåg

Skulle tilbake

Etter ein emosjonell telefonsamtale med far sin, bestemde han seg for kva for ei innstilling han skulle ha framover.

– Eg skulle tilbake, og det fortare enn dei ni månadene eg vart fortald eg ville vere ute, seier han.

Haraldseid jobbet knallhardt under rehabiliteringen.

Haraldseid har jobba knallhardt under rehabiliteringa. Her på Trimeriet i Haugesund.

Foto: Håkon Mannsåker / NRK

Og det såg det lenge ut til at han skulle klare.

Etter å følgt rehabiliteringa til punkt og prikke, var han berre veker frå å gjere comeback i 2021. Han vart med laget på treningsleir til Spania, og var nær å få trene med laget for fullt.

Medan han stod på sidelinja iført joggesko tusla han inn på det våte graset medan nokre av lagkameratane stod igjen for å skyte på mål.

Så fekk Haraldseid ein idé som skulle koste han fotballkarriera.

Haraldseid har spilt episoden i Spania om igjen flere ganger i hodet.

Haraldseid har spelt episoden i Spania om igjen tallause gonger i hovudet.

Foto: Håkon Mannsåker / NRK

Magekjensla stemde

– Eg skulle tulle med ein på laget, og spele bort ballen hans i det han skulle skyte han.

I det han sat stamfoten ned, sklei han på graset, vrei det skadde kneet, og landa på rumpa.

– Eg fekk ei veldig ekkel kjensle då det skjedde, seier han.

Magekjensla viste seg å stemme. Etter å ha teke nye sjekkar av kneet viste det seg at han har slått opp ein brusk både på undersida og baksida av kneet.

Sidan har ikkje Haraldseid spelt fotball.

Verste som kunne skjedd

For han prøvde i til saman tre år å komme seg tilbake frå skadane. Han møtt tallause spesialistar og gjennomført fleire operasjonar, utan at kneet har respondert som ønskte.

Slik ser kneet ut i dag.

Kneet har tydelege arr etter operasjonane.

Foto: Håkon Mannsåker / NRK

Ved nyttår gjekk kontrakten med Molde ut. No har han lagt opp proffkarrieren og flytta heim til Haugesund med familien i ein alder av 29 år.

– At ei så lita hending kan få så stor innverknad på livet, det er så uheldig som det går an å bli, seier Moe.

– Eg har tenkt opp og i mente på kvifor eg var så idiot og skulle gjere det, seier Haraldseid med eit bittert smil.

– Det var vell det verste som kunne skjedd på det gitte tidspunktet for han. Det er jævla trist for Kristoffer, seier Moe.

Hadde vore landslagsaktuell

Han meiner Haraldseid hadde vore på eit heilt annan stad enn Haugesund i dag, om det ikkje var for skadane.

– Eg er heilt sikker på at han hadde fått eit utanlandseventyr og vore aktuell for landslaget. Alt låg til rette for det, seier Moe og held fram:

– Eg tviler på at han hadde spelt i Molde den dag i dag.

Kristoffer Haraldseiv (til venstre oppe) har 66 U-landslagskamper, og spilte blant annet med Martin Ødegaard og Mohamed Elyounoussi.

Kristoffer Haraldseid (til venstre oppe) har 66 U-landslagskampar, og spelte mellom anna med Martin Ødegaard og Mohamed Elyounoussi.

Foto: Berit Roald / NTB

Mykje tyder på at antakingane til Moe stemmer. I ettertid har både Henry Wingo (Ferencváros) og Marcus Holmgren Pedersen (Feyenoord) som var Haraldseids erstattarar, teke steget frå Molde vidare ut i Europa.

Sjølv er mannen som står bokført med 66 U-landslagskampar samd i det Moe seier.

Eg var på ein veldig god karrieresti og hadde hatt systematisk framgang. Då skaden kom var eg på veg til å ta eit nytt steg, men no får eg aldri vite kvar det kunne enda, seier han.

Erling Moe tar Kristoffer Haraldseid i hånden etter at vatsbuen ble matchvinner mot Mjøndalen i 2019.

Her får Kristoffer ein handshake av trenaren under tida i Molde, Erling Moe, etter at han sørgde for 1–0 siger mot Mjøndalen i 2019.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Svein Ove Ekornesvåg

Samstundes er det ikkje det som er verst for 29-åringen.

– Det verste er at eg ikkje får gjere det eg elskar mest i livet. Utanom familien min, er det å spele fotball. Det er alt eg har lyst til å gjere, seier Haraldseid.

Får svar frå spesialistar

Innan kort tid får han svaret på om det nokosinne vil vere mogleg.

– Då får eg ei siste tilbakemelding frå spesialistane i Tyskland. Eg er realistisk og forventar at dei fortel det eg allereie veit, seier Haraldseid.

Når skoa vert lagt på hylla for godt er tida inne for å finne ein ny arbeidsgjevar.

– Eg skal nytte noko meir tid til å finne ut kva eg vil, men eg er open for det aller meste, seier Haraldseid med eit stort smil.

Akkurat no nyt han dei siste vekene i pappaperm.

Kristoffer Haraldseid og Philip.

Å ha sonen Filip under skadeperioden har gjort tilværet lysare for Haraldseid.

Foto: Håkon Mannsåker / NRK

Siste nytt

  • Slik starter England

    Det var knyttet stor forventning til hvilke elleve utvalgte Gareth Southgate ville stille til EM-åpningen mot Serbia søndag kveld.

    Nå har England-sjefen landet på følgende lag:
    Jordan Pickford – Kyle Walker, Marc Guehi, John Stones, Kieran Trippier – Declan Rice, Trent Alexander-Arnold, Jude Bellingham – Bukayo Saka, Harry Kane, Phil Foden.

    Mest oppsiktsvekkende er det at Alexander-Arnold, som spiller høyreback på klubbnivå for Liverpool, er midtbanespiller for landslaget.

    Kampstart mellom England og Serbia er klokken 21:00, og den følger du direkte på NRK Sport radio,

  • TV 2 gikk i svart: – Trolig forårsaket av et lynnedslag

    Midt i 1. omgang mellom Danmark og Slovenia gikk TV 2 i svart.

    Nesten 25 minutter var spilt da bildene ble borte. Etter 50 sekunder ble det sorte bildet erstattet med en plakat med påskriften «straks tilbake».

    – Vi har hatt et strømbrudd i Bergen. Trolig forårsaket av et lynnedslag. Det gjorde at strømmen gikk på Media City som gjorde at vi var nede. I øyeblikket vi fikk tilbake strømmen fikk vi kampen opp, og nå skal visst alt være i orden igjen. Det skal ha vært et lynnedslag som forårsaket det, sier TV 2s kommunikasjonssjef Jan Petter Dahl til NRK.

    Etter drøyt to minutter uten TV-bilder kom kampbildene opp igjen. Danmark ledet 1-0 både før og etter at kanalen gikk i svart, og TV-seerne ble ikke snytt for noen høydepunkter.

    Slik så kampen ut for TV-seeren etter 25 minutter.
    Foto: SKJERMDUMP TV 2
  • Wærenskjold vant Belgia rundt

    Uno X-rytter Søren Wærenskjold hang med helt inn på søndagens siste etappe og tok sammenlagtseieren i Belgia rundt.

    Han endte fire sekunder foran Mathias Vacek i sammendraget.

    – Det har ikke vært lett, hverken i går eller i dag. Dette gir selvtillit, men jeg har gitt alt og kjempet for hvert sekund, sier Wærenskjold i et intervju med arrangøren.

    Nordmannen takket også laget, og sa dette ikke hadde gått uten dem.

    – Det er Uno X' største sammenlagtseier. En perfekt løst sisteetappe, meldte Eurosports kommentator Theis Magelssen da sammenlagtseieren var sikret.

    Nordmannen åpnet rittet med seier på onsdagens tempoetappe. Siden har han beholdt ledertrøya, og han viser form to og en halv uke før Tour de France.

    Tim Merlier vant etappen som hadde både start og mål i Brussel.

    Tour de France 2023
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal