– Det finst langrennsløparar som ifølgje rapporten skal ha brote dopingreglementet under OL i Sotsji i 2014, skriv FIS i pressemeldinga som VG omtaler i dag.
– Dette vil bli granska. Vi kjem til å halde oss strengt til FIS' dopingreglement og Wadas antidoping-kode. Det betyr at vi ikkje går ut med namn før sakene er avslutta, skriv forbundet.
Richard McLaren har på vegner av antidopingorganisasjonen WADA gjennomgått påstandar om systematisk og omfattande juks med russiske dopingtestar under Sotsji-OL.
McLaren la fram første del av rapporten i juli og den andre delen sist fredag. Den fortel at over 1000 russiske utøvarar skal ha vore ein del av eit russisk dopingprogram frå 2011 til 2015.
12 av desse skal ha teke medalje på heimebane i OL 2014. Russland tok fem medaljar i langrenn, derav alle tre på femmila.
– Akseptere om v-cup-avslutninga blir flytta
Russlands langrennssjef Jelena Välbe seier til det russiske telegrambyrået R-Sport at ho ikkje har noko imot å flytte den planlagde verdscup-avslutninga i mars frå Tyumen til ein stad utanfor Russland, dersom det vil gi Russland goodwill til å la Russland delta i OL i Pyeongchang i 2018.
I går blei Sotsji fråteken VM i bob og skeleton som konsekvens av McLaren-rapporten. Fleire land hadde trua med å boikotte VM dersom det blei arrangert i Sotsji.
31 skiskyttarar mistenkt
Samstundes stadfester presidenten i det inernasjonale skiskyttarforbundet Anders Besseberg at 31 russiske skiskyttarar er mistenkte for doping.
– Nokre er utestengde frå før, nokre har slutta. Men dei andre skal vi granske og reagere så raskt som mogeleg, seier Bessberg til VG.