Lamslått av historiske Hegerberg: – Utan sidestykke

Ada Hegerberg toppa sin tredje meisterligatittel med å bli tidenes mestscorande i ein meisterligasesong. Etter bråket rundt 22-åringens landslags-nei er NRKs ekspert forbløffa.

Hegerberg

TRIPPEL-ADA: Ada Hegerberg jubla for sin tredje meisterligatittel etter å ha slått Wolfsburg i ukrainske Kiev.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er utan sidestykke. Ho har scoringsrekorden i ein meisterligasesong. Dette er toppen på prestasjonshimmelen når det gjeld fotball, seier Lise Klaveness.

NRKs fotballekspert gir Ada Hegerberg stempelet som tidenes spelar på kvinnesida etter 22-åringens 15. meisterliga-scoring, som i tillegg avgjorde finalen mot Wolfsburg.

Scoringa kom på ein overgang der Hegerberg enda opp aleine med keeper, og fekk eit litt sleivete treff på ballen.

– Det kan sjå enkelt ut å score i den situasjonen, men alle som har vore i den situasjonen veit kor vanskeleg det er, seier Klaveness.

Hegerberg var ekstatisk etter sitt eige 3-1-mål i kampen der Lyon til slutt vann 4-1.

– Vi er best i Europa igjen. Eg er skikkeleg stolt. Det er heilt rått!, seier Hegerberg til Viasat etter meisterligafinalen i Kiev.

– Den største i histoira

Laget er Europas beste for tredje året på rad, og sjølv om Hegerberg var relativt usynleg inntil ho scora i første ekstraomgang, meiner Klaveness at den norske spissen totalt sett har levert godt nok til å kunne kalle seg historias beste spelar.

– Om ein skal samanlikne må ein halde seg til historiske fakta, og der har Hegerberg slått rekordar og bidratt til store triumfar. I ei verd der resultat betyr alt er er Ada Hegerberg den største, seier Klaveness.

Lise Klaveness

IMPONERT: NRKs fotballekspert Lise Klaveness.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

– Styrka ut av landslagskonflikten

Hegerberg har sagt nei til å spele for Norge etter konflikt med landslagsleiinga. Etter landslagsexiten opplevde 22-åringen ein periode med støy og press.

At scoringssnittet på klubblaget har vore høgt også etter konflikten imponerer Klaveness.

– At ho skulle vere så rå gang etter gang og vere så mentalt sterk etter motgang er overraskande med einkvar person. Det er fascinerande å vere vitne til.

22-åringen har fleire titlar enn dei fleste kan drøyme om i løpet av ei karriere. Klaveness er sikker på at tittelsankinga ikkje stoppar med det første.

– Eg klarar ikkje sjå for meg at Hegerberg vil forsvinne sakte ut frå prestasjonstoppen. Ho går inn i alt med full innsats. Det vil nok bli skrive mykje om karriera hennar uansett kva retning ho tar, seier Klaveness etter Hegerbergs tredje meisterligatittel.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Frisk Asker med drømmestart

    Ti minutter ut i forlengningen pirket Mikkel Christiansen inn 4–3 og ga Frisk Asker en drømmestart på sluttspillsemifinalen i ishockey mot Vålerenga. Det neste oppgjøret i semifinaleduellen mellom lagene spilles lørdag.

    Kvartfinale NM sluttspillet i ishockey.(Lillehammer - Frisk Asker (3-4)
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
  • Ruud ute av Miami Open

    Casper Ruud åpnet forrykende, men måtte til slutt se seg slått av den canadiske 18-åringen Felix Auger-Aliassime i 1. runde av tennisturneringen Miami Open.

    Ruud tapte 6-3, 1-6, 2–6 mot spilleren som er rangert som verdens 57. beste spiller.

    Ruud.
    Foto: Lars Eide / NTB scanpix
  • Mjelde og Chelsea slo PSG

    Maren Mjelde og Chelsea vant 2–0 hjemme i det første av to kvartfinaleoppgjør i mesterligaen mot Paris Saint-Germain.

    Mjelde spilte hele kampen. Verken klubbvenninnen Maria Thorisdottir eller PSGs Andrine Hegerberg var med i sine lags kamptropper.

    Maren Mjelde.
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal