– Vi er best i Europa igjen. Eg er skikkeleg stolt. Det er heilt rått!, seier Hegerberg til Viasat etter meisterligafinalen i Kiev.
Ein fantomovergang av Lyon var det som skulle sikre Hegerberg sin tredje meisterligatittel og sitt 15. mål i turneringa denne sesongen.
Sist på ballen var Lyons norske spiss, som toppa ein snuoperasjon av dei sjeldne i første ekstraomgang.
Utvisning og fire mål på 15 minutt
Omgangen starta med stillinga 0-0 og elleve spelarar på begge lag, men på 15 minutt eksploderte kampen.
Eit skadeskutt Wolfsburg tok leiinga med danske Pernille Harder, men så blei lagvenninne Alexandra Popp utvist etter ei monstertakling.
Med ti kvinner igjen blei det tyske laget maltraktert av Hegerberg og Lyon, som utlikna, tok føringa og til slutt avgjorde med Hegerberg-scoring i ein og samme ekstraomgang.
– Ein ting er å ha ambisjonar om å vinne. Ein annan ting er å gjøre det, seier Hegerberg til Viasat.
Graham Hansen kjempa mot tårene
I den elleville ekstraomgangen var Wolfsburgs Caroline Graham Hansen (23) tatt av banen for lengst grunna skade. Graham Hansen måtte av banen i pausen som følger av ei lårhøne i den tyske cupfinalen før oppgjøret mot Lyon.
Dermed blei det aldri noko av den reine norske duellen då dramaet tilspissa seg i ekstraomgangane.
Etter kampen kjempa Graham Hansen mot tårene i intervju med Viasat.
– Eg har slitt med skaden sidan førre kamp. Frå første sprint følte eg at det nesten gjekk gale. Eg er skuffa, seier Graham Hansen til Viasat.
– Ho er ikkje alvorleg skada. Caroline fekk ei lårhøne på baksida av låret i finalen i førre kamp. Ho var usikker før kampstart. Heile låret er blått, men ho ville prøve, skriv Graham Hansens far, Petter Normann Hansen i ein SMS til NRK.
Usynleg rekordkvinne i finale som fekk teknologi-slakt
Med sitt 15. mål passerte Hegerberg tidenes meisterligatoppscorar Célia Šašić, som nådde 14 mål for Frankfurt for tre sesongar sidan.
Men inntil scoringa var Hegerberg så godt som usynleg i kampen. Til Viasat seier ho at ho aldri fekk pasningane ho ville ha i løpet av dei ordinære miutta.
Meir synlege var lagvenninne Eugenie Le Sommer, som pressa inn ei scoring i ordinær tid, men dommaren godkjente aldri målet. Reprisen viste at ballen var over mål etter Lyons heading, og kunne dermed ha avgjort meisterligafinalen etter ordinær tid.
Kampen gjekk utan mållinjeteknologi, noko landslagskaptein Maren Mjelde og ekspert Lars Tjærnås var kritisk til i Viasat-studio.
– Eg blir litt provosert. Det er 2018. Då skal vi ha mållinjeteknologi på plass, sa Tjærnås.
– Det er den største klubbkampen for kvinner, så har dei ikkje dette på plass. Ein skulle tru at dei hadde komme lengre enn dette i 2018. Vi brukte mållinjeteknologi allereie i VM for tre år sidan. Det er ingen grunn til at det ikkje skal vere her, sa Mjelde.