Utan den skadde nordmanne
i den første kvartfinalekampen i NHL-sluttspelet – til og med på heimebane.Mats Zuccarello Aasen har opparbeidd seg stor respekt i NHL, og mange er svært opptekne av korleis New York Rangers skal klare seg utan den skadde nordmannen. Hans skadefråvær blir lagt merke til av hockeyskribentane i Nord-Amerika.
– Ingen kan erstatte det Mats Zuccarello Aasen tilfører Rangers' lagoppstilling, skriv kommentator Kevin Mizera på nettstaden
.New York Rangers er rekna som ein av favorittane til å sikre seg årets Stanley Cup, og Zucca er ein vesentleg del av grunnen til det. Men sist fredag
og er – kanskje for .– Han får ting til å skje
– I den nærmaste framtida vil blåtrøyene vere utan ein av sine mest offensive katalysatorar – ein som spelar med «hjartet utanpå drakta» kvar einaste gong. Han er den spelartypen som får ting til å skje kvar gong han går ut på isen. Korleis skal Rangers erstatte han? spør Mizera.
Han nemner fleire spelarar som kan bli brukt på Zuccas plass. Først og fremst Martin St. Louis, som har vore på all star-laget i fleire tidlegare sesongar. – Men Martin har mista litt av tempoet dei siste sesongane, skriv kommentatoren.
Stort hol å fylle
Chris Kreider, Jesper Fast (som scora Rangers' mål mot Washington) og James Sheppard er namna Kevin Mizera elles nemner.
– Men ingen kan erstatte det Mats Zuccarello Aasen tilfører Rangers' lagoppstilling. Det er eit stort hol å fylle. Dei er kjent for å klare å kome tilbake, men tapet torsdag har gjort bakken litt brattare, skriv han.
Mats Zuccarello Aasen var Rangers' beste poengplukkar i førre sesong med 59. Denne sesongen har han 49. I grunnserien spela han 78 av lagets 82 kampar.
– Det var tøft å sjå han bli treft av den pucken. No blir det endå viktigare for oss andre å stå saman som eit lag. Eg håpar Mats snart er tilbake, seier Jesper Fast til Rangers' nettstad
.