Etter treningskampen mot Boston Bruins i natt slakta nordmannen eigen innsats.
– I dag var eg dritdårleg, men sånn får det bare vere. No har vi omtrent ei veke på å finne formen, seier Zuccarello Aasen.
New York Rangers vann 3-2 heime mot Boston Bruins natt til torsdag. Zucca meiner likevel at heile laget har mykje å jobbe med før første seriekamp mot Chicago Blackhawks om ei veke.
– Vi kan bli bedre på alt. Vi må opp nokre hakk dersom vi skal vere med å kjempe i toppen. Vi skal komme oss i gang, men det kjem sikkert til å vere litt rustent i starten.
Nordmannens plan
New York Rangers har vunne dei to siste treningskampane. Zuccarello Aasen, som nyleg blei speleklar etter alvorleg skade, har fått sjansen til å finne kampformen i begge oppgjøra.
I møtet med Philadelphia Flyers tysdag herja han til tider med motstandarlaget, og avslutta ofte mot mål.
Denne sesongen satsar nordmannen på å skyte meir enn før.
– Eg må prøve på det. Då må også dei på laget respektere at eg skal både skyte og sentre, ikkje bare sentre, seier Zuccarello Aasen, som bekreftar at han tidlegare har fått høyre at han skyt for lite.
Forventningspress
Hovudtrenar Alain Vigneault har nærast garantert Zuccarello i startoppstillinga mot Chicago Blackhawks i neste veke.
Denne sesongen forventar Vigneault at Zuccarello Aasen speler bedre enn nokon sinne – og tar meir ansvar på isen enn før.
Med nysignert fireårskontrakt er det naturleg at både lagleiing og styre forventar mykje av nordmannen.
– Eg forventar at eg er ein av leiarane i laget kvar kamp, og bidrar til at vi kjem oss til sluttspelet.
– Eg er kanskje ikkje den som pratar høgast i garderoben. Eg prøver heller å gå foran på isen, seier Zuccarello Aasen.
– Føler du og dei andre på laget at «no har vi vore så nære å vinne Stanley Cup. Denne sesongen må det skje»?
– Det må ikkje skje. Det handlar om å ha litt flyt. Vi har ikkje vore gode nok hittil. Vi har vore nær, men det hjelp ikkje det. Vi skal i alle fall gjøre alt vi kan.