Ein kamp prega av individuelle feil fekk NRKs fotballekspert til å reagere.
– Norge inviterte Sveits inn i kampen ved å slurve. For mange personlege feil, konkludererer ein lite imponert Tom Nordlie frå kommentatorplass i Skien.
Han får støtte av målscorar Ada Stolsmo Hegerberg.
– Altfor mykje balltap i dag også. Vi ser veldig tydeleg kva vi må jobbe vidare med, seier storscoraren.
– Rotete
Ser ein vekk frå Stolsmo Hegerbergs mål etter sju minutt, og Kristine Mindes vakre 2-1-mål, var det svært lite å glede seg over to månader før EM.
– Kampen var veldig rotete, seier Caroline Graham Hansen.
Sveits utlikna etter ein time spelt. Scoringa kom først og fremst fordi Lara Dickenmann avslutta perfekt frå 20 meter, men også fordi Norge ga frå seg ballen etter sveitsisk press.
– Slike balltap må bort, seier landslagssjef Martin Sjögren, tydeleg misnøgd med måten Norge ga vekk ballen på.
Likevel føler landslagssjefen at Norge er på veg mot EM-form.
– Definitivt. Vi tar steg for kvar samling. Relasjonsmessig ser det betre ut i spelet, men vi må jobbe med å gjøre bedre val i forsvar, seier Sjögren.
Redda av vidunder-scoring
I Skien blei landslagssjefen redda av ei praktscoring av det sjeldne slaget. Like etter Sveits-utlikninga fossa Kristine Minde i angrep etter avspark. På høgrekanten gjorde Minde alt sjølv, og leverte ballen i motsett vinkel.
Også ho meiner det er all grunn til å glede seg til EM, sjølv om Norge gjør mange feil som kan føre til tidleg EM-exit i juni.
– Det er god stemning i troppen. Vi snakka om EM i går, og personleg kjente eg at det kribla i magen, seier Minde.