Det var truleg den mest bisarre landskampen i dansk fotballhistorie. Omtalt som ein skandalekamp og ein farse av danske medier.
Men dei innleigde amatørane kjempa heroisk, og tapte berre 3–0 for Slovakia som hadde stjerner som Martin Skrtel (Fenerbache) og Marek Hamsík (Napoli) i startoppstillinga.
Danmark på si side kom med spelarar frå futsalligaen og 2. divisjon, etter at det danske fotballforbundet (DBU) og spelarane ikkje er blitt samde om ein ny landslagsavtale.
Og no vil DBU betale økonomisk kompensasjon til det slovakiske fotballforbundet for tapte billettinntekter, ifølgje DR.
– Med den beklagelege situasjonen som er oppstått er det naturleg at det slovakiske fotballforbundet skal haldast skadefrie. Vi skal finne ein måte å kompensere dei på etter kampen, seier kommunikasjonssjef i DBU, Jakob Høyer.
- LES OGSÅ: NRK-ekspert: – Så uproft som det går an.
VIKAR: John «Faxe» Jensen hadde som mål å avgrense tapet før kampen.
Foto: Radovan Stoklasa / ReutersDumma seg ikkje ut
Den slovakiske landslagssjefen, Jan Kozak raste før kampstart og kalla oppgjeret meiningslaust.
Åge Hareides vikar, John «Faxe» Jensen visste ingenting om spelarane frå før, og måtte bli kjent med kvar enkelt på flyet frå København.
Målet var å avgrense nederlaget mest mogleg. Tapsrekorden mot Tyskland på 8–0 frå 1937 stod i fare for å ryke.
Men dei glade amatørar skjemte på ingen måte bort fedrelandet.
I midten av første omgang var laget nær ei sensasjonell utlikning etter at Slovakia hadde tatt leiinga ved Adam Nemec. Så gjekk Slovakia opp til 2–0 like før pause.
Danmark stilte blant anna med ein økonomistudent på høgrebacken, venstrebacken jobbar som lærarvikar, og på midtbana spelte ein forsikringsrådgjevar.
På topp var Christian Offenberg på plass, toppscorar i andredivisjon og med tittelen «account-manager» til dagleg.
Bakarst stod Christoffer Haagh, landslagskeeper på futsallandslaget. Han redda laget frå eit større nederlag i hans største kamp i karrieren.
EVIG MINNE: Spelarane av oppteken av å forevige minnet etter kampen.
Foto: Radovan Stoklasa / ReutersFastlåst
Danmarks innleigde heldt fram med å «blø for drakta» i andre omgang, og berre eit uheldig sjølvmål av Adam Fogt gav Slovakia 3-0.
Difor blei det aldri noko skrekk-siffer, og den 81 år gamle tapsrekorden står framleis.
Søndag må dei kanskje på bana igjen i ein langt viktigare landskamp. Då ventar Wales i nasjonsligaen. Christian Eriksen og dei andre landslagsspelarane har sagt seg villige til å setje seg til forhandlingsbordet. Men det har DBU blankt avvist.
Konflikten verkar fastlåst. Dermed ser det ut til at farsen held fram. Og at Åge Hareide kanskje må ta ferie ei lita stund til.
.