Hopp til innhold

Aamodt har trua på Kristoffersens nye grep

Henrik Kristoffersen har lagt på seg sju kilo i sommar. På den måten skal han bli enda betre i storslalåm.

Henrik Kristoffersen

KLAR: Henrik Kristoffersen tar snart fatt på ein ny sesong, og er blant favorittane til å vinne verdscupen samanlagd.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Kristoffersen veg no 83 kilo. Det er sju kilo meir enn han vog på slutten av førre sesong, men det er ikkje fordi han har lege på latsida. For det å få nokre fleire kilo på kroppen var eit bevisst val.

– Det har vore eit mål lenge på ein måte. Det å gå opp i vekt. Eg har blitt litt småfeit. Eg har sett 85 som mål, meir enn det burde eg ikkje gå opp, seier Kristoffersen til NRK.

For Kristoffersen ønsker å gjere det betre i storslalåm, og mange av konkurrentane hans har vege meir enn han. Vektauken gjer at han kan få høgare toppfart.

– For min del kan det vere ei moglegheit til å vere litt meir brutal, og det kan jo hjelpe til tider, seier han sjølv.

– Eit steg i riktig retning

NRKs alpinekspert, Kjetil André Aamodt meiner det er positivt at Kristoffersen har lagt på seg. Dei sju ekstra kiloa kan utgjere ein forskjell i sesongen som kjem.

– Eg trur det er riktig, spesielt i nokon storslalåmløyper, der det kan vere til hjelp å ha litt meir kraft og muskulatur. Det gjeld også på flatene i slalåm. Eg trur det er eit steg i riktig retning for han, seier Aamodt.

Kjetil Andre Aamodt.

HAR TRUA: Kjetil André Aamodt meiner Kristoffersen gjer klokt i å legge på seg nokre kilo.

Foto: Maiken Amanda Brennås / NRK

Alpinistane startar sesongen sin i Sölden i Austerrike no på laurdag. Da er det klart for storslalåm. Aamodt trur konkurrentane verkeleg skal få noko å bryne seg på i både slalåm og storslalåm denne sesongen.

– Han var ikkje dårleg da han vog ti prosent mindre heller, men eg trur konkurrentane verkeleg skal få slite med Henrik Kristoffersen i den kommande sesongen.

– Du trur han blir enda råare?

– Ja, eg trur det. Eg trur han kan vinne enda fleire skirenn i år enn han gjorde i fjor, svarer Aamodt.

Fokuserer på det han kan vinne

I fjor kjempa han ein beinhard kamp mot landsmannen Alexander Aamodt Kilde og franske Alexis Pinturault om samanlagdsigeren i verdscupen.

VM alpint 2019 Åre storslalåm

TRIUMF: Alexander Aamodt Kilde er regjerande meister i den totale verdscupen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Kilde stakk til slutt av med førsteplassen etter at koronasituasjonen førte til avlysing av dei to siste verdscuprenna i Kranjska Gora i mars.

Denne sesongen har Kristoffersen bestemt seg for å berre fokusere på slalåm og storslalåm.

– Så langt i karrieren har det kulaste vore å vinne skirenn. Det kjem eg ikkje til å gjere i super-g og utfor med det første. Da prøver eg heller å ha fokus på dei to greinene der eg faktisk kan vinne, seier Henrik Kristoffersen til NRK.

NRKs alpinekspert, Kjetil André Aamodt meiner det er eit klokt val.

– Eg trur det er heilt riktig å fokusere på slalåm og storslalåm, mest sannsynleg ut karrieren. Forsøk å samle så mange verdscup-sigrar som mogleg, det er det du blir målt på når du er ferdig. Du har mykje større sannsyn for å vinne mykje om du fokuserer på færre greiner, seier Aamodt.

Austria Alpine Skiing World Cup

OMPRIORITERINGAR: Henrik Kristoffersen vil denne sesongen berre fokusere på slalåm og storslalåm.

Foto: Marco Trovati / Marco Trovati

Aamodt trur ikkje det at han berre køyrer to disiplinar treng å stoppe han frå å vinne totalkula.

– Han er såpass god at han kan vinne totalkula viss han har ein god sesong i dei to greinene.

Sjølv om det ser bra ut på trening om dagen, så tek ikkje Kristoffersen sigeren på forskot.

– Altså ein kan vere så rask ein berre vil på trening, men det hjelper ikkje viss ein ikkje kan få det ut i renn. Du blir ikkje verdsmeister på trening. Du blir verdsmeister av trening, avsluttar Kristoffersen.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal