– Det er heilt surrealistisk, seier Aleksander Aamodt Kilde til NRK.
FIS bekreftar i ei pressemelding torsdag at dei to verdscuprenna i slovenske Kranjska Gora er avlyst.
Dermed er han vinnar av samanlagdcupen for fyrste gong. Kilde tok over samanlagdleiinga med 54 poeng frå Alexis Pinturault da han blei nummer to på Kvitfjell sist helg.
Aamodt: – Den best trente alpinisten nokosinne
– Det har vore ein draum så lenge eg kan hugse å vinne verdscupen samanlagt. Eg veit ikkje heilt kor eg skal gjere av meg sjølv nå. Eg treng nok litt tid på å forstå det, fortel ein svært glad Kilde som nå er tilbake i Noreg.
NRKs alpinekspert Kjetil André Aamodt meiner Kilde er ein svært verdig vinnar av verdscupen, trass i dei avlyste renna.
Alexis Pinturault, Aleksander Aamodt Kilde og Henrik Kristoffersen har hatt ein tøff kamp gjennom heile sesongen. Til slutt enda franskmannen 54 poeng bak.
Foto: GEORG HOCHMUTH / AFP– Sjølvsagt er han ein verdig vinnar. Han har flest poeng. Ingen tvil om at det er velfortent. Å vinne verdscupen samanlagt er det største for ein alpinist. Vinn du den er du verdas beste alpinist den sesongen. Det er det alle strevar mot, seier Aamodt.
Han meiner me aldri har sett ein betre trent alpinist enn det 27-åringen frå Lommedalen er.
– Han er kanskje den best trente alpinisten nokosinne. Han er seriøs og trenar knallhardt kvar einaste dag. Han har stått på i mange år og det har gått litt opp og ned siste sesongane. Det er utruleg gøy at han vinn nå, seier Aamodt.
Kjetil André Aamodt er svært imponert over sesongen til Aleksander Aamodt Kilde.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpixÅtte pallplassar
Sist Noreg vann verdscupen samanlagt var da Aksel Lund Svindal vann i 2009.
Kilde har berre ein verdscupsiger i år frå super-G i Saalbach, men har åtte pallplassar og har vore svært jamt med i toppen gjennom heile sesongen.
– Det er ei god kjensle. Det har vore ein bra sesong. De er synd at me ikkje får avslutte på ein riktig måte slik sesongen eigentleg skulle vore. Men i botn er folks helse det absolutt viktigaste her. I den samanhengen blir idrett andre prioritet, seier Kilde og legg til:
– For min del må eg hugse på at det har vore ein veldig bra sesong. Og eg må glede meg over det eg har klart å prestere til nå. Eg er utruleg fornøgd over det eg har klart å prestere.
Kristoffersen vinn to cupar
Kilde har kjempa ein hard fight mot franske Alexis Pinturault og Henrik Kristoffersen om krystallkula. Kristoffersen enda på tredjeplass, men får likevel krystallkuler.
Med helgas avlysing er 25-åringen vinnar av både slalåm og storslalåmcupen. Kristoffersen var berre to poeng framfor Clément Noël i slalåmcupen og seks poeng framfor Pinturault i storslalåmcupen.